Hopp til hovedinnholdet

Keiserinne – tidlegpæra som forsvann

Keiserinne_Stein-Harald-Hjeltnes

Kring 1970 åt vi over 2000 tonn keiserinnepære i året. No er det berre få tre att. Foto: Stein Harald Hjeltnes. 

Keiserinne er ein av dei aller eldste pæresortane ein kjenner til, og kan ha funnest allereie på Kristi tid. I Noreg er det no berre få tre att.

Keiserinnepærene forsvann fort med endra rammevilkår på 1990-talet, på linje med dei andre tradisjonelle pæresortane i Noreg. Den hadde då vore til glede og nytte for mange gjennom eit hundreår med handelsdyrking. Berre nokre få tre finst att og dei vert hausta for direktesal.

Sidan Kristi tid

Keiserinnepærer har vore dyrka i Noreg sidan på 1700-talet. Det er ein av dei aller eldste pæresortane ein kjenner til, og kan ha funnest allereie på Kristi tid. Den er sikkert dyrka i England og Tyskland på 1600-talet, og har vore dyrka i mange andre land.

Handelsdyrking har ikkje hatt stort omfang internasjonalt i og med at pærene er så lite holdbare. Sorten har svært mange synonyme namn, som Epargne og Jargonelle. Keiserinne vart planta på Bremnes, Nordmøre i 1789. I Hardanger starta dyrking i større omfang i 1790-åra, og i Sogn om lag 100 år seinare (Kvåle & Skard, 1958). I 1959 var Keiserinne den viktigaste pæresorten i Noreg, nest etter Moltke.

Poding på rogn og asal

Keiserinne er ein av dei sortane som har vore poda på andre grunnstammer enn frøstammer, og dette er nok grunnen til at det fanst ein del tre av den alt i tidlege tider.  Poding på Sorbus er kjent frå Hardanger i 1780-åra. Pærene vart lett beiske når dei blei poda på rogn og asal, men når dei vart brukte i hushaldet gjorde nok ikkje dette så mykje. Dei fleste tre poda på rogn og asal gjekk ut i frostvintrane 1939-42.

Viktig handelssort

Keiserinne var viktig i fruktbygdene på Vestlandet og totalt var det 21.104 tre av sorten ved landbruksteljinga i 1959. Av dette var 70% i Sogn og Fjordane, med hovudområde Leikanger og Sogndal. Halvparten av trea var planta før 1940, og ved landbruksteljinga i 1969 var det tusen færre tre på landsbasis.

Dette året var truleg rekord når det galdt omsetning av Keiserinne. Gartnerhallen tok imot 2.100 tonn pære i 1969, og av dette var 270 tonn Keiserinne. Leikanger fruktlager hadde 201 tonn av denne mengda. Utover 1970- og 80-talet gjekk mengdene jamt nedover, men heldt seg over 100 tonn fram mot 1990 i Leikanger fruktlager.

Tapte mot import

Utover 1990-talet, når det vart opna for import, fekk Keiserinnepærene ein stadig vanskelegare konkurransesituasjon i marknaden. Dette fordi Keiserinne var den fyrste pæra på marknaden som skulle møta importen, og det førde til låge prisar og redusert sal.

Etter kvart ynskte ikkje omsetnaden å ta imot Keiserinnepærer, og på mange måtar døydde den tradisjonelle norske pæredyrkinga med Keiserinne. 2001 var siste året det vart teke imot og selt Keiserinne gjennom Leikanger fruktlager, og mengda var då berre 3.456 kg! Etter dette har Keiserinnepærer berre vore selt direkte frå produsent.

Særtrekk ved Keiserinne

Treet av Keiserinne er ikkje særleg hardført, og det er utsett for kreft og skurv. Difor vil trea få sjukdomsproblem i nedbørrike stròk. Det har ei svært karakteristisk form, med få, svært lange skot i toppen, og det blir ikkje særs stort. Bløminga er medels tidleg, med svært karakteristiske blomar. Dei har lang stilk, er kvite, og opnar seg ikkje fullt. Blomeklasane er såleis svært store.

Frukta, som er hausteklar i siste halvdel av august, er også svært karakterstisk med den lange, krumme stilken, og den konkave forma frå det tjukkaste området til stilken. Fruktene er ikkje svært store, normalt kring 100 gram. Dei er svært utsette for å sprikka i regn, og dette gjorde at i mange år gjekk mykje frukt ut på grunn av sprekking. Enkelte hagar kunne ha over 50 prosent sprukne pærer når vêret var ulagleg.

Må etast fort

Det er dei søtaste og beste fruktene som sprikk fyrst, og gjev inngangsport for ulike råtesoppar. Fruktkjøtet er søtt/syrleg og saftig, med svært god aroma. Eit anna særtrekk ved fruktene er at det ved kjernehuset er eit markert steinlag, fruktkjøtceller som inneheld mykje lignin.

Som dei fleste andre tidlege pæresortar, er pærene lite holdbare. Når dei byrjar å bli etemogne, held dei ikkje meir enn ei lita veke. Grøngule Keiserinnepærer er på veg til å bli overmogne og med det fylgjer brunfarging og indre nedbryting av fruktkjøtet.


Litteratur
Kvåle, E. & O. Skard. 1958. Norsk pomologi bind II: Pærer. Grøndahl & Søns Forlag, Oslo 1958: 156 s.

Om artikkelen

I Kulturminneåret 2009 inviterte Norsk genressurssenter et utvalg av sine samarbeidspartnere til å velge en spesiell kulturminneplante og skrive en tekst om denne til spalten "Ukas kulturminneplante". Tekstene ble hentet frem og publisert på nytt på nibio.no i 2020

Forfatteren:

Stein Harald Hjeltnes er foredlar i Graminor på Njøs, med ansvar for sortsutvikling i pære og plomme. Han er også dagleg leiar i Njøs næringsutvikling og styreleiar i Norsk fruktmuseum, og har fleire internasjonale verv innan genetiske ressursar i frukt og bær. 

Frukt Pær Blom Keisarinne Mai 2006 B.jpg
Blomster av keiserinnepære i mai. Foto: Finn Måge.
Paere Sort Keisarinne A 1993.jpg
Keiserinnepære er utsett for å sprikke i regnvær. Foto: Finn Måge.