Hopp til hovedinnholdet

Jord er ikkje jord

våronn_stavanger_foto_sirisvendgardstokke_nibio_cropped

Våronn i Stavanger. Foto: Siri Svendgård-Stokke.

For folk flest er det nok slik, at jord er jord. Men alt frå barnsbein av veit vi at jorda ein stad er leire, andre stader er svart mold eller raud og spennande. Spelar det nokon rolle? Ja, det gjer det, og vi treng utfyllande kunnskap om jord.

Dermed gjekk vegen til ein jordkartleggjar i NIBIO, Siri Svendgård-Stokke. Ho veit mykje om jord. Vi når henne på telefon frå Stavanger. For tida er ho der med teamet sitt på feltarbeid.  Meter for meter skal dei kartleggje  jordtypar og -eigenskapar , kor dei ulike typane finst og i kva omfang.  Heildekkande kartlegging, heiter dette.

- Her er overraskande mange og fine samanhengande jordbruksareal med god og fruktbar jord, seier Siri Svendgård-Stokke. Klimaet er og svært gunstig for planteproduksjon.

Kommunen har på denne måten gode naturlege føresetnader for å gi positive bidrag til den nasjonale matproduksjonen, meiner ho.

2_sirisvendgardstokke_foto_asbjørngangstad_nibio_cropped.jpg
Siri Svendgård-Stokke. Foto: Asbjørn Gangstad.


Verdien av kunnskap om jorda

Eit tilsvarande arbeid som no pågår i Stavanger, og i Hå, vart i fjor gjennomført i Randaberg kommune, og  i fleire andre kommunar i landet. Slik jordkarlegging har blitt utført på 5 200 km2 av landets jordbruksareal.  Det er primært jordbrukskommunar som ønskjer denne typen kartlegging.  Noko som kan vere forståeleg nok, ifølgje jordkartleggjaren:

- I vekstkommunar med mykje jordbruksareal, er det ikkje til å unngå at det bli spørsmål om å vurdere bruk av matjord til utbygging, fortel  Svendgård-Stokke.

- Da er det viktig for dei som skal ta avgjerdene å ha best mogleg grunnlag for å ta informerte val, som det heiter. Må ein først ta av dyrka mark, bør ein jo ta av den jorda med minst verdi.

Slik kjem jordkunnskapen til nytte i utgreiings- og planprosessar, og ved prissetting av jordareal for sal eller utleige. 

Gjennom auka bruk av leigejord, følgjer og aukande behov for jordsmonndata. Dette fordi kunnskap som tidlegare følgde med arv og odel til den neste i rekkja til å drive, no forsvinn ut av familien. Da må informasjon som trengs til planlegging og drift kunne hentast  frå andre kjelder.

Aktuelt eksempel

Nyleg har Fylkesmannen i Rogaland varsla overprøving av tre vedtak om kjøp av jord i Randaberg fordi kjøpesummen ‘kan synast høg i høve til gjeldande retningslinjer for prisvurdering av landbrukseigedom.’

- Her trengs det eit einsarta og fagleg vurderingsgrunnlag, seier Anne Grethe Bø Cazon, landbruksansvarleg i Randaberg kommune.

Det høyrer til dei kommunale oppgåvene å verdivurdera landbrukseigedomar.  I dei tre sakene råda kommunen politikarane til å seie nei til kjøpsavtalane mellom partane fordi ein vurderte avtalt pris som for høg ifølgje gjeldande praksis og regelverk.

- Data frå jordkartlegginga til NIBIO er svært nyttige for å kunne vurdere avkastningsverdien på jorda, seier Cazon. I slike spørsmål treng vi å støtte oss på fagkunnskap.

- Det må vere potensialet i jorda som avgjer verdien og prisen, ikkje det ein ser av aktivitet ‘oppå jorda,’ legg ho til.

Eksemplet frå Randaberg, og det som skjer vidare der, vil vere viktig for vurderinga av tilsvarande spørsmål andre stader. Då kjem det vel med å ha fagfolk som kan gi data å tufte vurderingane på.

- Jordkartlegginga i Randaberg viser at jorda i kommunen ikkje er einsarta. Ho bør derfor heller ikkje handsamast som om ho er det, kommenterer jordkartleggjar Siri Svendgård-Stokke.

randaberg 19102015_sirisvendgårdstokke.jpg
Grønsakåker i Randaberg. Foto: Siri Svendgård-Stokke.

Ein pressa ressurs

Dagleg er jord sett under press av utvikling og utbygging. Noko jord går ut av produksjon, anna forsvinn for godt under asfalt og betong. Den ressursen naturen har brukt tusenvis av år på å lage, kan vere vekke i løpet av ein byggeperiode.

Jordsmonn er sett saman av mineral og nedbrotne plantar, luft og vatn. Jordas eigenskapar blir skapt av samspelet mellom klima, topografi, berggrunn, plantar, dyr og menneskeleg aktivitet på staden der ho er. Eigenskapane  avgjer kva plantar som trivst, og kva produksjon ho er eigna til.

- Den beste jorda for matproduksjon i Noreg har brukt tid på å opparbeide seg dei gode eigenskapane, reflekterer jordkartleggjar Siri. Da er det viktig at det blir tatt kloke, kunnskapsbaserte avgjerder om korleis vi gjer bruk av jordressursen.

- Vi må ha omsorg for molda, var det ein som sa. Det er noko vi som samfunn gjerne kan ha som rettesnor, legg ho til.

Fakta

  • NIBIO har det nasjonale ansvaret for kartlegging av jord på dyrka mark
  • Jordkartlegging stadfester og dokumenterer dei stabile, grunnleggjande eigenskapane til jorda i tråd med standardisert, internasjonal metodikk. 
  • Resultata frå denne kartleggjinga er tilgjengelege i kartportalen Kilden
  • Utvikling av jordsmonn går så sakte at det må sjåast på som ein ikkje-fornybar ressurs
  • Matjord er ofte under press når utviklinga går sin gang


Relevante lenker

Jordsmonnkartlegging

Livet i jorda

Jordflytting

Eksempler på ulike kartleggingsmetoder

Jorda i Vestvågøy – (heldekkende kartlegging)

Jordsmonnstatistikk fra Møre og Romsdal – (utvalgskartlegging)

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.