Hopp til hovedinnholdet

Washington

Plom Sort Washington 13.09.2015 F 92

Foto: Finn Måge / Norsk genressurssenter / Nibio

Sorten ’Washington’ er framkomen i USA. Opphavet er litt usikkert, men truleg er den etter frø av Reine Claude som planteskolemannen William Prince sådde i 1790-åra.

 

Fleire namn

Sorten kom til The Royal Horticultural Society i England i 1819, og derfrå blei den spreidd i Europa. Til Sverige kom den omkring 1840. Professor Schübler i Oslo visste om sorten i 1870 åra, og på den tid kom den med i sortssamlinga ved NLH, og hos fotograf K. Knudsen i Odda.

 

Den blei spreidd under fleire namn, men etter kvart er berre namnet ’Washington’ brukt. På forsøksgarden på Njøs blei sorten planta i 1921, og etter den tid er det samla inn mykje erfaringar med sorten både på Austlandet og Vestlandet.

 

Treet veks kraftig som ungt, og det blir eit stort tre med vid krone. Treet blir tett, men greinene blir ikkje hangande. Skota er kraftige og grove. Treet er hardført, og det er kjenneteikna av eit stort og friskt lauvverk. Fruktene kan vera vanskelege å finne inne i det tette lauvverket.

 

Treng pollensort

Trea blomstrar rikt nok i dei fleste år, men det har vore vekslande erfaringar om omsyn til avling. Nokon har hatt gode erfaringar, andre mindre gode. I Ås har avlinga vore kalkulert i mange år, og i nokon år gjev den nok, men i dei fleste åra blir utbyttet for lite.

 

Den blomstrar middels tidleg til seint, to til tre dagar seinare enn Victoria. Pollenet er godt, men Washington krev pollen frå ein annan sort for å setje avling.

 

Frukta er stor til svært stor, ofte omkring 60 gram. Fruktforma er rund til oval. Den mognar frå midten av september, eller omtrent samtidig med Victoria. Fargen er grøngul til gul, solsida har ofte eit brunraudt eller rosa skjer, og det kan vera punkter i overflata med same farge. Frukta er så lys, at mekanisk skade viser lett i overflata.

 

Ei kvalitetsplomme

Fruktkjøtet er gulgrønt, litt grovt, men med struktur, og det er saftig. Fruktkjøtet er lite fast, særleg hos fullmogne frukter. Fruktsafta inneheld svært mykje sukkerstoff, og middels innhald av syre. Smaken er søt og god, og den har mykje aroma. Steinen kan ofte losne heilt frå fruktkjøtet. I det heile er dette ein kvalitetssort.

 

Tre av sorten Washington fanst i dei fleste av våre fruktbygder omkring 1950, men likevel ikkje med meir enn om lag tre prosent av plommetrea i landet. Når den ikkje blei planta meir, hadde det med avlingsnivået å gjere, mange produsentar var ikkje nøgde med utbyttet.

 

I moderne omsetning ville heller ikkje sorten halde mål. Den får lett skader som brune flekker i den lyse overflata. Den har kort haldbarheit, og er i det heile ein sart sort i omsetninga. Frukta blir heilt mjuk dersom den heng på treet til den er fullmogna. Då er smakskvaliteten svært høg, men den er ikkje eigna for transport og omsetnad.

 

Washington er en krevende sort å dyrke. Treet bør stå lunt og krever godt klima.