Hopp til hovedinnholdet

Rivers Early Prolific

RiversearlyProlific

Foto: Finn Måge / Norsk genressurssenter / Nibio

Sorten er laga av Th. Rivers i England omkring 1820 etter frø av ein sort som heitte Precoce de Tours. Mortreet gav frukt omkring 1830, og sorten blei spreidd nokre år deretter. Sorten kom til NLH i 1880. Nokre år seinare kom same sorten frå ei anna kjelde under eit anna namn. Sorten er i fleire publikasjonar kalla Early Prolific, og den har også vore kalla Frühe Fruchtbare.

 

Friskt lite tre

Treet blir ikkje stort, det har ei rund og fin krone med hengande greiner. Treet er friskt og er enkelt å ha med å gjere i frukthagen.

 

Frukta mognar tidleg, frå om lag 15. august og utover. Den er lita, omkring 20 gram hos velutvikla plommer. Ofte er avlinga altfor stor, og då er plommene mykje mindre, ned mot 12 til 15 gram. Frukta er rund og jamn og fin. Fargen er raudblå, men det kraftige dogget gjer at den ser blå ut. Fruktkjøtet er grøngult, møyrt og med fin struktur, men det er litt grovt. Steinen losnar godt frå fruktkjøtet på velutvikla frukter.

 

Noko syrlege frukter

Trea blomstrar rikt og årvisst. Bløminga er samtidig med Victoria, eller ein dag seinare, og Victoria er ein god pollensort for 'Rivers early prolific'. Den gjev stor avling, så stor at karten må tynnast for at det skal bli store nok frukter av god nok indre kvalitet. Tynning er også avgjerande for å få årvisse avlingar. Fruktene kan få plommepung, og i enkelte år litt monilia, men stort sett er det ein frisk sort.

 

Smaken er noko syrleg, den er prega av det høge syreinnhaldet i fruktsafta. Den har lite søtsmak, og heller ikkje mykje aroma. Det har til alle tider vore delte meiningar om kvaliteten, men fullmogne frukter frå godt tynna tre har bra spisekvalitet, sjølv om dei kunne vore både søtare og med meir aroma.

 

Tidlegare ein viktig sort

’Rivers early prolific’ var mykje planta tidlegare, på 1950 og 1960-talet var det ein av våre aller viktigaste plommesortar, og utgjorde meir enn ti prosent av plommerproduksjonen i landet. Særleg var det mykje i Ryfylke og Hardanger. Den største verdien hadde sorten fordi den mogna tidleg, og var grei å ha med å gjere i omsetninga.

 

Etter kvart forlanga marknaden større frukter, og frukter med meir søtsmak og meir aroma. Dessutan var små frukter seine å hauste, og avlingsregulering kravde mykje arbeid. Det er mange år sidan det var planta tre av ’Rivers early prolific’, men den var med i omsetninga til utpå 1990-talet. Nå er sorten gått i gløymeboka både hos produsentar og forbrukarar.