Hopp til hovedinnholdet

Katarinaplomme

Plom Sort Karatinaplomme A Lier 13.09.08

Foto: Finn Måge

’Katarinaplomme ’eller ’Prunelle’ er ein gamal sort, og er omtala i Bredsteds danske pomologi frå 1890-talet. Sorten var fransk, og den var litt dyrka i Norden, men lite eller ikkje planta etter omkring 1870.

 

Treet var lite og fint, og det gav jamn men ikkje stor avling. Fruktene fall av ved mogning, så den måtte haustast i fleire omgangar.

 

Søt og god smak
Dette var ei sviskeplomme, mørk purpurraud, spetta med svartbrunt i punkter eller prikkar, og den hadde blå dogg. Fruktene var middels store, breiast på midten, og avsmalnande mot stilkenden. Fruktkjøtet var fint, gult med grønleg skjer, saftig og søtt og med ein behageleg smak.

 

Den mogna i månadsskiftet september til oktober i Danmark, og i varme somrar gav den god kvalitet, men blei ikkje godt nok utvikla i kjølege somrar. Den var planta på Njøs i Sogn, men den var altfor kravfull, og nådde ikkje god nok utvikling.

 

Gul Katarinaplomme
I følgje pomologien av Olof Eneroth frå 1870-talet, finst det også ei gul plomme som blir kalla ’Catarineplomme gul’. Det er vel den som også har vore kalla ’Kongeplomme frå Tours’. Den er altså gul, men med raude prikkar eller raudlege flekker, og overflata er dekka med dogg. Frukta er middels stor og forma er omvendt eggforma. Det vil sei at den spissar mot stilkfestet, og den kan vera litt innsenka i griffelenden.

 

Det kan altså sjå ut som om namnet ’Catarinaplomme’ (med K eller med C) har vore brukt på minst to ulike sortar. Den eine var ei mørk sviskeplomme. Den andre ei gul plomme som høyrer til ei heilt anna gruppe enn det sviskeplommer gjer. Truleg var desse plommene lite dyrka i Norge. Kan det tenkjast at det har vore ei tredje ’Catarinaplomme’ som har vore med her i landet?