Hopp til hovedinnholdet

Tråneplomme

Plom Sort Tråne 21.09.2015 B 34

Foto: Finn Måge / Norsk genressurssenter/ Nibio

’Tråneplomma’ har sitt namn etter garden Tråne i Søgne. Ei jente frå Tråne som heitte Allov, tente hjå skipskaptein Marcus Kjelland på Indre Flekkerøy på 1760-talet. Han hadde med seg plommesteinar frå Brasil, og Allov fekk nokre av disse kjernane som ho sådde heime på Tråne. Eit av trea som voks opp hadde så fine frukter at det gjekk gjetord om dei. Sorten blei kalla ’Tråneplomme’, og blei spreidd med rotskot i nærområdet.

 

Lett å selje

Med tid og stunder blei det planta mykje av denne sorten over store område, og det blei ei viktig plomme på Sørlandet. Det blei sagt at ’Tråneplomma’ er lett å plante, lett å dyrke, lett å hauste og lett å selje, og mang ein småbrukar på Sørlandet har hatt ei god inntekt av denne plomma.

 

’Tråneplomme’ hadde sin store marknad i Kristiansand, og i gode år blei den sendt vidare til byar på Austlandet. Det er sagt at på ein dag i 1926 gjekk 5000 liter med slike plommer med rutebåten frå Tråne til Kristiansand.

 

Både rotskot og poding

Tre av ’Tråneplomma’ har vore med i sortssamlinga på Ås i mange år, og sjølv om det i dag er rekna for å vere ei lite aktuell plomma, er det utført notat om sorten. Tråneplomma har tradisjonelt vore formeira med rotskot, og slike tre blei nokså store. Poda tre er berre middels store. Greinene har ei hangande form, og er lette å skjere og å stelle.

 

Trea blomstrar rikt, og blomane opnar seg to til tre dagar seinare enn hos Victoria. Den klarar seg med eige pollen, og det er ei årsak til at den har store og årvisse avlingar.

 

Ein litt gamalmodig sort

Frukta er helst stor, på tynna tre veg fruktene frå 35 til 40 gram. Overflata har ein brunraud dekkfarge, men den gule grunnfargen skin igjennom. Forma er rund, men den er litt uttrekt mot stilkenden. Fruktkjøtet er fast, og den har vore ei vel omtykt plomme i dei områda der den var dyrka.

 

Innhaldet av sukkerstoff i fruktsafta er bra høgt, eller 15 til 16 prosent, og syreinnhaldet er om lag 1,3 prosent. Mogningstida er omkring 20. september, altså om lag på same tid som ’Victoria’. Avlinga på Ås har vore stor og årviss. Når trea er godt stelte og tynna, er ikkje plomma så verst.

 

Men det er ein gamalmodig sort, og både utsjånad og smak gjer at den ikkje kan konkurrere med moderne sortar. Den blir neppe planta i dag anna enn av personar som har lyst å ha denne gamle sorten i hagen sin.

 

Historia om Tråneplomma er skildra i 1935 av Lauritz Fuglevik, omtalen er trykt av Marnar Historielag.

Plom Sort Tråne 11.09.2007 F.jpg
Foto: Finn Måge / Norsk genressurssenter / NIBIO
Plom Sort Tråne 13.09.2008 E.jpg