Stig Støtvig

Senioringeniør

(+47) 475 07 609
stig.stotvig@nibio.no

Sted
Ås - Bygg H8

Besøksadresse
Høgskoleveien 8, 1433 Ås

Til dokument

Sammendrag

I 1921 kjøpte Vestlandets forstlige forsøksstasjon 340 dekar av utmarka på Auestad i Gjesdal kommune i Rogaland, der formålet var å gjera vitskaplege undersøkingar av skogetablering og produksjon i ulike treslag. Arealet var snaumark og i all hovudsak røsslynghei, ein arealtype som ofte gir langvarig veksthemming etter planting av granartar. Feltet ligg på Høg-Jæren 240-310 m o. h. på næringsfattig grunn. Litt under halvparten av arealet vart før anlegg klassifisert som eigna mark for skogreising. Jorda er morene med frisk råme, og med råhumus som dominerande humustype. Frå 1922 til 1933 vart det planta om lag 120 dekar med vanleg gran, sitkagran, engelmannsgran , blågran, vanleg furu, bergfuru, vrifuru, europeisk edelgran, douglasgran, nutkasypress og europeisk lerk. Plantinga vart gjort i ruter på om lag 70 x 70 m, med ei rute for kvar proveniens og treslag, og seinare i mindre ruter med vestamerikansk hemlokk og douglasgran. Det vart òg gjort forsøk med såing av dunbjørk. I åra 1953 til 1984 vart det oppretta 15 skogproduksjonsforsøk i planteruter med vanleg gran, sitkagran, engelmannsgran, europeisk lerk, edelgran, furu og bergfuru. Alle forsøksflatene har vore tynna ein eller fleire gonger, og forsøka har vore jamleg reviderte med nokre års mellomrom. Sju forsøk finst framleis i 2022, resten er nedlagde på grunn av ulike skadar eller hogst. Forsøksfelta i Auestad inngår i mange vitskapelege skogundersøkingar, og nokre resultat etter om lag 100 år med målingar og observasjonar er tekne med her. Alle treslaga i produksjonsforsøka, unnateke europeisk lerk, har hatt ein differanse mellom brysthøgde- og totalalder på 20 år eller meir, som viser at etableringa på lyngmark har teke tid. Produksjonen i vanleg furu etter 100 år har vore rundt 6 m3/ha/år. Lerka fekk mykje lerkekreft og forsøket vart tidleg lagt ned. Bergfurua har vist produksjon på høgde med vanleg furu, men har på grunn av sopp- og vindskadar vorte nedlagt. Tyngda av forsøksrutene i sitkagran har over eit omløp på 100 år hatt ein produksjon på 12-14 m3/ha/år, medan produksjonen for vanleg gran og edelgran ligg mellom 8 og 10 m3/ha/år. Engelmannsgrana har vist ein produksjon noko lågare enn vanleg gran og er det einaste treslaget som til no har kulminert. I furubestanda er det i biomassen bygd opp om lag 125 tonn C per hektar i løpet av 100 år, medan det i vanleg gran- og sitkagranbestanda er bygd opp høvesvis 200 og 320 tonn C. Furu-, vanleg gran- og sitkagranplantefelta inneheld høvesvis 5, 8 og 13 gonger meir karbon enn skoglaus røsslyngmark. I tillegg til eit stort kvantum med tømmer er det på dei skogreiste areala i Auestad gjennom 100 år bunde om lag 9 600 tonn CO2-ekvivalentar i biomassen. Dette utgjer skyggeverdiar estimert til 19,2 mill. kr. På hogstflater og mellom forsøksrutene er det rike oppslag av lauvtre. Areala dekkjer fleire økosystemtenester der til dømes jakt kan verdsettast, medan andre er fellesgode som det er meir vanskeleg å verdsette, mellom anna sopp- og bærplukking og bruk av stiar og vegar til rekreasjon.

Til dokument

Sammendrag

For å kunne utvikle kunnskapsbaser for forskning innen en bærekraftig forvaltning av skog og skogbruk, er det viktig å ha skogforsøk og å ta vare på de langsiktige feltforsøk i skog som NIBIO i dag forvalter. Rammebetingelser for skog og skogbruk er imidlertid i endring, og hensynet til nye problemstillinger skal også ivaretas. Den lange tidshorisonten i skog på minst 50-100 år, og i noen tilfeller lenger, understreker også viktigheten av å ha en stor portefølje av langsiktige feltforsøk i skog.......

Sammendrag

Ungskogpleie anses å være blant de viktigste behandlingsmessige tiltak man kan gjennomføre i skogen og med solid tradisjon i nordisk skogbruk. I denne artikkelen ser vi litt nærmere på hvordan ungskogpleie bidrar til å påvirke skogens langsiktige utvikling. Skogforskningen har siden 1950-tallet drevet systematiske undersøkelser på effektene av ungskogpleie.

Til dokument

Sammendrag

Produksjonen i våre biologiske systemer basert på sollys, CO2, vann og plantenæringsstoffer, skaper fundamentet for alt liv. I skogen er produksjonen av trevirke svært sentralt for utnyttelsespotensialet og utgjør det viktigste økonomiske grunnlaget for skogbrukets aktiviteter. Ved bruk av langsiktige feltforsøk og Landsskogtakseringens takstresultater er produksjonspotensialet for treslag og treslagsgrupper i kystskogene i Norge belyst. Produksjonsmessige effekter fra konvertering mellom treslag er også gitt en kort omtale.