Hopp til hovedinnholdet

Jubileum

Plom Sort Jubileum A 11.09.07

Foto: Finn Måge

’Jubileum’ er ein svensk plommesort som blei registrert og fekk namn i 1990. Kryssing og testing er utført ved Balsgård, og foreldra er sortane ’Giant’ og ’Yakima’. Ved NLH blei den prøvedyrka frå 1982.

 

Trea veks godt som unge, og dei kan bli høge og smale. Med alderen avtek veksten, og utvoksne tre har ei helst fin form, og kan formast og skjerast. Skota er lange og grove. Tre av ’Jubileum’ er vinterherdige, sjølv i kalde vintrar har dei klart seg godt.

 

God pollensort

Tre av ’Jubileum’ blomstrar rikt og årvisst. Blomstringstida er tidleg til middels tidleg. Det ser ut som om den er sjølvfertil eller delvis sjølvfertil, og som oftast er fruktsetjinga rik. Pollenet av ’Jubileum’ er godt, det kan pollinere mange andre sortar.

 

Avlinga av ’Jubileum’ er både stor og årviss. Sorten har mindre behov for tynning enn til dømes ’Opal’ og ’Victoria’. Fruktene har tendens til å hange i klasar, og dei kan vere utsett for rotning på treet. Difor bør avlinga regulerast slik at fruktene heng enkeltvis.

 

Svært store plommer

’Jubileum’ mognar kring 20. september, omtrent på same tid som Victoria, eller nokre dagar seinare. Fruktene er store, 60 gram eller meir. Fruktforma er litt langstrekt, men den er velforma. Fargen er raudfiolett med små brune prikkar på gul grunnfarge. Som fullmogen er ’Jubileum’ nokså mørk. Innhaldet av oppløyst tørrstoff er høgt, og den inneheld nokså mykje syre.

 

Frukt­kjøtet er fast og fint med gul farge, men det kan vera noko grovt i strukturen. Frukthuda er tjukk og seig, og det smakar nokså surt. Smaken på fruktkjøtet er både søt og syrleg, og med noko aroma. Fruktkjøtet hos ’Jubileum’ losnar godt frå steinen, betre enn mange andre sortar. Fruktene kan av og til ha litt gummiflod, og monilia kan føre til rotning i enkelte år.

 

Viktig sort i Norge

Norske produsentar har vist stor interesse for ’Jubileum’, og det er planta så mykje av sorten at den nå (2012) er vår fjerde største handelssort. Erfaringa er at frukter av ’Jubileum’ skal vera fullmogne ved hausting, då blir kvaliteten best. Foredlarane på Balsgård hevda i si tid at 'Jubileum' er sorten som kan koma til å erstatta Victoria som hovedsort i Norden. Sorten er helst kravfull, men i våre beste plommedistrikt blir fruktkvaliteten god nok.