Hopp til hovedinnholdet

Betre nitrogenutnytting av grøngjødsel

Disputas-ntrogenutnytting-DSCN0676.jpg

Bruk av grønngjødsel i økologisk korndyrking. Foto: Anne Kjersti Bakken.

Omdanninga av nitrogenrikt plantemateriale i jord vert påverka av låg temperatur og jordtype. Kunnskapen om dette kan gi betre utnytting av nitrogenet i grøngjødsel med større avlingar og mindre miljøforureining som resultat.

Tilstrekkelege mengder nitrogen er avgjerande for gode avlingar i plantedyrkinga. Då er det viktig at tilførsla er mest mogleg synkronisert med plantane sitt behov. Nitrogenoverskott kan bidra til forureining av luft og vatn. I økologisk korndyrking utan tilgang på husdyrgjødsel, blir heilårs grøngjødsel nytta som næringskjelde for etterfølgjande kornplantar. Slik grøngjødsel er ofte ei eittårig eng samansett av gras og kløver som samlar nitrogen frå lufta. 

Nitrogenet i grøngjødsel er ikkje direkte tilgjengeleg for andre vekstar. Grøngjødsla må først brytast ned, og nitrogenet må mineraliserast. Handtering av grøngjødselenga kan vere utslagsgjevande for enga sin gjødselverdi. Målet med doktorgradsarbeidet til Randi Berland Frøseth var å bidra til betre nitrogenutnytting frå grøngjødseleng i ulike jordtypar under norske klimatilhøve. 

randi frøseth_cropped.jpg
Randi Berland Frøseth. Foto: Anita Land.

Fermentering av grønmasse er best

Frøseth fann at dagens praksis med å la grønmassen liggje for å rotne hadde positiv effekt på etterfølgjande kornavling, men at nitrogenutnyttinga var låg. For å evaluere effektar av ulik grøngjødselhandtering vart det gjennomført eit feltforsøk på to stadar i Trøndelag og på to stadar på Austlandet. Etter kvar slått vart grønmassen liggjande, fjerna eller fermentert i biogassreaktor og delvis tilbakeført som gjødsel til bygg neste vår. 

Samanlikna med å la grønmassen liggje eller å fjerne han, var fermentering av grønmassen i ein biogassreaktor og tilbakeføring av bioresten som gjødsel det mest lovande alternativet med omsyn til redusert risiko for nitrogentap og betra utnytting av nitrogenet i ein etterfølgjande byggkultur. For å kunne setje dette ut i praksis på den einskilde gard trengst det kostnadseffektive og praktiske løysingar for plantebaserte biogassanlegg under kalde klimatilhøve.

 

Temperatur og jordtype påverkar nitrogenomsetninga

To ulike jordtypar frå felta vart også nytta i eit laboratorieforsøk for å studere effekten av låg temperatur (0-15 °C) og jordtype på karbon- og nitrogenmineralisering frå jordas organiske materiale og frå kløverblad. Forsøka viste at sjølv om relativt lite av det totale nitrogeninnhaldet i plantematerialet vart omdanna, skjedde det betydeleg omdanning frå nitrogenrikt plantemateriale også ved temperaturar ned til null grader. Ved låge temperaturar vart nitrogenomdanninga i mindre grad hemma enn karbonomdanninga. Dette vert i dag ikkje fanga opp i modellar som simulerer omdanning av organisk materiale i jorda, og kan ha konsekvensar for vekstskifte- og gjødslingsplanlegging. 

Frøseth sitt arbeid har medverka til auka kunnskap om korleis omdanninga av nitrogenrikt plantemateriale i jord vert påverka av låg temperatur og jordtype. Det gjev moglegheit for å betre nitrogenutnyttinga av grøngjødsel og dermed minske risikoen for miljøforureining. Arbeidet viser også at det trengs meir kunnskap om korleis låg temperatur påverkar jordbiologien for å kunne simulere omdanning av organisk materiale i jorda betre.

Disputas

Randi Berland Frøseth (42) kjem frå Osterøy, men bur no på Tingvoll. Ho er Cand. agric. i jord- og plantefag og er tilsett ved NIBIO – Norsk institutt for bioøkonomi. 

Randi Berland Frøseth disputerer 4. mars 2016 for graden ph.d. ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) med avhandlinga «Nitrogen dynamics in an organic green manure - cereal rotation and mineralization of clover leaves at low temperature»

Tid og sted: 4. mars 2016 kl.10:15, Senter for Klimaregulert Planteforskning (SKP), Auditorium, Syverudvn. 6, Ås.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.