Hopp til hovedinnholdet

Hackman

Hackmann

Hackman plomme Foto: Fra Svenska Fruktsorter II 

’Hackman’ er omtala i Sverige i 1837. Opphavet er ukjent, men den er rekna som ein svensk sort sjølv om det også har vore hevda at den opphavleg kom frå England. Til NLH kom sorten frå Sverige i 1880. Det vert fortalt at sorten skal ha navn etter ein prest som sørga for å spreie sorten til plommedyrkerar i England.

 

Treet blir nokså stort. Som ungt har det opprett vekst med lange og kraftige skot. Eldre tre får seinare utbreidd vekst med hangande greiner. Krona er helst open og greinene er sterke. Treet er hardført og klarar seg godt i våre viktigaste plommestrøk.

 

Sorten har gjeve stor til middels stor avling, og den ber årvisst. Blomstringa er sein, den har godt pollen, men sorten er sjølvsteril. ’Hackman’ blir pollinert av andre seintblomstrande sortar, som til dømes ’Reine Claude d’Oullins’.

 

Store plommer

Frukta er stor, om lag 30 gram. Forma er langstrekt eller oval, stundom nesten eggforma. Overflata er matt gulgrøn med lysegrøne skjold, og det kan vera raude punkt nær stilkenden. Den mognar i siste halvdel av september, gjennomsnittleg mogningsdato i Ås var den 25. september.

 

Fruktkjøtet er nokså fint og saftig, men litt laust. Smaken er god, fruktsafta er søt, og den har ein viss aroma. Den klarde seg godt med omsyn til transport og omsetnad. Fargen er ikkje så tiltalande at den vekker kjøpelyst hos folk. Steinen losnar ikkje godt frå fruktkjøtet, og for ei spiseplomme er det ein negativ eigenskap. Trass i nokre feil, blei Hackman rekna som ei god bordfrukt, og svært god til bruk i hushaldet.

 

Mognar seint

’Hackman’ var med i Hageselskapet si sortsliste fram til omkring 1960. Tre av sorten var planta mange stader i landet, men den blei aldri ein viktig sort. Den mognar seint, og i enkelte år nådde den ikkje god nok utvikling. Dette hende særleg i klimatisk dårlege år, og i år med altfor stor avling.

 

Av dei seintberande sortane var Hackman ei tid rekna for å vera mellom dei aller beste, men den blei berre tilrådd i våre beste plommedistrikt. Hackman er ein seintmognande og kravfull sort som gjev god avling av bra kvalitet. Hackman er etter kvart heilt borte både frå yrkesdyrkinga og frå privathagar.

 

Hackman plomme er nært beslektet med og ligner på Reine Claude-plommer, som det finnes flere ulike typer av.  Treet er sterktvoksende og tåler relativt strenge vintre.

 

Sorten bærer rikt med relativ store plommer som modner i slutten av september eller i begynnelsen av oktober. Plommene er gode å spise når sommeren er god, men kjøttet er relativt grovkornet og plommene har derfor mest blitt brukt til matlaging.