Hopp til hovedinnholdet

Gulplomme

ManglerBilde

Gulplomme har vore vanleg dyrka her i landet frå gamalt av. Vi kjenner ikkje til opphavet eller når den kom til Norge, men kanskje er den så gamal at munkane kom med den. Sorten har vore mest utbreidd på Austlandet, særleg i Østfold, Vestfold, Akershus og i Buskerud. I Sverige var dette den mest vanlege plommesorten før år 1900. Den var utbreidd i Estland, men kom ikkje til Finland før i 1768. Truleg stammar den frå Frankrike eller Nederland.

 

Sort med mange navn

Slike gamle sortar har vore dyrka under fleire namn, og dette har ført til at den har vore forveksla med andre sortar. Olav Skard meinte at sorten burde kallast ’Gulplomme, almindelig’, eller ’Almindelig gulplomme’ slik som i Sverige. I Sverige var den også kalla ’Gulplommon’, men i den svenske pomologien er ’Allmänt gulplommon’ brukt. Ved omsetting på torget i gamal tid var namnet ”Eggplomme” mykje brukt i Norge.

 

Sorten var viktig i Sverige, og der blei den også kalla ’Små gula eggplommon’, ’Tidlega gula eggplommon’ eller ’Vanleg hvitplommon’. Dei mange namna som har vore brukte, har skapt mykje forvirring. Særleg blei den forveksla med andre sortar som hadde ’Eggplomme’ i namnet. ’Allmänt Gulplommon’ har vunne innpass i Sverige, og her i landet var det fleire som meinte at den burde kallast ’Vanleg gulplomme’.

 

Svært hardført tre

Treet har middels kraftig vekst, og det blir middels stort, med opprette og stive greiner, og det er svært hardført. Den set rotskot rundt stamma, og det er ei ulempe ved dyrking. Men bruk av rotskott er ein enkel måte å formeire sorten på. Sorten kom tidleg i bering, og den bar rikt, men kunne nok vera utan avling i enkelte år.

 

Fruktene mognar i første halvdel av september. Den er middels stor, ovalt eggforma, og har ein utstrekt hals ved stilkenden. Den er jamt avrunda mot griffelpunktet, og omkretsen er ikkje alltid heilt rund. Stilken er lang. Fargen er gul og kan vera lett marmorert med grønt eller med grøne punkter, og den har kvitt dogg. Frukthuda er tynn og losnar lett frå fruktkjøtet.

 

Dominerande på torget

Fruktkjøtet er gulgrønt, noko grovt i strukturen og fast. Den er velsmakande og middels søt, men har ikkje mykje aroma. Fruktkjøtet var så fast at plomma tolde godt transport og omsetning, men overflata kunne få skrapeflekker. Steinen losnar lett frå fruktkjøtet, nærsom på eit lite punkt.

 

Kvaliteten blei rekna som brukbar som bordfrukt, og som svært god hushaldsfrukt. Sorten er fruktbar, og bra årviss. Treet er hardført og friskt og er lett å dyrke. Rett nok er gulplomma utsett for gummiflod. Kvaliteten var god nok både til bordfrukt og til syltetøy. Dette var årsaker til at den fekk så stor utbreiing i Norge og i våre naboland. For 100 år sidan var det var det marknadsført så mykje av sorten på torga i Oslo, at den var den dominerande plommesorten i handelen.