Fangstplanter kan hjelpe mot billetrøbbel

Fra feltforsøk med vårraps med ulik blomsterfarge. Rapsglansbillene foretrekker oftest blomster med lys farge.

Fra feltforsøk med vårraps med ulik blomsterfarge. Rapsglansbillene foretrekker oftest blomster med lys farge. Foto: Unni Abrahamsen.

Oljevekstar dyrka i Noreg kan vere med å erstatte brasiliansk soya i dyrefor og å hjelpe fram korndyrkinga. Men små rapsglansbiller med aukande resistens mot sprøytemiddel har vore eit hinder for større produksjon. No vil forskarane lure småkrypa med kvite rapsblomar og fangstplanter rundt åkeren.

I Noreg er det ein aukande etterspurnad etter raps, rybs og andre oljevekstar. Det er stort rom for å dyrke meir protein her til lands og redusere behovet for import av mellom anne soya til kraftfôr. Dessutan kan oljevekstplanter brukast til vekstskifte i kornproduksjonen, noko som vil betre lønsemda.

Men det er gjort lite forskingsarbeid for å skreddarsy dyrking av raps og rybs etter norske forhold. I dag blir desse plantene dyrka på rundt 40 000 dekar. Dette er berre knapt to prosent av kornarealet, så potensialet er stort.

Fram til no har ei lita bille vore med og setje ein brems på dyrking av oljevekstar i Noreg. Syndaren heiter rapsglansbille og finst i heile landet utanom Finnmark. No vil forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) prøve nye strategiar for å redusere verknaden av desse skadegjerarane.

ef-20150630-142437.jpg
Forskar Gunda Thöming studerer skade på vårrapsplanter. I dette feltet blir det ingen blomar. Billene har spist alle knoppane. Foto: Erling Fløistad.

Gjer stor skade

“Rapsglansbiller er eit av dei viktigaste skadedya på oljevekstar og ein av fleire grunner til at vi har beskjeden oljevekstdyrking her til lands,” seier Gunda Thöming frå NIBIO. Ho er ein av forskarane som arbeider med prosjektet BRAKORN, som har som mål å optimalisere dyrkinga av våroljevekstar i Noreg.

Ho fortel at den vesle billa angrip både raps og rybs og kan dessutan gjere skade i andre korsblomstrande frøkulturar. Småkrypa et både knoppar, skulper og blomar. Dei spede knoppane blir uthola og fell av, og ved sterke angrep blir det få skulper tilbake på plantene.

Ei av dei store utfordringane dyrkarar har hatt i seinare år, er at rapsbillene har utvikla resistens mot sprøytemiddel. No prøver NIBIO ut alternative plantevernmetodar for å redusere mengda skadegjerarar, og som kanskje vil kunne gi ei meir langsiktig løysing på resistensproblematikken.

oljevekster 2015 063.JPG
Vårraps med kvite blomar. Foto: Unni Abrahamsen.

Kvite blomar

Ein av strategiane er å leie rapsglansbillene bort frå rapsåkeren ved å prøve ut ein rapssort med kvite blomar som er mindre tiltrekkande for billene enn gule blomar.

“Billene finner vertsplantene sine, slik som oljevekstar, ved hjelp av spesielle luktstoffer og den gule fargen - då er det spesielt på knoppane og tidleg blome det er snakk om. Dei er svært fargesensitive og det gjer ein stor forskjell for dei om blomen er gul eller kvit.

“Dette kan vi utnytte  i ein motstandsstrategi. Det vi gjer er at vi dyrkar ein gul blome av raps kombinert med ein rapssort som har kvite blomar. Dei gule blomane er dyrka som ei ramme rundt åkeren

“Då vil den gule blomen bli meir tiltrekkjande på feltet og billene vil kanskje stoppe opp der. Vi vil da sjå om dette reduserer angrep.

“Ein annan strategi er å plante ein rybs som blomstrar veldig tidleg som fangstplant rundt kanten av rapsåkeren. Ideen er at vil då berre vil ha rapsglansbilleangrep i denne kanten, og at det berre vil vere naudsynt å sprøyte på kanten og ikkje i heile feltet,” forklarer ho.

“Slik kan ein heilt eller delvis unngå bruk av insektmiddel i vårraps.”

Thöming fortel at det er gjort liknande forsøk i Danmark med gode resultat.

“Dette har vore ein strategi i Danmark. Vi vil sjå om dette fungere også tilpassa norske forhold,” seier forskaren.

ef-20150630-150447.jpg
Rapsglansbiller angrip blomsterknoppane. Foto: Erling Fløistad.

Vekstskifte

Ein viktig grunn til at det no er ynskjeleg å satse på oljevekstar som raps og rybs, er at det kan ha ein positiv påverknad på kornproduksjonen.

Avlingane i norsk korndyrking har stagnert i dei seinare åra. Forskarane meiner dette mellom anna skuldast skadeleg jordpakking og avgrensingar på jordarbeiding. Ulike sjukdomar på kornet reduserer avlinga og fleire av desse kan overleve i jorda om vinteren.

Det har også vore store problem med sopp som kan gje mykotoksiner i kornet. Om det ikkje berre vert dyrka korn på åkrane, men blir veksla mellom korn med oljevekstar, kan det løyse fleire problem. Rota til rapsplanten er så djup at ho vil kunne løyse opp jorda, og eit kvileår med raps vil kunne sanere bort soppsmitten i åkeren.

“Vi meiner gode agronomiske tiltak, som betre vekstskifte, vil auke robustheita i korndyrkinga. Eit år med oljevekstar, som raps og rybs, kan bidra til å sanere sjukdomar i korn og har positiv effekt på struktur og næringstilstand i jorda, seier NIBIO forskar Wendy Waalen som leiar prosjektet.

KONTAKTPERSON
Fakta

Rybs (Brassica rapa) og Raps (Brassica napus) er planter i korsblomstfamilien.

Rapsglansbille Brassicogethes aeneus (synonym: Meligethes aeneus) er problematisk fordi den ødelegger blomstene på raps og andre korsblomstrede planter. Voksne biller er 2-3 mm lange og glinsende svartgrønne.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.