Hopp til hovedinnholdet

Nye tal frå SSB gav store utslag i årets berekningar for jordbruksoppgjeret

IMG_3251_cropped

I dag legg budsjettnemda for jordbruket (BFJ) fram resultata sine og det er store endringar i tala samanlikna med i fjor. Sekretariatsansvaret for BFJ er lagt til avdeling Landbruksøkonomisk analyse i NIBIO. Foto: Eivind Solbakken

I dag legg budsjettnemda for jordbruket fram grunnlagstal for jordbruksoppgjeret for 79. gong. Årets tal syner store avvik frå i fjor.

Det er store avvik i grunnlagstala for jordbruksoppgjeret for i år og fjor. Men før vi går nærare inn på avvika, skal vi avsløra tre tal som er særskilt interessante for dei som jobbar med jordbruk:  årsresultatet per familieårsverk inkludert effekt av jordbruksfrådraget for 2024, 2025 og 2026. For å finna årsresultatet reknar økonomane ut alle inntekter minus alle utgifter i norsk jordbruk delt på tal årsverk i jordbruket og inkludert eit særskilt skattefrådrag for dei som har jordbruksinntekt.

Årets utrekningar syner at årsresultatet for 2024 vart på 502 900 kroner og 600 500 for 2025. Budsjettet estimerer eit årsresultat på 628 700 kroner for 2026. Desse tala er grunnlaget for utrekninga av ei såkalla samanlikningsinntekt som skal syne om bøndene held tritt med lønsutviklinga i rasten av samhellet.

ef-20050827-195210.jpg
Det har våre lågare produksjon av grønsaker og blomar enn budsjettnemda estimerte i berekningane frå i fjor. Foto: Erling Fløistad

Faktagrunnlag for viktige forhandlingar

Kva vert så desse tala nytta til vidare?

Landbruksøkonom Lars Johan Rustad i NIBIO er leiar for sekretariatet til budsjettnemnda og har leia utgreiingane i ei årrekkje. Han svarer fylgjande:

– Tala gir staten og bondeorganisasjonane eit grunnlag for å vurdera korleis det står til med økonomien i norsk landbruk. Utredninga vi har levert i dag gir partane det dei treng for at forhandlingane skal baserast på eit så objektivt og godt faktagrunnlag som mogleg.

Bak berekninga for årsresultatet og samanlikningsinntekta ligg eit betydeleg arbeid der nemda kvart  år kartlegg inntekter og kostnadar på områda som har betydning for jordbruket. Produksjonsinntekter kjem til dømes frå mjølk, korn, kjøt, frukt og grønt, medan viktige kostnadar er innsatsfaktorar som til dømes gjødsel, kraftfôr, energi og vedlikehald.

Skjermbilde 2026-04-16 141349.jpg
Resultat for aktive jordbruksbedrifter. (Mill. kroner1 ). Tabellen er tatt frå Totalkalkylen for aktive jordbruksbedrifter, april 2026.

Avvik mellom årets og fjorårets berekningar

I år er tala for 2024 berekna ut frå rekneskapstal og innrapportert statistikk. Tala for 2025 er førebelse rekneskapstal, medan det for 2026 er budsjetterte tal. Berekningane baserer seg på eit stort faktagrunnlag som vert henta inn frå eit høgt tal relevante aktørar, slik som SSB, Landbruksdirektoratet og ulike marknadsaktørar. Dette blir sett saman til ein heilheit av nemnda.

Arbeidet i budsjettnemnda har gått føre seg sidan 1948. Det kviler altså på akkumulert kunnskap, metodikk og faglege vurderingar over lang tid. Tala fangar opp både dei lange linjene og dagens situasjon for jordbruket.

– Kvart år samanliknar vi tala vi rekna ut året før med dei resultata me får i inneverande år. Det er betydeleg skilnad på resultata vi berekna for 2023 til 2025 i fjor og dei vi berekna i år. Årsresultat per familieårsverk, som vi kom fram til i år, syner eit resultat som er om lag 100 000 kroner lågare for desse åra, seier Rustad.

vederlag2024.jpg
Variasjonen i inntekt frå bonde til bonde er stor. Figuren syner spreiinga i vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk blant dei nesten 1000 bøndene som er med i Driftsgranskingane. Tala er frå 2024 . X-aksen er avgrensa til observasjonar med færre enn 8 årsverk. (Figur 2.1. frå Totalkalkylen for aktive jordbruksbedrifter, april 2026)

 

– Som alt anna i desse reknestykka, er forklaringa både kompleks og samansett, men det er nokre hovudårsaker som står tydeleg fram. SSB gjennomfører årlege landbruksundersøkingar på ulike tema frå år til år. Dei er basert på eit utval aktive jordbruksbedrifter, der økonomi er tema om lag kvart tredje år. Dei to åra imellom vert desse verdiane estimert av nemnda. For årets berekning hadde vi ei ny landbruksundersøking med økonomiske data frå SSB, og med det ny informasjon som viste at det har vore vesentleg høgare kostnadar enn det vi la til grunn i fjorårets arbeid, forklarar Rustad.

– I tillegg har energibruken vore høgare enn estimert og produksjonen av grønsaker og blomster har vore lågare, noko som gir lågare inntekter for jordbruket samla, legg han til.

No sender forskarane stafettpinnen vidare til partane i jordbruksoppgjeret og ynskjer dei lukke til med forhandlingane.

 

Grunnlagsmateriale til jordbruks-forhandlingene
Fakta

Det er Budsjettnemnda for jordbruket (BJF) som utarbeidar jordbrukets totalrekneskap eller Totalkalkylen for jordbrukssektoren og Totalkalkylen for aktive jordbruksbedrifter. Rekneskapen Totalkalkylen for jordbrukssektoren sine talseriar startar i 1959. Totalkalkylen for aktive jordbruksbedrifter er materialet som brukast i forhandlingane og syner inntekter, utgifter og endringar for åra 2012-2025 over tid for dei aktive jordbruksbedriftene.

Nemnda er eit utval samansett av Landbruks- og matdepartementet, Finansdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, samt representantar frå Statistisk sentralbyrå og observatør frå Landbruksdirektoratet.

Sekretariatsansvaret for BFJ er lagt til avdeling Landbruksøkonomisk analyse i NIBIO. Nemnda legg fram talmaterialet for partane i jordbruksoppgjeret, altså staten og bondeorganisasjonane, og materialet gir partane grunnlag for å vurdera den økonomiske stillinga til jordbruket under jordbruksforhandlingane.

Totalkalkylen for jordbrukssektoren

Totalkalkylen for jordbrukssektoren
viser inntektsnivå og inntektsutvikling i jordbruket, og gir eit samla bilde av verdiskapinga i sektoren for heile landet. Kalkylen viser totalverdiane som er skapt i norsk jordbruk ved utnytting av produksjonsfaktorane i jordbruket.

Totalkalkylen for aktive jordbruksbedrifter 

Totalkalkylen for aktive jordbruksbedrifter 
er totalkalkylen som blir bruka i dei årlege jordbruksforhandlingane. Kalkylen brukar normaliserte avlingar og prisar for planteprodukt. Leiepostar blir ført.

Kalkylen blir mellom anna brukt for å samanlikna bøndenes inntektsnivå og inntektsutvikling med andre grupper i samfunnet.

Skjermbilde 2026-04-16 112811.jpg

 

kab0071_cropped2.jpg
Foto: Karine Bogsti

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.