Hopp til hovedinnholdet

Forskar på klimatilpassing i landbruket

ef-20110913-114320_oversvømt_korn

Korndyrking i Noreg forutsetter at veret i innhøstingsperioden er relativt stabilt for at kornet kan bli høsta og kvaliteten god. Usikkerheiten blir større for kvart år. Foto: Erling Fløistad.

Det europeiske forskingssamarbeidet MACSUR har som mål å hjelpe land i Europa å forberede og tilpasse seg klimaendringane. Som ein del av prosjektet er forskarar frå NIBIO med å utvikle modellar og kartlegge utsiktene for matsikkerheit i framtida både her heime og ute i Europa.

Over heile verda forsøker forskarar, bønder, landbruksbedrifter og myndigheter å gjere dagens jordbrukssystem meir klimasmarte. Dette er naudsynt om ein skal kunne brødfø ei aukande befolkning. Nokon fokuserer på korleis landbruket i dag kan bli meir tilpassingsdyktig. Andre ser lenger fram i tid for å finne ut kva slags store endringar som må til.

Samarbeid mellom europeiske forskarar

I det europeiske samarbeidsprosjektet MACSUR har europeiske planteforskarar, husdyrforskarar og økonomar komen saman for å finne løysingar på klimautfordringane landbruket står ovanfor, mellom anna gjennom å utarbeide modellar som tar for seg korleis klimaendringane vil påverke planteproduksjon, husdyrproduksjon og handel og økonomi.

- Prosjektet omfattar europeiske forskarar med bakgrunn frå ulike fagområde som går saman i eit felles modelleringsmiljø for å studere effektar av eit endra klima på landbruk og matproduksjon lokalt, regionalt og på europeisk nivå, fortel Lillian Øygarden, forskingsleiar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Ho koordinerer den norske innsatsen i dei tre forskarnettverka i MACSUR.

Ut i frå dette prøver ein å utarbeide modellar for matsikkerheit. Slik informasjon er særs viktig for at politikarane i europeiske land skal kunne ta viktige avgjersle om tilpassing av europeisk matproduksjon til eit endra klima.

Øygarden forklarar at prosjektet er finansiert av nasjonale instansar, og mengda og bruken av midlane er regulert på nasjonalt nivå. I Noreg har Norges Forskingsråd lagt inn 3,5 millioner per år. Desse pengane skal også brukast til å sjå nærare på produksjonsmoglegheitene i Noreg i framtida når det gjeld klimaendringane sin påverknad på husdyrhald og avlingar, slik at vi er betre rusta til å møte utfordringane.

I startfasen

Når det gjeld planteproduksjonen fortel forskar Mats Höglind frå NIBIO at klimaendringane vil kunne påverke både vekstsesongen og avlingspotensialet. Samstundes kan vi få endringar i ugras- og sjukdom  og skadedyrbilde.  Høgare temperatur kan gje høgare avling og fleire innhaustingar, men auka nedbør kan påverke innhaustingsmoglegheitene, dreneringsbehovet og gje norske bønder større utfordringar med jordpakking og køyring på areala.

Forskarane trur ikkje matvaresikkerheita for norske hushaldingar står i fare, men Øygarden meiner at vi fortsatt ikkje veit nok til å gje eintydige anbefalingar om korleis norsk landbruk bør tilpasse seg klimaendringane.

- Vi er heilt i startfasen på klimatilpassing her i Noreg. Vi har byrja å modellere for ein del plantevekstar og sjå på genetiske forhold for framtidas plantemateriale, fordi vi treng vekstar som kan tilpasse seg klimaet, seier Øygarden. Men dette arbeidet kan ta fleire tiår, påpeikar ho og legg til at forskarane også ser på kva slags tiltak som kan vente og kva vi må gjere no. Vi treng tilpassa planteforedling, men også agronomiske tiltak.

ef-20060831-085944_vått_korn.jpg
Ein fuktig høst kan være heilt ødeleggande for ein god kornavling. Foto: Erling Fløistad / NIBIO.

Naturleg samarbeid

Øygarden seier det er naturleg å samarbeide internasjonalt om klimaspørsmål. I MACSUR samarbeider partnarar med liknande klimaforhold og produksjonsmåtar. Nokon er komen lenger på enkeltområder, då kan andre hente kunnskap frå denne.

Eit område det forskast på i Noreg er plantevekstmodellar på gras og korn - og korleis klimaendringane med vekslande vinterforhold og auka nedbør vil påverke overvintring av graset, kvaliteten på graset og avlingane til husdyra.

Hӧglind fortel at den norske grasmodellen LINGRA også inngår i eit nordisk modellsamarbeid for å finne eigenskapar hos gras som gjer god overvintring og stabile grasavlingar i eit endra klima i framtida. Han har leia arbeidet med å tilpasse denne modellen til den nordiske regionen i Europa, som har stor variasjon i agroklimatiske forhold. Norsk datagrasmodellering har gjennom prosjektet også blitt brukt av finske forskarar i studiar av tilpassing i  jordbruket i Finland. Han fortel vidare at for korn har dei også studert optimal sådato for vårkorn i eit våtare klima i framtida.

Internasjonal interesse

Forskarane i MACSUR studerer også korleis dei forventa endringane for fôrdyrking vil påverke produksjon av kjøt og mjølk, og utslipp av klimagassar frå kyr. Odd Magne Harstad, faglig leiar og professor ved NMBU, fortel at forskarane gjennom prosjektet er opptekne av studiar på gardsnivå  og at dei deltek med gardsmodellen HolosNor i det internasjonale samarbeidet.

NMBU studerer også dyrehelse og utslepp av metangass i husdyrproduksjonen. Ifølgje forskar  Seyda Ӧzkan ved NMBU  viser den pågåande studien klåre effektar av dyrehelse på klimagassutslepp, og at betre helsestatus for mjølkekyr kan ha vesentleg effekt for å redusere klimagassutslepp per produsert einheit. Noreg har gode data frå husdyrproduksjon og dyrehelse og desse resultata har vekt internasjonal  interesse.

Ikkje krise i sikte med dagens verkty

- Spørsmål knytt til globale forhold, internasjonal handel og forbruksmønster, matvareprisar og politiske avgjersle, vil også ha stor betyding i arbeidet med modellar for klimatilpassing i landbruk og kosthald, fortel Øyvind Hoveid, modelleringsforskar ved NIBIO.

- I framtida vil det kanskje vere umogeleg å fø heile verda med matsetelen vi har no, men det er stort rom for å endre den over tid. Denne dimensjonen var ikkje inkludert i prosjektet frå starten, men er no med, seier Hoveid.

Forskarar i eit anna nettverk, AgMIP, har mellom anna sett på prognosar for produksjon og matbehov i 2050 for å kartlegge korleis utsiktene ser ut. Resultata så langt tyder ikkje på noko nær matvarekrise i verda.

ef-20060821-211513_mørke_skyer.jpg
Å spå om framtida i landbruket har mange usikre variabler, veret er ein av dem. Foto: Erling Fløistad / NIBIO.

Stor usikkerheit

På den andre sida veit vi at matvareprisane på verdsmarknaden er temmeleg ustabile. Om verdas bønder er uheldige med veret i to år på rad, kan det bli høge prisar, noko som er ille for den fattigaste delen av verdas og Europas befolkning. Både produksjon og forbruk vil kunne endrast på litt lenger sikt, men det er viktig med strategiar for matvarehjelp i tilfelle slike kortvarige kriser skulle kome.

Problemet med matsikkerheit er at produksjonen er usikker. Både i Noreg og Europa kjøper ein inn det ein treng frå andre land dersom egen produksjon skulle svikte, men når det er svikt i produksjonen i hele verda, har nokon eit problem.

Når bonden skal velje vekst og sort, må han både ta omsyn til veret som har vore og veret som kan kome. Det som har vore, avgjer om jorda er lagleg. Det som kan kome, avgjer kva slags vekstar og sorter som kan verte hausta. Naturforholda vil alltid spele ein stor rolle for resultatet. Bonden veit ikkje kva han vil få før han haustar ‒ sjølv om han i visse tilfelle kan betre resultatet noko med sprøyting, gjødsling og vatning.

Denne fundamentale usikkerheita ved biologisk produksjon er det ikkje teke omsyn til i dei store økonomiske landbruksmodellane. Dei støttar seg til den tanken at bonden veit kva han haustar når han sår, men det er ikkje slik det eigentleg går føre seg.

- Biologisk produksjon tek dessutan etter måten lang tid og er med på å skape svingingar i verdsøkonomien. Poenget er altså at det er ei usikkerheit i det verkelege som modellane ikkje viser, seier Hoveid.

ef-20140609-112343_høsting_av_gras.jpg
Høsting av gras og andre landbruksprodukter forutsetter godt og tjenelig ver. Usikkerheiten er stor. Foto: Erling Fløistad / NIBIO.

I utgangspunktet finst det mange vekstmodellar innafor planteforsking. Desse viser korleis planter veks frå dei er sådd og fram til hausting, og er utarbeidd frå svært detaljerte forsøksresultat. Slike modellar kan både bringe fram resultat for storleiken av usikkerheita, og vise korleis ho kan endras med nye sortar og nye dyrkingsmåtar. Slik kunnskap må tas inn i dei økonomiske modellane. Dette gjer arbeidet i MACSUR og NIBIO særs viktig.

Hoveid fortel og at dei neste to åra vil dei norske  deltakarane i MACSUR jobbe saman om ei norsk regional pilotstudie om effekten av endra klima på norsk matproduksjon. Her vil ein integrere det modellarbeidet som er satt i gang om planteproduksjon, husdyrproduksjon og økonomi. Dette arbeidet vert leia av forskar Klaus Mittenzwei, økonom i NIBIO.

Fakta MACSUR

For å få eit samla bilde av framtidige utfordringar og moglegheiter knytt til matproduksjon, har ein sett i gang prosjektet MACSUR (Modelling European Agriculture with Climate Change for Food Security).

Hovudmålet for prosjektet er å utvikle og bruke modellar til å vurdere risiko og undersøkje kva slags effektar klimaendringane kan ha på europeisk landbruk. Dette er naudsynt for at matproduksjonen kan tilpassas endra klimaforhold. 

MACSUR skal vere eit knutepunkt for kunnskap som kombinerer framifrå forsking om bruk av modellering av: Plantevekst (gras, korn, beite), avlingar og kvalitet, husdyrproduksjon, klimagassutslipp av ulike produksjonar, effektar frå  skala med jorder, gardar og ut i større landskap og til  handelen med landbruksvarer. Dette skal illustrere for politiske avgjerdsstakarar korleis klimaet vil påverke regionale driftsformer og behovet for tilpassing av matproduksjon i Europa. Arbeidet er organisert i tre internasjonale nettverk: Planteproduksjon (Crop), husdyrproduksjon (Livestock) og handel og økonomi (Trade).

Prosjektet er organisert som eit knutepunkt for kunnskap innan klima, matproduksjon og matsikkerheit og skal vere eit nytt finansielt og organisatorisk instrument for å gjere landbruket i Europa meir klimarobust.

For å nå dette målet har MACSUR sett i gong ei rekkje aktivitetar inkludert metodiske samanlikningar av modellar og bruk av resultat frå desse, involvering av interessentar, europeiske kurs for opplæring av unge forskarar, forskarutveksling  mellom ulike land. Det vert arrangert ein rekke internasjonale seminar og workshoppar og Norges Forskingsråd har gjeve finansiell stønad til  slike arrangement.

I dag omfattar prosjektet 70 institusjonar frå 18 europeiske land. NIBIO har både planteforskarar og økonomar med i prosjektet. Norske husdyrforskarar frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) tek også del.

Prosjektet byrja i 2012 og var i utgangspunktet eit treårig prosjekt, men har blitt utvida med to år til.

 

Kontaktpersonar

I perioden 2015- 2017 er dette dei norske kontaktpersonane:

Modellaring av planteproduksjon (CropM ):
Mats Hӧglind

Modellaring av husdyrproduksjon (LiveM):
Laila Aass

Modellaring av økonomi og handel (TradeM). Klaus Mittenzwei

Koordinering av det norske  konsortiet i MACSUR. Lillian Øygarden 

 

Les meir:
Du kan lese meir om MACSUR her: www.macsur.eu

Brosjyre:
Du kan laste ned brosjyre om norske bidrag til MACSUR

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.