Hopp til hovedinnholdet

Hekta på orkideen søstermarihand

20190522-OSP-8508_søstermarihånd-slåtteeng_Ambjørndalen_Hjartdal_Telemark_cropped

Slåttemark med søstermarihand på Ambjørndalen i Hjartdal i Telemark. Området er ein del av Noregs utvalde kulturlandskap. Foto: Oskar Puschmann

Mykje er spesielt med orkideen søstermarihand. Mellom anna er han ein spesialist på å tiltrekke seg insekt. Men han er og sårbar for endringar, og treng i dag særskild omsorg når jordbrukslandskapet endrar seg.

I Noreg finst vel 40 orkidéartar, mengda på verdsbasis er fleire tusen. Orkideane er blant verdas største plantefamiliar, med nesten 900 slekter og 22-25 000 artar.

Av dei norske artane er søstermarihand spesifikt knytt til gamal slåtteeng. Han er døme på planter som drar nytte av eit landskap skapt av beitande husdyr og slått.

Naturleg habitat for søstermarihand er lysopne stader i skogen, eller bratte skråningar med rasmark. Blomen er så blitt ein del av det menneskeskapte kulturlandskapet – prega av jordbruk på gamaldags vis. For å overleve og formeire seg er søstermarihand avhengig av at gamal kulturmark blir skjøtta.

Søstermarihand trivst i ugjødsla slåtte- og beitemark, og er viktig for artsrikdomen i slåtteeng. Ho er og ein verdfull del av vår natur- og kulturarv.

Arten er i dag på den norske rødlista fordi han er sårbar, og han er freda etter Naturmangfaldlova.


Lite bløming i år

Søstermarihand finst i eit lite område vest på Austlandet: I Telemark og nokre stader i Agder, Buskerud og Vestfold.

Nyleg kom NIBIOs fotograf Oskar Puschmann tilbake frå Hjartdal i Telemark med bilder av blomstrande søstermarihand.

Bilda viser langt færre blomar denne våren enn bilder frå same plassane tidlegare år. NIBIO-forskar og biolog Ellen Svalheim, kjenner godt til den svake bløminga i år. Ho fortel om rundt ein tredel så mange blomstrande individ samanlikna med tidlegare.  

– Det er usikkert kva grunnen er, men tørkesommaren i fjor kan vere ein del av forklaringa. Plantene visna rett og slett tidleg utan å ha fått tid og væte nok til vekst, og til å lage opplagsnæring for neste års bløming, seier ho.

– Som blomar flest, treng dei vatn og lys for å kunne produsere sukker og næring. I fjor fekk dei ikkje nok vatn til vekst av bladmasse, og fekk derfor heller ikkje laga næring å føre tilbake til knollen som sørger for neste års blom.

I tillegg til at fjoråret var prega av tørke, kom det i år 5-10 cm snø akkurat i bløminga. Det kan og ha ført til færre blomar fordi nokon av dei rett og slett aborterte som følgje av veret.
 

Rødknapp med humle_Foto Dan Aamlid NIBIO
Rødknapp med humle. Foto: Dan Aamlid

Lurer insekta

Når orkidéentusiastar snakkar, er det lett å forstå at blomen for mange er både hobby og lidenskap. Om Ellen Svalheim er ein av desse, veit vi ikkje, men ho er i alle fall svært opptatt av orkidear, og spesielt av søstermarihand.

– Orkidear har nokre av dei flottaste eksempla på tilpassing i naturen ein kan tenke seg. Og søstermarihand er veldig spesiell. Til dømes er pollineringa fascinernade avansert, fortel biolog Svalheim.

– Samspelet mellom blom og insekt er så finsleg innstilt at det er heilt fantastisk.

Svalheim skildrar korleis insekta blir lurte til å hjelpe med pollineringa, sjølv om søstermarihand ikkje har nektar. Blomstringa skjer tidleg på våren, i april – mai. Da er det mindre konkurranse om merksemda frå pollinerande insekt frå andre blomstrande planter.

Den vakre blomen freistar insekta til besøk, og får på denne måten hjelp til å spreie pollen frå ein plante til den neste.

– Spesielt er visstnok humledronningar nyttige. Tidleg i sesongen har dei ikkje erfaring, og let seg lure til å tru at den vakre blomen har nektar å tilby.

– Gong på gong kan humla likevel besøke blomen, men altså utan resultat, ler Svalheim.  

Også sjølve pollenoverføringa er eit finjustert samspel. Svalheim skildrar pollenknappar (polliniar) som fester seg til insektet ved hjelp av naturleg borrelås . På veg frå ein blom til den neste vil dei kølleforma pollenknappane bikke bratt nedover, akkurat i rett vinkel til at pollenet treff arret på neste blom. 

Fordi insekta ikkje får noko gevinst av å hjelpe søstermarihand med pollineringa, er det viktig at det finst andre plantar i nærleiken som insekta kan hente mat frå.
 

Ingvill Buen Garnås_9407_Foto Ellen Svalheim
Ingvill Buen Garnås er leiar av Kulturlandskapssenteret i Telemark, og ein aktiv formidlar av verdiane i jordbrukets kulturlandskap. Også ho har stor kjærleik for søstermarihand og kulturmarka som blomen er avhengig av. Foto: Ellen Svalheim

Skjøtsel er avgjerande

Søstermarihand er svært lyskrevjande og derfor følsam for endring i lystilgang, som når slåttemark går ut av bruk og landskap gror igjen. Han er og sårbar for konkurranse frå andre, større plantar.

Ingvill Buen Garnås er leiar av Kulturlandskapssenteret i Telemark, og ein aktiv formidlar av verdiane i jordbrukets kulturlandskap. Også ho har stor kjærleik for søstermarihand og kulturmarka som blomen er avhengig av.

– I Telemark har vi over fleire år lagt til rette for å ta vare på gamal kulturmark. Mange grunneigarar og andre har lagt ned mykje arbeid i å ta vare på verdiane som ligg i det gamle jordbrukslandskapet.

Garnås fortel om arbeid på fleire kantar og stor interesse for å ta vare på dei gamle verdiane. Ho legg spesielt vekt på kor viktig det er at dei aktive gardbrukarane er med på laget. Formidlingsarbeid og skjøtselsplanar har vore sentralt for engasjementet blant folk.

– Eg har laga sikkert hundre skjøtselsplanar, og kun møtt positive grunneigarar. Planane deler mellom anna kunnskap om korleis ein kan ta vare på artsmangfaldet som finst i utgåtte slåtteenger og i restane av gamalt kulturlandskap, seier ho.

 

Om bruk og beite

Skjøtselsplanane inneheld råd om kor ofte og korleis ein bør slå, om ikkje å gjødsle og om å ta vare på høyet slik at all næring blir hausta ut av enga.

– Slik får ein gode forhold for ein lyselskande plante som søstermarihand, som lett blir utkonkurrert av andre plantar om det blir gjødsla, eller enga får stå å gro igjen, seier Garnås.

Ideelt sett skulle all gamal slåtteeng blitt slått på seinsommaren og så vore etterbeita. På ulendte stader er det  i praksis no ofte berre beitedyr som held slåttemarka open.

– Søstermarihand er tidleg ute med bløminga og toler beiting av dei fleste dyreslag, berre beitetrykket ikkje er for høgt.

– Anna slåttemarksflora vil i motsetjing lett gå ut om enga blir beita av sau gjennom sommaren. Han vel ut «godbitane» og enga vil bli meir grasdominert. Etterbeite er uansett alltid eit stort pluss for å ivareta artsmangfaldet, avsluttar ho.

 

20190522-OSP-8559_OG_2011-IngvillBuenGarnås_søstermarihånd_UKL_Blika-Øvre-Laukreini_Hjartdal_Telemark.jpg
Blømande søstermarihand i slåtteeng på Blika i Hjartdal, Telemark. Bildet er tatt på same stad og tid på året, ulike år - 2011 og 2019. Årets bløming var langt mindre enn vanleg. Foto: Oskar Puschmann
Ord

Arr – er den øvste delen av fruktemnet i ein blom skal motta pollen.  (Store norske leksikon)

Symbiose – er tett samliv mellom organismar av ulike artar. (Store norske leksikon)

Foto Gunhild Geirsta.jpg
«Søstermarihånd er en orkidé som i Norge kun finnes i et mindre område i Sørøst-Norge. Denne marihåndarten er umiskjennelig i Norge ved at den har gule blomster. I Europa ellers har bestandene av arten også rosarøde individer. Det er trolig dette at arten finnes i to fargevarianter som har gitt opphav til det norske navnet. Søstermarihånd er freda i Norge og vurdert til «sårbar» (VU) i Rødlista. Søstermarihånd er fylkesplante for Telemark. Søstermarihånd blomster fra vår til forsommer.» (Store norske leksikon) Foto: Gunhild Geirsta
Livsviktig soppsymbiose

Ei anna fascinerande side ved orkideane er fenomenet sopprot – kalla mykorrhiza av biologar. Sopprot er ein symbiose mellom ein plante og ein sopp.  Symbiosen er viktig for veksten til mange orkidear, og for mange andre planter i mange økosystem.

Svalheim fortel om den finurlege symbiosen som både plante og sopp er avhengige av for å overleve: 

– Søstermarihand har to tjukke og klumpete rotknollar som ofte manglar rothår. Med sånne røter skulle ein tru det var vanskeleg for planten å få nok tilgang på vatn og næring. Det hadde det også vore, om ikkje det var for soppen som lever inni bestemte celler i røtene.

– Soppen strekker seg ut i jorda omkring, og fungerer som rothår som sug opp vatn og næring. Det meste av næringa gir soppen til vertsplanta. Så får han sjølv tilbake sukker som orkideen lagar av sollys og fotosyntesen. Sukkeret er næring for soppen, men han kan ikkje laga det sjølv.

Ljåslått_Anette Tjomsland.jpg
Søstermarihand er svært lyskrevjande og derfor følsam for endring i lystilgang, som når slåttemark går ut av bruk og landskap gror igjen. Han er og sårbar for konkurranse frå andre, større plantar. Foto: Anette Tjomsland

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.