Hopp til hovedinnholdet

First

ManglerBilde

Plommesorten First er laga av den kjende planteforedlaren Luther Burbank i California omkring år 1900. Dette er ein salicinasort (Prunus salicina), eller det som blei kalla japanske plommer. Burbank gjev ikkje opp foreldresortane direkte, men nemner fleire sortar som er opphavssortar. First kom til Norge første gongen i 1913, og den kom med i sortstestingar frå 1924.

 

Ferskenbladplomme

Treet veks svakt i planteskolen, og det kunne bli brukt eit år ekstra for å ale opp gode tre for utplanting. I frukthagen blir trea heller ikkje høge, men dei har ei utbreidd vekseform og blir vide. Blada er lange og smale som hos salicinaplommer flest. Denne plommegruppa har også vore kalla ferskenbladplommer, nettopp på grunn av bladforma.

 

First blomstrar tidleg, og på den tid er det få andre plommesortar som blomstrar. Dessutan er tre av First sjølvsterile, og må ha pollen frå ein anna sort. Dette er ei årsaka til at avlinga i enkelte år er lita. Men i andre år slår den til med stor avling, og over tid kjem den nokså bra ut.

 

Hjerteforma frukt

Fruktstorleiken er middels til god, vanlegvis opp mot 30 gram. Frukta er hjarteforma, og er litt uttrekt eller spissa mot griffelenden. Grunnfargen er gulgrøn, med eit tynt lag av raudt, meir eller mindre i punkter eller striper på solsida. Overflata kan også vera dekka med litt grådogg. Frukta mognar i første halvdel av august, og mange planta den for å utnytta den tidlege marknaden og dei gode prisane først i sesongen.

 

Fruktkjøtet er gult, det er laust og sers saftig. Safta smakar søtt, men inneheld lite av både syre og sukker, og smaken er tam eller lite karakteristisk utan sermerkt aroma. Steinen løyser ikkje godt frå fruktkjøtet.

 

Friske trær

I enkelte bygder på Vestlandet, særleg krig forsøksstasjonen Njøs i Leikanger, var det planta nokså mange tre av sorten First. Der det var innplanta pollentre av sortane Extra Early Cherry og Magda Jensen, så kunne avlinga bli god. Ja så god at i mange år måtte fruktene tynnast systematisk.

 

Sorten var lite plaga av sjukdomar. Som salicinaplommer flest, var trea utsett for frostskade, og var ikkje tilrådd på stader i landet med kalde vintrar. First er for lengst borte frå norske frukthagar.