Hopp til hovedinnholdet

Yakima

Plom Sort Yakima A 10.09.89

 
Finn Måge / Norsk genressurssenter / NIBIO  

Sorten kjem frå ei tilfeldig frøplante funnen i 1902 i staten Washington, USA. Den blei spreidd frå 1925. Podekvist av ’Yakima’ kom til forsøksgarden på Njøs i 1937 og til NLH på Ås i 1950

 

Dårleg treform

Trea blir høge og smale, men vaksne tre er knapt middels store. Greinvinklane er tronge, slik at hovudgreinene er på ein måte trengde saman. Det er ikkje noko god treform, og greinene på trea bør regulerast heilt frå starten av.

 

’Yakima’ blømer samtidig med ’Victoria’ eller ein dag eller to seinare, og det er på same tid som mange andre sortar. Kvaliteten av pollenet er lite granska, men det at den blømer saman med mange andre sortar, gjer at den kan gje bra avlingar i sortssamlingar.

 

Svært store plommer

Frukta er stor til svært stor, ved NLH var den 53 gram i gjennomsnitt for ei rekkje år, og det finst døme på frukter av ’Yakima’ som veg meir enn 100 gram. Fruktfargen er raud til blåraud, og overflata er dekka med dogg. Fruktforma er avlang.

 

Fruktkjøtet er gult, saftig, strukturen er fast og god, men kjøtet er litt grovt. Smaken er god, men safta er prega av ein litt syrleg smak. Innhaldet av syre er nokså høgt, men det blir kompensert av bra høgt sukkerinnhald. Steinen losnar fint frå fruktkjøtet, og det er lett å flå huda av kjøtet.

 

Krev godt kilma

’Yakima’ passa godt for hermetisering, men vi har ingen slik industri i Noreg lengre. Mogningstida er frå 20. september og utover, eller om lag ei vekes tid seinare enn ’Victoria’.

 

’Yakima’ er ein kravfull sort med omsyn til klima, og den blir godsmakande berre i varmes somrar. Avlinga er i minste laget, ved NLH blomstra den ujamt frå år til år, og over ei årrekkje blei det litt for lita avling. Smaken er heller ikkje fullgod i alle år, den smakar litt for syrleg. Ei tid var det planta nokre spreidde tre av ’Yakima’ i vår beste fruktbygder, men den blei aldri nokon viktig sort i Norge, og sorten er nå heilt borte.

 

Kjent lokalitet, foreløpig ikke i samling