Bier i byens teneste

Mikkelsen og biene på taket_DSCF1975_Foto Kjersti Kildahl_cropped

Birøktar in-spe, mat- og drikkeansvarleg Raymond Mikkelsen ved Grand Hotel Terminus i Bergen, sjekker tilhøva i ei av bikubane på hotelltaket. Foto: Kjersti Kildahl.

På taket av Grand Hotel Terminus i Bergen er nokre hardtarbeidande skapningar i gang med å førebu årets produksjon. Fire bikubar har vore i opplag der over vinteren og no summar det svakt av ny aktivitet.

No har naturen igjen noko å tilby, og biene er i gang med å sanke mat til bifolket inne i kuben. Da er det viktig at det finst næring å hente i nærleiken av hotellet. Gjennom vinteren har biene klart seg på sukkerlake-fôr, men no er det dags for å klare seg sjølve og produsere ny honning.

Hotellet sin bie-ambassadør, mat - og drikkeansvarleg Raymond Mikkelsen, viser veg ut på taket:

- Tidleg på våren lever biene framleis på ein spesiell te-sukkerlake som birøktaren fôra dei med i haust. Den klarer dei seg med gjennom vinteren, til dei igjen kan hente ny næring frå naturen, fortel Mikkelsen.
 

Luftig honningproduksjon

Etter at dei første bikubane vart sette ut på taket i 2013, er bie-engasjementet hans berre blitt større.

- Førre året tok eg eit eittårig kurs for å få meir kunnskap om bier og birøkt, og for å vere tryggare ved stell av biene.

- Livet i kuba er utruleg spennande. Det er fasinerande kor velorganisert bisamfunnet er, og kor fine samanhengar det er mellom livet inni kuba og naturen utanfor, seier den komande birøktaren.

I fjor kom eit par hundre kilo honning frå biene på taket. Kvar kube gir rundt 35 – 40 kilo honning. Det er vanleg volum frå stasjonære bikubar. Alternativt kan kubane flyttast mellom ulike beite gjennom sesongen - frå eit blømande område til det neste. Slik får honningen variert smak og biene rikare næringsgrunnlag.

Frukthagar, slåttemark og kystlynghei er gode beite i så måte. Der gjer biene samtidig viktig arbeid med å bestøva plantene.

Overvintra bikubar_DSCF1984_Foto Kjersti KIldahl
Nedanfor dei fire bikubane på taket til Grand Hotel Terminus ligg ein allé av lindetre som vil bløme seinare i sesongen. Da har biene kort veg til matfatet. Foto: Kjersti Kildahl.

Livsviktig samanheng

Planter må bestøvast for å gi ‘avkom’ i form av frukt og frø. Nokre planter blir bestøva av vind, andre av fugl eller flaggermus, men mange er heilt avhengige av insekt for å flytte pollen frå ein blom til ein annan. Både ville insekt og tamme bier er godt skikka for oppgåva.

For at pollinerande insekt skal kunne gjere jobben sin, må blomstrande planter finnast innan rekkevidde. Det må ikkje vere for langt å fly dit eller for langt imellom ulike område. Insekta må og kunne hente næring gjennom heile sesongen. Det skjer naturleg når ulike blomeartar blømer til ulik tid.

Spørsmålet er om vi menneske tar nok omsyn til denne dynamikken slik vi bur og lever?

Kulturlandskapsforskar Line Johansen i NIBIO har jobba mykje med det vi kallar semi-naturlege naturtypar – til dømes blomstereng, slåttemark og kystlynghei – som er viktige leveområde for pollinerande insekt:

- Slike naturtypar er avhengige av skjøtsel for å halde oppe økologiske funksjonar og eit samfunn av ulike artar. Insekta treng desse som leveområde, og vi treng insekta, seier forskaren.

Blomstereng_Foto Ellen Svalheim
Blomstereng og slåttemark er viktige leveområde for pollinerande insekt. Begge naturtypar er avhengige av skjøtsel for å halde artsrikdom vedlike. Begge er trua naturtypar. Foto: Ellen Svalheim.

- Menneske, pollinatorar og planter er avhengige av kvarandre – det må vi ikkje gløyme. Ein stor del av verdas matproduksjon er tufta på ‘frivillig arbeid’ av pollinerande insekt.

Ho fortel at blomstereng, slåttemark og kystlynghei alle er rekna som trua naturtypar. Slåttemark er kritisk trua, noko som betyr at naturtypen har stor risiko for å forsvinne i løpet av dei neste 50 åra.

 

Pollinerande insekt i byplanlegging

Slåttemark og blomstereng høyrest kanskje ikkje ut som dei høyrer byen til, men ein samanheng finst. For at ikkje vi menneske skal øydelegge den fine veven av smått liv som sørger for at naturen heng saman, treng og byen grøne mellomrom der insekt kan hente næring og leve.

- I prosjektet Be(e) Diverse skal vi undersøke korleis ville pollinerande insekt og leveområda deira blir påverka av ein by i utvikling. Vi skal og undersøke om biologisk mangfald og pollinatoromsyn er inkludert i dagens byplanlegging, fortel Line Johansen.

- I år skal vi sanke data gjennom feltarbeid i Trondheim. Det skal vi og gjere dei to neste somrane, før vi i 2022 skal ha klar rapporten som samlar funna våre.

Målet er å levere relevant kunnskap for byplanlegging slik at forholda kan leggjast til rette for at også ville pollinerande insekt kan leve godt i byen og i det bynære kulturlandskapet.

- Vi veit allereie at insekta strever med å finne nok næring i urbaniserte område. Det er for få blomstrande planter, og det er ofte langt imellom slike område. Dette med optimale leveområde for ville pollinatorar er og noko vi ønskjer å undersøke nærare i prosjektet, seier Johansen. 

- No skal vi få kunnskap å støtte oss til som vi håper skal vere verdfull både for byplanleggjarar og pollinerande insekt – og for oss alle.

Raymond Mikkelsem peikar ned på hotellhagen_DSCF2001_Foto Kjersti Kildahl
Raymond Mikkelsen peikar ned i hotellhagen der mange prydplanter i år er blitt bytta ut med nytteplanter. Foto: Kjersti Kildahl.

Ein del av identiteten

For eigarane av Grand Hotel Terminus handlar bikubane på taket om å ta naturen på alvor. Raymond Mikkelsen seier det slik:

- Å servere velsmakande mat med høg kvalitet er ein del av identiteten til hotellet. Da er det kort veg til også å ønske seg lokale smakar på menyen.

- For oss er honning frå taket med på å forsterke vår eigen identitet og det vi legg vekt på: At vi bryr oss – om gjestene våre, om byen vi er ein del av og naturen vi er avhengige av.

Honningen frå taket er nærast for ‘ureist’ å rekne når han finn vegen inn på hotellkjøkkenet.

- Vi har han på frukostbordet, til müsli eller te, og vi brukar han i dressing, saus og bakst, seier Mikkelsen. Ostekrem og honningkrem kjem i same andedrag.

Så vender han tema til årets nye grøne prosjekt: Mange av prydplantene i hotellhagen er nyleg skifta ut med nytteplanter.

- Det gjorde vi etter innspel frå bybonden i Bergen, Ida Kleppe. Ho meinte det var ein god idé å ta ut potensialet til jorda i hagen på ein annan måte enn berre til pynt. Dermed har vi gjort plass for frukttre og bærbuskar i hagen nett nedanfor taket. Vi håper både hotellbier og hotellgjester vil sette pris på tiltaket.

Eple, plommer, solbær og rips skal sjølvsagt inn på menyen så snart det er noko å hauste.

DSCF2008
Mange av prydplantene i hotellhagen er nyleg skifta ut med nytteplanter - solbær, rips, eple og plomme. Foto: Kjersti Kildahl.

Ulike beiter gjennom sesongen

Birøktar Bjarte Tennfjord er eigar av biene på hotelltaket. Han forklarer at beiteområde og blomstring avgjer produksjonen i kuba.  Ved god tilgang på næring, varmt ver og lang sesong kan ei sterk kube – røktarspråk for at kuba har mange bier – gi 50-60 kilo honning. For å oppnå dette, må kubane flyttast til ulike beiteområde gjennom sesongen.

- Veret har enormt mykje å seie for utviklinga i kuba og for honningutbytet, seier Tennfjord. Biene flyg ikkje ut når det regnar, er for kaldt eller når det er for sterk vind. Da blir vengemuskulaturen nedkjølt og stivnar, og dei når ikkje heim att. Dette ‘veit’ biene.

- Eg plar seie at økonomien i birøkt kan liknast med å leige ut solstolar på ei badestrand fordi han er så veravhengig, humrar birøktaren.

For tida er mange av Tennfjords bifolk på jobb i frukthagar i Hardanger. Når fruktbløminga er over ved fjorden, vil han køyre biene til Voss. Der skal dei sanke nektar frå blomstrande villbringebær 350 meter over havet. På den tida er det honningutbytet frå ville vekstar som er målet. 

- Mot slutten av sesongen blømer lyngen. Da kjem biene tilbake til heimtraktene på Sotra for å beite på klokkelyng, purpurlyng og røsslyng.

Slik består bieåret av ulike beiter til ulike tider. Kvart beite har sine kvalitetar. Bifolket treng pollen og nektar, vi menneske set pris på honningen. Og vi treng biene for veldig mykje meir enn det.

KONTAKTPERSON
Verdas biedag

- Av alle Guds skapningar er ingen så hardtarbeidande og nyttige for mennesket som bier – og for så liten innsats.

Det sa ein av pinonèrane innan birøkt, Anton Jansa, for snart 300 år sidan. Han utvikla bikuber slik vi kjenner dei i dag – til bruk i honningproduksjon og bieavl.

Verdas biedag er oppretta av FN og lagt til datoen for Jansas fødselsdag som var 20. mai - i 1734. Dagen markerer Jansas bidrag til moderne birøkt og gir samtidig merksemd til at verda treng å ta vare på bier og andre pollinerande insekt.

Tavla viser dronninga som er merkt med raudt, saman med arbeidsbier i full sving med å førebu sesongen 2019. Foto: Kjersti Kildahl.
– Dronane er play-boyar som heng i baren og let seg oppvarte av arbeidsbiene, fortel birøktar Tennfjord. Dronane si einaste oppgåve er å pare seg med unge dronningemne. Dei dronane som slepp til, døyr straks jobben er gjort. Dei andre vert sparka ut når hausten kjem. Berre dronninga og nokre tusen arbeidsbier overvintrar. Bildet viser ein del av desse. Foto. Kjersti Kildahl.
Kvar kube har ein logg der birøktaren har notert dato for tilsyn og tilstand i kuba - data som inngår meir i detalj i den formelle loggen. Foto: Kjersti Kildahl.
Fakta om bier

- Ei god bikube blir kalla ‘sterk’ når ho inneheld mange bier

  • 50 – 60 000 bier utgjer ei sterk kube
  • Ei kube gir mellom 20 og 60- 70 kilo honning, avhengig av om kubene er stasjonære eller blir flytta frå beite til beite

- Samfunnet i kvar kube blir kalla eit bifolk

- Ei bie kan fly over eit område med radius 3 km frå kuba

- Kvar kube er eit velorganisert samfunn der biene har ulike oppgåver gjennom livet

- I mange kulturar er honning knytta til fruktbarheit. Det engelske ordet ‘honeymoon’ for ‘kveitebrødsdagar’ stammar truleg frå ei slik forståing.

 

OPPGÅVER OG ROLLER I BISAMFUNNET

- Ei biedronning kan legge 2 000 egg per dag i mai og juni

- Dronninga si hovudoppgåve er å legge egg.

- I ei god bikube kan det vere 50 – 60 000 bier

- Nokre hundre av desse er hannbier (droner) – resten er ho-bier (arbeidsbier)

- Dronane si einaste oppgåve er å befrukte unge dronningbier

- Eit egg klekker etter 3 dagar og blir til ei larve

- Etter 8-9 dager vert cella forsegla og gjort til puppe

- Etter 21 dagar blir larva til ei bie

- Etter nye 21 dagar med arbeid innandørs, blir bia trekkbie (flygebie)

- Første oppgåva til ei ung bie er reingjering (pussebie).

- Deretter får bia mate larvene som skal bli nye bier; da er ho ‘pleiebie’

- Byggebiene har ansvar for å bygge dei sekskanta cellene med voks

- Lagerbiene tar imot fersk nektar som kjem inn, og sørger for vifting slik at fukt fordampar

- Vaktbiene vernar samfunnet mot åtak

- Transportbiene jobbar utandørs – sankar nektar, pollen og råstoff (harpiks)

 

Kjelde: Honningcentralen og birøktar Bjarte Tennfjord

Honningbier som husdyr

Av alle verdas insekt er honningbiene dei einaste som mennesket har lært seg å stelle og halde som husdyr. Heilt sidan steinalderen har mennesket hausta det ettertrakta søtstoffet, men det var ikkje før på 1700-talet at det blei mogleg å hauste honning utan samtidig å ta livet av bifolket. Da vart det utvikla kuber med innvendige rammer som kan flyttast og bytast, noko som endra både innhausting og avl.

Her er andre av birøktar Tennfjord sine bifolk på jobb i dei blømande epletrea til fruktbonde Turid Alice Skjervheim i Ytre Ålvik ved Hardangerfjorden. Foto: Kjersti Kildahl.
Birøktar Bjarte Tennfjord. Foto: Øystein Utne.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.