Hopp til hovedinnholdet

Opal

Plom Sort Opal 20.08.2013 F

Foto: Finn Måge / Norsk genressurssenter / Nibio

’Opal’ er ein svensk plommesort, framkomen på Alnarp i Skåne. På 1920-talet utførde dei der eit stort arbeid for å oppklare pollineringsspørsmålet i plommer. Fruktene etter dei systematiske kryssingane blei så brukte i foredlingsarbeid.

 

Tilfeldig foredlingsresultat

Våren 1925 pollinerte dei sorten ’Reine Claude d’Oullins’ med ’Early Favourite’. Av denne kombinasjonen sådde dei ut 64 kjernar i februar 1926. Berre to frø spirde, og den eine av dei to døde litt seinare, slik at hausten 1927 var det berre att ei plante. Først i 1935 la dei merke til positive eigenskapar ved fruktene på dette eine treet, og det blei oppformeire i 1936.

 

Etter den tid blei sorten godt oppfølgd, og den synte så gode eigenskapar at i 1944 kom dei til at sorten skulle sleppast ut på marknaden. Den fekk då namnet ’Opal’. Dette er eit godt døme på kor tilfeldig fruktforedlinga kunne vera, og likevel lukkast. Det er også døme på kor langvarig fruktforedlinga kunne vera, det tok 20 år frå kryssing til sorten blei spreidd.

 

Friskt og herdig tre

Tre av ’Opal’ kom til Norge omkring 1950. Den første tida var det ei forsiktig planting, men etter kvart som produsentane lærde sorten å kjenne, blei den ein av våre aller viktigaste sortar.

 

Unge tre veks kraftig, skota kan vere svært lange. Men på same måte som mange andre plommesortar avtek veksten med åra, og treet blir ikkje stort. Vekseforma er utbreidd og krona er rund, og det er helst lett å forme og skjere tre av ’Opal’. Trea er herdige, dei toler låge vintertemperaturar utan å ta skade. Treet er lite utsett for sjukdomar.

 

Tidlegplomme

Frukta er rund til oval og middels stor, omkring 25 gram og oppover mot 35 gram. Storleiken er for ein stor del avhengig av avlingsnivå og generelt stell av treet. Fargen er raudfiolett, men den gule grunnfargen kan skinne gjennom. Overflata er dekka med eit vokslag eller dogg som gjev frukta eit gråaktig skjer.

 

Fruktkjøtet er gult, søtt og saftig, med god smak fin aroma. Steinen losnar fint frå fruktkjøtet på godt utvikla frukter. Det er ei god bordfrukt, men kan også nyttast til syltetøy og liknande produkt. Steinen er helst liten. Opal har eit tynt og fint skinn utan usmak, men i vedvarande regnvêr under mogning kan det løyse seg opp. ’Opal’ mognar i siste halvdel av august, eller frå om lag 20. august til dei første dagane i september.

 

Sjølvfertil og rike avlinger

Trea kjem tidleg i blomstring og bering. Den blomstrar på same tid som mange av våre viktige plommesortar, den har godt pollen, og er ein god pollensort for mange andre sortar. ’Opal’ pollinerer seg sjølv, og det er ei årsak til at den er så riktberande. Avlinga er rik, den er som regel altfor stor, og det er nødvendig med ei kraftig tynning av karten.

 

Dei som har mindre bra erfaring med ’Opal’, har det fordi trea har bore for stor avling. I slike år med overbering blir fruktene små og grå med så svak kvalitet at dei er verdlause i handelsdyrkinga. Og etter eit slikt storår er trea snaue for avling neste år. ’Opal’ er ein av dei sortane som gjev mest att for godt stell, både med omsyn til skjering og tynning.

 

God i småhagar

’Opal’ har vore hovudsort i Noreg i mange år, og frå omkring år 2000 har det vore vår aller viktigaste plommesort. I åra kring 2010 blei det omsett nær 250 tonn av ’Opal’ i Norge, det utgjer omtrent 25 prosent av plommeproduksjonen i landet.

 

Sorten er så lett å dyrke, og har så god kvalitet at den bør vera med i handelsdyrkinga framover, sjølv om omsetningslekken synest fruktene er altfor små. ’Opal’ passar også i småhagar alle stader i Noreg der plommer blir dyrka. Eit vilkår for vellukka produksjon, er at karten blir tynna systematisk.

Plom Sort Opal 20.08.2013 J.jpg
Foto: Finn Måge / Norsk genressurssenter / Nibio
Plom Sort Opal 20.08.2013 C.jpg