Hopp til hovedinnholdet

Victoria

Victoria_Finn-Måge

Foto: Finn Måge

Victoria er ein gamal engelsk plommesort, men opphavet til sorten og den første historia er ukjend. Den er omtala på 1840-talet i England, og frå den tid og framover blei tre av Victoria planta i stort omfang. Det blei den dominerande sorten i England, og den blei viktigaste plommesorten i mange andre land, mellom anna i Norge. Opp gjennom tidene har det vore planta fleire tre av Victoria enn av nokon annan plommesort i Norge.

 

Over 150 år i Norge

Victoria blei planta ved NLH kort tid etter at skolen kom i gang i 1859. Trea kom truleg frå England. Frå 1874 er det ført notat om sorten i frukthagen ved NLH. Omtrent på same tid som sorten kom til NLH, var den også planta i K. Knudsen sine samlingar på Tokheim i Odda, han fekk trea frå Tyskland.

 

Treet veks svært sterkt i planteskolen, med lange og slengande skot, dei kan gjerne bli opptil eit par meter. Men etter nokre år avtek veksten, og treet blir ikkje stort. Krona på eit utvokse tre er helst låg, litt vid og med hengande greiner. Treforma er god, og slike tre er lette å ha med å gjere for dyrkaren. Veden er møyr, og greiner kan lett knekke. Blada er store, mørkt grøne og glinsande.

 

’Victoria’ blomstrar rikt og årvisst, og den er sjølvfertil, slik at den klarar seg med eige pollen. Det er det vi kallar ein plantasjesort. Blomstringstida er helst tidleg, eller saman med mange andre av våre mest vanlege sortar. Den har godt pollen, slik at den høver å plante saman med andre sortar.

 

Må tynnast

Avlinga er svært stor, så stor at det er eit problem. Den må tynnast godt i dei fleste år for at fruktene skal bli store nok, og for at fruktkvaliteten skal bli god nok. Etter år med altfor stor avling kan trea vera utan avling neste år. Eit tre som overber vil også vera utsette for skade i ein påfølgande kald vinter.

 

Frukta er stor, som oftast mellom 40 og 50 gram eller større, men dette avheng sterkt av avlingsnivået. Den mognar frå kring 15. september og utover, avhengig av temperaturen i veksttida. ’Victoria’ er ein kravfull sort med omsyn til klima, den skal ha varme og gode somrar for å bli godt utvikla.

 

Fruktforma er oval, velutvikla frukter er meir rundaktige enn frukter i svak utvikling på utynna tre. Grunnfargen er gul, men med fiolettraud dekkfarge. Dekkfargen kan dekke det meste av overflata, men der kan også vera i punkter og sjatteringar.

 

Velutvikla frukter smakar godt

Fruktkjøtet er bleikt gult, middels fast, det er litt grovt og med tydeleg struktur. På tre med altfor stor avling blir fruktene lite farga, dei er prega av ein gråtone. Steinen losnar godt frå fruktkjøtet på velutvikla frukter.

 

Fruktsafta inneheld nokså mykje syre, og sukkerinnhaldet er heller ikkje uvanleg høgt. Smaken er ofte noko syrleg, men aromatisk og god. Velutvikla frukter smakar godt, og kvaliteten blir rekna som god både som dessertplomme, og til andre formål.

 

Ein hovedsort i Norge

Victoria har vore hovedsort i Norge i mange år fordi den er lett å dyrke. Trea har ei grei vekseform, den blomstrar rikt og gjev stor avling. Karten må tynnast systematisk for at kvaliteten skal bli god nok. Mykje dårlege frukter frå utynna tre blei tidlegare marknadsført, og det sette sorten i vanry.

 

Trea kan få skade i kalde vintrar, særleg etter år med altfor stor avling. Stort sett er Victoria eit friskt tre og plommene er lite utsette for sjukdom. Men det hender altfor ofte at frukta utviklar gummiflod inne i fruktkjøtet, eller at den blir geledanning i enden mot stilken. Dette er eit alvorleg problem for handelsdyrkinga.

 

Det blir nå planta færre tre av Victoria enn tidlegare, men ei godt utvikla Victoriaplomme kan framleis måle seg med nyare sortar. I private hagar bør Victoria vere med, men vilkåret er at karten blir tynna.