Hopp til hovedinnholdet

Methley

ManglerBilde

’Methley’ høyrer til gruppa salicinaplommer (Prunus salicina), og som fleire slike har Methley litt uklårt opphav. Foreldresortane er ikkje oppgitt, men truleg har den arvestoff frå fleire arter og sortar.

 

Treet veks sterkt alt frå ungdomen av, og med tida blir det eit stort tre med utbreidd vekseform. På grunn av den kraftige veksten er det ikkje lett å skjere og å forme treet. Som salicinaplommer flest, toler ikkje trea svært låge vintertemperaturar.

 

Nødvendig å tynne

Trea ber rikt, avlinga kan i enkelte år vera svært store, og då er det heilt nødvendig med tynning for å få store nok og gode nok frukter. Over tid har ’Methley’ gitt bra avling. Den mognar noko ujamt, men fruktene heng godt på treet og fell ikkje lett av før hausting.

 

Frukta er hjarteforma til meir rundaktig i forma. Stilken er lang og tynn. Frukta er middels stor til stor, normalt i overkant av 30 gram, eller opptil 40 gram. Fruktfargen er mørk raud til blåleg raud ved fullmogning. Ofte er der lysgrå skalpunkt, og overflata kan vera sterkt grådogga.

 

Farga fruktkjøt

Fruktkjøtet er kjenneteikna ved at det er raudt til blåleg, med lysare fibrar. Det er ikkje mange plommesortar som har så sterkt farga fruktkjøt. Fruktkjøtet er saftig, og safta smakar søtt, men har lite aroma, og lite godsmak. Skinnet er tjukt og seigt, og det har ein litt bitter smak. Steinen heng fast til fruktkjøtet.

 

Ei tid var det planta helst mange tre av ’Methley’. Den såg ut til å trivast godt på Vestlandet. Den tolde også omsetninga godt utan å ta skade som reduserte utsjånaden nemneverdig. Både farge og utsjånad elles, gjorde Methley til ei interessant plomme ei tid, men folk kunne bli skuffa over den svake smaken. Det blei aldri planta så mykje av Methley at den prega marknaden. I dag finst det neppe att tre av ’Methley’. Nokon gonger kan vi finne importerte plommer som liknar mykje på ’Methley’.