Hopp til hovedinnholdet

Sigrid

ManglerBilde

Plommesorten ’Sigrid’ var ein lokal sort som blei funnen i hagen til ei dame som heitte Sigrid T. Vik på Karmøy i Rogaland. Ein gong på 1970-talet kom det kvist av sorten til Norges landbrukshøgskole på Ås, og ’Sigrid’ var med i forsøksfelta i mange år. Den var også planta på Sem i Asker, slik at det finst erfaringar frå to stader.

 

Steinane losnar frå kjøtet

Trea var friske og fine, dei blei nokså store og veksten var opprett. ’Sigrid’ blomstra tidleg, eller på same tid som ’Opal’. Vi kjenner ikkje noko til pollineringsforholda. Den blomstra bra i enkelte år, men i dei fleste år var det litt for lite blomstring. Avlinga var heller ikkje stor i nokon av dei ni åra den blei notert ved NLH, berre i eit av åra var den på fullgodt nivå.

 

Fruktstorleiken var om kring 30 gram i dei fleste år, den var litt større enn ’Opal’. Fruktkjøtet hadde fin struktur, eller det var litt laust. Steinen losna godt frå fruktkjøtet; den losna til og med om fruktene ikkje var godt mogne. Fruktene var friske med lite skade i overflata. Skinnet var lite surt og det var lite seigt, og det var ikkje ubehageleg i munnen som hos enkelte andre plommesortar.

 

Ueinigheit om smaken

Overflata var raudblå på farge, men den hadde blått dogg, slik at den verka blå. Under dogget var ein matt raud farge som skein gjennom. ’Sigrid’ minna nokså mykje om ’Opal’ i fleire eigenskapar. Mogningstida var frå midten av august og utover, altså samtidig med ’Opal’ eller nokre dagar tidlegare.

 

Smaken var omdiskutert. Enkelte hevda at ’Sigrid’ smaka godt, medan andre reagerte på at fruktsafta inneheldt mykje syre. I smakstestar kom den bra ut. Smaken var litt svakare enn hos ’Edda’ og ’Opal’, men betre enn ’Rivers Early Prolific’.

 

Til slutt vraka frå marknaden

Ved analyse viste det seg at syreinnhaldet var svært høgt. Det låg tett opp under to prosent, eller over to prosent i enkelte år. Den kunne innehalde opptil dobbelt så mykje syre som ’Opal’. Innhaldet av sukkerstoff var omtrent på same nivå som ’Opal’. Personar som reagerer på syre var negative til sorten.

 

’Sigrid’ var ein fin sort med mange gode eigenskapar, og den var lett å dyrke. Men sorten gav for lita avling. Dessutan inneheldt fruktsafta så mykje syre at ein del personar reagerte negativt på den. ’Sigrid’ mogna samtidig med ’Opal’, og likna så mykje på Opal i dei fleste eigenskapar, at det var naturleg å samanlikne desse to sortane. Skulle ein av sortane veljast, måtte det bli ’Opal’. ’Sigrid’ blei altså vraka, og det finst neppe tre att av sorten.

 

Kjent lokalitet, foreløpig ikke i samling