Silje Maria Midthjell Høydal

Forsker

(+47) 452 96 663
silje.hoydal@nibio.no

Sted
Fureneset

Besøksadresse
Furenesvegen 210, 6967 Hellevik i Fjaler

Sammendrag

Heftet du har for hand er ei oppfølging av Pollinatorstrategien, og her tek vi for oss pollinatorane i Norge, med eit spesielt fokus på biene. Her kan du mellom anna lese om korleis dei lever, kvifor dei er truga, kvar dei bygger reir og korleis du kan hjelpe dei. Vi har også laga ein forenkla identifiseringsnøkkel, med mål om å hjelpe å skilje biene frå andre pollinatorar, og å skilje dei ulike biegruppene etter kvar dei bygger reir.

Sammendrag

Biologisk mangfald er i tilbakegang verda over som følgje av menneskeleg aktivitet. Langs norskekysten er naturtypen kystlynghei (CR) truga på grunn av manglande skjøtsel og arealendringar. Samstundes har mange pollinerande insekt stor nytte av ressursane i kystlyngheia. I nyare tid har birøkt hatt stor auke i Noreg, og i tillegg til å vere ein pollinator, er honningbia eit husdyr beskytta under Dyrevelferdslova. Det har vore mykje diskusjon om honningbier påverkar ville pollinatorar negativt. På bestilling frå Statsforvaltaren i Vestland vart det i 2025 gjennomført ei kartlegging av pollinatorar i det framlagte naturreservatet sørvestre Bømlo. Feltarbeidet omfatta innsamling av pollinatorar frå mai til august 2025 på to lokalitetar innanfor verneframlegget. Totalt vart det samla 248 individ frå 86 ulike artar, der 190 av individa og 41 artar er pollinerande. Fangstdata viste lågare førekomst av ville bier i august, når røsslyngen er i blom, samstundes som fangsten av honningbier var på topp. Resultata og diskusjonen syner at både tilstand i kystlynghei, høg tettleik av honningbier og klima kan ha påverknad på ville pollinatorar i kystlyngheia. Vi har difor bedt forvaltninga om å praktisere føre-var-prinsippet. Aktiv skjøtsel av kystlyngheia er dessutan sentralt både for naturverdiane og for berekraftig birøkt. For å få ei reell forståing av pollinatorsamfunnet i det kartlagde området og eventuell påverknad frå honningbier, trengst det likevel meir omfattande studiar.

Til dokument

Sammendrag

Land-use changes and agricultural intensification have been attributed as the main anthropogenic drivers of declines in insect pollinators. Anthropogenic coastal heathlands are one of the ecosystems that have suffered the most from these intensifications, as traditional management practices have discontinued and only 10% of last century´s coastal heathlands remain. We collected data during the field season of 2022 on pollinator communities with emphasis on bumblebees, in two different habitat types: open and degenerate heathlands in an UNESCO Biosphere Reserve in Western Norway. Here, we aim to get an insight into how pollinator communities may change as more heathlands are left without active management practices like prescribed burning and livestock grazing. Species composition varied between the two habitat types. Degenerate heathlands typically had a higher abundance of some relatively common species in Norway, like B. pratorum, while the red-listed species B. muscorum was recorded exclusively in open heathlands. B. jonellus was more abundant in degenerate sites despite being known to forage on Ericaceae. This may be due to an additional floral diversity and nesting/over-wintering sites here compared to the open sites. Further research should explore potential impacts of landscape characteristics like fragmentation and land-use change on the abundance and diversity of pollinators in heathlands.