Dramatisk endring i plantelivet på fjelltoppane
NIBIO-forskar Jutta Kapfer i felt på Svalbard der ho kartla fjellet Vesuv (741 moh.) saman med prof. John-Arvid Grytnes frå UiB. Botanikaren Olaf I. Rønning kartla plantene på dette fjellet i 1957, og fann da tre artar. I 2009 var talet blitt 13.
Foto: Jessica Abbott
Talet planteartar på europeiske fjelltoppar auka fem gongar meir i ti-året 2007 til 2016 enn for femti år sidan, 1957-1966. Årsaka er global oppvarming.
Dette går fram av nyleg publisert forsking i det vitskaplege tidsskriftet Nature. Artikkelen er resultat av ei omfattande re-kartlegging av plantelivet på 302 europeiske fjelltoppar.
Nye data er samanlikna med data frå opptil 145 år tilbake i tid, noko som har gitt eit heilt unikt datasett.
Fagfolk frå Universitetet i Bergen (UiB), Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og NIBIO har vore sentrale i arbeidet saman med forskarar frå ti andre europeiske fagmiljø.
Grønare fjelltoppar
NIBIO-forskar og vegetasjonsøkolog Jutta Kapfer er ei av dei som har vore med i prosjektet. Ho fortel om fjelltoppar som blir grønare, og at talet på artar i høgare strok aukar. Det gjer også temperaturen.
– På alle dei 302 kartlagte fjelltoppane er det registrert temperaturauke. Talet på planteartar auka på heile 87 prosent av toppane. Fjelltoppane med høgast temperaturauke, er og dei med størst auke i artar, seier forskaren.
Dei spesialiserte plantane er sårbare for endringane som skjer no. Gjennom hundrevis av år har dei tilpassa seg skrinne kår og låge temperaturar.
Typiske høgfjellsplantar som issoleie, fjellveronika, høgfjellskarse og fjellsmelle kan gå tapt fordi dei blir utkonkurrert av andre artar som kryp oppover frå lågare strok.
– Konkurrentane er ofte høgare og meir varmekjære enn plantane som opprinneleg heldt til der, forklarer Kapfer, og legg til:
– Ingenting forblir slik det var, alt er i endring. Sjølv om vi ikkje legg merke til endringane i dag, så er dei der. Derfor er det så viktig med lange tidsseriar og samanlikningar som i dette prosjektet for å registrere endringar som skjer langsamt.
Forskaren Kapfer trur opne fjelllandskap slik vi kjenner dei i dag, kan bli borte; saman med artar som er typisk for høge fjell.
Frå vidde til skog
Både norske og europeiske fjell har alt endra seg mykje.
– Hardangervidda slik vi kjenner ho i dag kan verta vekke. Om og når jorda vert to grader varmare vil tregrensa etter kvart gå 350 meter høgare over havet, seier John-Arvid Grytnes, professor ved Institutt for biovitskap ved UiB.
– Vi har ein tendens til å tenkje på fjella som noko evig og stabilt. Våre funn viser at det ikkje er tilfelle, og at det vil kome store endringar i norske fjell. Vi kjem til å miste mange av fjellområda våre, seier professoren.
Professor ved NMBU, Kari Klanderud, var i 2014 på Sikkilsdalshø, aust i Jotunheimen for å samle data. Ho og masterstudenten Erlend T. Grindrud la merke til alle dei små bjørkeplantane som vaks i fjellsida, langt over tregrensa.
– Da eg var i Jotunheimen 16 år tidlegare, såg eg kun ei sped lita bjørk på alle dei 25 fjella eg undersøkte. No var dei overalt. Dette er ei stor endring på relativt kort tid, og eit klart varsel om at fjellområda er i ferd med å verte grønare, seier Klanderud.
‘Forteljinga bak’ – blogg om prosjektbakgrunn, om samarbeid mellom landa, om feltarbeid og om felles innsats, av Sonja Wipf, medforfattar i Nature-artikkel, økolog og forskar. Sjå lenke nedanfor.
KONTAKTPERSON
Jutta Kapfer
Forsker
-
Divisjon for skog og utmark
(+47) 991 50 313 jutta.kapfer@nibio.no Kontorsted: Tromsø
Fakta
I perioden 1957-1966 auka talet på artar i gjennomsnitt med 1,1 per fjelltopp. I 10-årsperioden 2007-2016 var auken på 5,4 fleire artar per topp. Auken går altså fortare og fortare, i takt med klimavarminga.
Eksempel på endringar på enkelte norske fjelltoppar
Svalbard – 7 fjell kartlagt. Data frå 1940-50 vart samanlikna med 2009:
- Vesuv (741 moh.): Frå 3 til 13 artar
- Lundbohmfjell (480 moh.): Fra 10 til 21
Nord-Noreg – 39 fjell kartlagt. Data frå 1880-90 vart samanlikna med 2010, 2014 og 2015:
- Tromsdalstind (1238 moh.), Tromsø: Frå 1 til 32 arter i 2010
- Bentsjordtind (1096 moh.), Tromsø): Frå 7 til 31 i 2010
- Bergheien på (563 moh.), Senja: Frå 9 til 65 i 2015
Typiske høgfjellsplantar som issoleie, fjellsmelle og rublom kan gå tapt fordi dei blir utkonkurrert av andre artar.
KONTAKTPERSON
Jutta Kapfer
Forsker
-
Divisjon for skog og utmark
(+47) 991 50 313 jutta.kapfer@nibio.no Kontorsted: Tromsø
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Forfattere
Manuel J. Steinbauer John-Arvid Grytnes Gerald Jurasinski Aino Kulonen Jonathan Lenoir Harald Pauli Christian Rixen Manuela Winkler Manfred Bardy-Durchhalter Elena Barni Anne D. Bjorkman Frank T. Breiner Sarah Burg Patryk Czortek Melissa A. Dawes Anna Delimat Stefan Dullinger Brigitta Erschbamer Vivian Astrup Felde Olatz Fernández-Arberas Kjetil Farsund Fossheim Daniel Gómez-García Damien Georges Erlend T. Grindrud Sylvia Haider Siri Vatsø Haugum Hanne Henriksen Maria J. Herreros Bogdan Jaroszewicz Francesca Orinda Holl Jaroszynska Robert Kanka Jutta Kapfer Kari Klanderud Ingolf Kühn Andrea Lamprecht Magali Matteodo Umberto Morra di Cella Signe Normand Arvid Odland Siri Lie Olsen Sara Palacio Martina Petey Veronika Piscová Blazena Sedlakova Klaus Steinbauer Veronika Stöckli Jens-Christian Svenning Guido Teppa Jean-Paul Theurillat Pascal Vittoz Sarah J. Woodin Niklaus E. Zimmermann Sonja WipfSammendrag
Globally accelerating trends in societal development and human environmental impacts since the mid-twentieth century1–7 are known as the Great Acceleration and have been discussed as a key indicator of the onset of the Anthropocene epoch6 . While reports on ecological responses (for example, changes in species range or local extinctions) to the Great Acceleration are multiplying8,9 , it is unknown whether such biotic responses are undergoing a similar acceleration over time. This knowledge gap stems from the limited availability of time series data on biodiversity changes across large temporal and geographical extents. Here we use a dataset of repeated plant surveys from 302 mountain summits across Europe, spanning 145 years of observation, to assess the temporal trajectory of mountain biodiversity changes as a globally coherent imprint of the Anthropocene. We find a continent-wide acceleration in the rate of increase in plant species richness, with five times as much species enrichment between 2007 and 2016 as fifty years ago, between 1957 and 1966. This acceleration is strikingly synchronized with accelerated global warming and is not linked to alternative global change drivers. The accelerating increases in species richness on mountain summits across this broad spatial extent demonstrate that acceleration in climate-induced biotic change is occurring even in remote places on Earth, with potentially far-ranging consequences not only for biodiversity, but also for ecosystem functioning and services.