Hopp til hovedinnholdet

Reeves

Plom Sort Reeves B 05.09.2009

Foto: Finn Måge / Norsk genressurssenter / Nibio

Plommesorten ’Reeves’ er ei frøplante etter den gamle franske sorten ’Peach’. Den blei funnen i Canada omkring 1940 av ein person som heitte Reeves. Podekvist av ’Reeves’ kom frå Summerland i Canada til Norge i 1980. Sorten blei testa på Njøs og ved NLH, og etter kvart kom den med i handelsdyrkinga. Omkring 2010 har det vore omsett opptil 100 tonn av sorten.

 

Treet veks godt som ung, det utviklar ei rund krone og blir ikkje svært stort. Treforma er grei nok, men det er viktig å fornye greinmassen.

 

Treng pollensortar

Med omsyn til avling så er erfaringane varierande, men stort sett har den gitt for lite. ’Reeves’ blomstrar rikt og årvisst. Pollenet har dårleg kvalitet, den kan ikkje pollinere seg sjølv, og neppe andre sortar. Men den kan pollinerast av fleire av våre mest dyrka plommesortar, sjølv om den i dei fleste år blomstrar ein til tre dagar seinare enn desse. Ved planting av ’Reeves’ må det setjast inn rikeleg med gode pollensortar.

 

Frukta er stor, ei av dei største plommesortane vi dyrkar. Den er over 60 gram, som oftast mellom 70 og 80 gram. Fruktforma er rund og den har gulgrøn grunnfarge med ein del lysande raudt på solside, nokon gonger kan ein stor del av overflata vera dekka med den fine raudfargen. Overflata har eit lag med dogg eller voks, som gjev ein mattare farge. Plommer av ’Reeves’ i god utvikling er svært tiltalande å sjå til, og sorten presenterar seg fint i omsetninga.

 

Ei stor og god plomme

Fruktene mognar seint, frå 15 september og utover. Det er omtrent på same tid som Victoria eller nokre dagar tidlegare.

 

Fruktkjøtet er fast, men saftig. Skinnet er kraftig og har litt bitter smak, men ikkje slik at det pregar kvaliteten i nemnande grad. Steinen losnar godt frå fruktkjøtet. Den er noko utsett for monilia, og kan rotne på treet fram mot mogning. Ved langvarig regnvêr kan det bli små sprekker i fruktoverflata. Sorten krev lite tynning, men det er viktig at plommene ikkje heng i klasar; dei skal hange som enkeltfrukter.

 

Godt mogne og velutvikla frukter smakar godt, så godt at folk kjøper sorten, og kjøper på nytt. Men den kan vera litt syrleg, og der er heller ikkje mykje aroma. Analyser viser at innhaldet av sukkerstoff i fruktsafta er nokså lågt. Men innehaldet av syre er også lågt, slik at forholdet mellom sukker og syre er høgt. På trass av ein del svakheiter ved sorten, blir ’Reeves’ nå planta i helst stort omfang.

PlomReeves.jpg
Foto: Finn Måge / Norsk genressurssenter / Nibio