Hopp til hovedinnholdet

Hardangerkirsebær - 800 år i Norge

Hardangerkirsebær_Finn-Måge

Hardangerkirsebær er raude og fine, med ei skinande overflate. Den er også kalla glansmorell. Foto: Finn Måge

Hardangerkirsebær kom til Noreg med munkane ca år 1200. Framleis finst den på Hageselskapet si sortsliste og er truleg den eldste sorten på denne lista.

Ein sort som har vore dyrka her i landet i 800 år, høyrer så klart med til vår plantearv og vår kulturarv. Heilt fram til vår tid har det meste av hardangerkirsebæra vore dyrka i områda der det var klosterhagar eller klostergardar, nemleg i Hardanger, kring Trondheimsfjorden og i Mjøsbygdene.

Sorten har dels fått namn etter kvar den blei dyrka og namna Hardangerkirsebær, Frostakirsebær og Liermorell er brukt. Den er også kalla Glansmorell etter den blanke og glinsande overflata. Ei tid blei det arbeidd for at sorten skulle kallast Munkabær, fordi det var munkane som kom med den og som spreidde den i Noreg. Sorten stammar truleg frå Frankrike.

Ulike typar

Det har vore vanleg å formeire tre av Hardangerkirsebær med rotskot. Dette er ei enkel og grei form for klonformeiring av fruktsortar som dannar skot frå røtene. På 800 år så kan det vel hende at nokon har formeira den med frø, og kanskje nokre av det dei trudde var rotskot også kunne stamma frå frø. Mutasjonar eller endringar i arvestoffet kan ein heller ikkje sjå bort ifrå gjennom så lang tid. Dette kan ha ført til ein viss variasjon innan sorten, og det blir hevda at det finst litt ulike typar. Dette er neppe granska så nøye, og typane er så like at Hardangerkirsebær blir vurdert som ein sort. Til og med i dag blir den formeira med rotskot, men det mest vanlege er å pode på ei grunnstamme liksom for andre frukttre.

Eit fint tre

Treet passar fint i ein hage, det blir ikkje stort, og har ei rund og fin krone. Blada er nokså små og smale, med ei glatt og glinsande overflate. Tidlegare blei det sagt at tre av Hardangerkirsebær er lite kravfulle både med omsyn til jord, veksestad og klima. Men som andre frukttre, trivst den best under gode veksevilkår. Tre av steinfrukt skal alltid plantast på godt drenert jord. Treet toler nokså låge vintertemperaturar, men blomsterknoppane blir somme gonger skadde, slik at trea er utan avling etter ein kald vinter. Treet blir lite angripen av sjukdomar, men det er ikkje heilt fri for monilia og andre soppar.

Som regel blomstrar trea rikt og årvisst, og dei er sjølvfertile eller delvis sjølvfertile. Med det meiner vi at dei kan setje frukt med eige pollen. Det er altså nok med eitt tre av sorten i hagen. Rik blomstring og enkel pollinering, skulle tyde på stor avling. Men det er nok ikkje slik, trea kan bere rikt i enkelte år, men det er mange år innimellom med lita avling. Då får vi trøyste oss med at det i all fall er eit fint tre.

Ein amarell med lys saft

Fruktene er raude og fine og runde, med ei skinande overflate. Safta er fargelaus og klar, bæra høyrer med andre ord med til den gruppa som blir kalla amarell. Bæra er helst små, ofte mellom tre og fire gram. Steinen er også nokså liten. Sjølv om Hardangerkirsebær høyrer med til dei sure kirsebæra, så er smaken svært god. Bæra har ein mild smak med fin aroma, og bærsafta har så lite syre og så mykje sukkerstoff, at vi kan nyte fruktene direkte frå treet. Mogningstida er normalt frå 5 til 10. august i Sør-Noreg, men med variasjonar frå år til år.

Dersom ikkje fuglen tek dei, kan fruktene hange lenge på treet, og dei blir berre betre og betre, særleg om det er solskin. Fruktene heng fast på den korte stilken, og det er ikkje mogeleg å riste dei ned. Derimot kan bæra trekkast laus slik at steinen blir hangande att på treet. Både det at bæra er små, og at dei heng så godt på stilken, gjer at den er arbeidskrevjande å hauste, og sorten blir ikkje brukt i handelsdyrkinga.

På Bergen torg i 1665

Den toler regn i mogningstida utan å sprekke. Dette skil den frå søte kirsebær, som kan sprekke heilt i filler på ein regnvêrsdag. På 1930-talet blei det omsett mykje av sorten, på enkelte bruk i Hardanger hausta dei fleire tonn i gode år. Historia om ein mann frå Hardanger som selde "kissebær" i Bergen i 1665, og som høyrde kanonsmella frå slaget på Vågen, er velkjend i hagebrukssoga og fortel om handelsdyrking på den tid.

Fruktene har vore mest brukte til saft og syltetøy, og gav produkt med svært fin smak. Bæra har også vore brukte i andre produkt, som gele og i kompottar, til vin og til likør. I det heile er dette eit godt råstoff, men til nokon føremål hadde det vore ønskeleg om bærsafta hadde hatt kraftigare farge.

Burde plantast meir

Hardangerkirsebær var tilrådd for handelsdyrking fram til sist på 1950-talet, og som før sagt er den tilrådd i Hageselskapet si sortsliste framleis. Og ennå står ein del tre "til eige bruk" rundt på gardsbruk og i hagar. Det er ein av dei sortane som gjerne kunne vore planta meir av i tun og hagar, og i offentlege anlegg, både på grunn av at det er eit fint tre, og på grunn av avlinga. Sorten har eit stort geografisk dyrkingsområde.

Om artikkelen

I Kulturminneåret 2009 inviterte Norsk genressurssenter et utvalg av sine samarbeidspartnere til å velge en spesiell kulturminneplante og skrive en tekst om denne til spalten "Ukas kulturminneplante". Tekstene ble hentet frem og publisert på nytt på nibio.no i 2020

Forfatteren:

Finn Måge er professor emeritus ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås, der han underviser i frukt- og bærdyrking. Ved NMBU er det store samlingar av gamle sortar av alle fire fruktslaga våre, og det er Måge som har ansvar for dei. Desse er med i Genressurssenterets nett av genbankar for bevaring av gamle fruktsortar.

Hardangerkirsebær-2_Finn-Måge.jpg
Om ikkje så lenge kjem det knoppar på kirsebærtrea. Blømande kirsebærtre er eit vakkert syn. Foto: Finn Måge
Hardangerkirsebær-3_Finn-Måge.jpg
Foto: Finn Måge