Hopp til hovedinnholdet

Ruth Gerstetter

Plom%20Sort%20Ruth%20gerst%201989

Foto: Finn Måge / Norsk genressurssenter / Nibio

’Ruth Gerstetter’ er ein tysk sort, den er framkomen etter kryssing mellom ’Czar’ og ’Bonne de Bry’. Kryssinga blei utført i 1920, og sorten blei introdusert av Adolf Gerstetter i 1932. Gartnar Halle i Oslo fekk tidleg tre av sorten, og den var med i katalogen frå Brynes planteskole i 1936.

 

Trea vert sjeldan gamle

rten var poda på forsøksgarden på Njøs i Sogn 1935, og den blei planta ved NLH i 1938. Sorten blei raskt spreidd i Norge, og det var mange tre av den på 1950- og 1960-talet. Etter den tid er det ikkje planta tre av sorten i det heile.

 

Treet er middels stort med opprette og stive greiner. Greinene er møyre og har lett for å brekke, særleg er greinvinklane svake. Trea har ei vanskeleg vekseform. Trekrona er slik at den ikkje er lett å ha med å gjere i ein frukthage. Dessutan er treet lite vinterherdig, og det er utsett for sjukdomar, slik at tre av ’Ruth Gerstetter’ sjeldan blir gamle.

 

Mognar svært tidleg

Blomstringa er to til tre dagar seinare enn hos ’Victoria’. I mange år er blomstermengda for lita til at det kan bli nok avling. ’Ruth Gerstetter’ må ha pollen frå andre sortar for å gje avling, men fleire av våre mest vanlege sortar er i stand til å pollinere den. ’Ruth Gerstetter’ har godt pollen, og den var ein god pollensort for enkelte andre sortar.

 

Frukter av ’Ruth Gerstetter’ mognar svært tidleg, det var den tidlegaste av våre ordinære plommesortar, den kunne haustast i månadsskiftet juli til august. Mogningstida var årsaka til at det blei så stor interesse for sorten. Avlinga blei for lita i eit omløp, og det var ein krevande sort å dyrke. Frukta hang laust, dei fall ned så snart dei var mogne, og trea måtte haustast i fleire omgangar.

 

Høgt syreinnhald

Smaken på velutvikla frukter var nokså god, men den var prega av eit nokså høgt syreinnhald. Fruktkjøtet fekk ofte gummiflod, og det låg gummiaktig sekret inne ved steinen. Det kunne også vera små innsenkingar i fruktkjøtet, og under desse var eit nekrotisk korkvev som skjemde kvaliteten. Fruktkjøtet var grøngult og det var helst fast, og steinen losna godt frå fruktkjøtet. Huda var tjukk og seig og sur, og den losnar ikkje frå fruktkjøttet.

 

Frukta var middels stor, ofte omkring 30 gram. Ved fullmogning var fargen fiolett eller blåfiolett, med eit dekke av dogg som blei omtrent borte fram mot fullmogning. Fruktene var rundaktige til ovale, og nokon gonger var dei skeive ved at den eine halvdelen av frukta var større enn den andre halvdelen. Skinnet er tjukt og seigt, Treet veks middels sterkt, det har opprett vekst, det er lite vinterherdig, gjev for lita avling i det lange løp, og det er utsett for sjukdomar.

 

’Ruth Gerstetter’ hadde berre verdi fordi at den mogna tidlegare enn andre sortar. Bortsett frå mogningstida, var det ein sort med mange svake eigenskapar både med omsyn til treet og frukta. Sorten er blitt borte frå norske frukthagar for mange år sidan.