Hopp til hovedinnholdet

Emma Leppermann

ManglerBilde

Sorten er framkomen hos anleggs- og handelsgartnar Leppermann i Tyskland litt før 1890. Den er først skildra på 1890-talet, og sorten blei spreidd frå omkring år 1900. Den kom både til Njøs og NLH i siste halvdel av 1920-åra, men podekvisten kom frå ulike stader.

 

Rik og årviss bering

Treet veks opprett som ungt, og får etterkvart ei fin krone, rund og litt tett. Trea klarar seg godt i dei beste fruktdistrikt i landet, men i innlandet blei dei skadde i kalde vintrar. Erfaringar var at trea kom seint i bering, men etter kvart gav Emma Leppermann god avling, den bar både rikt og årvisst.

 

Frukta er stor, oval og litt avflata både ved stilkenden og griffelende. Skinnet er helst tjukt, og kan løysast frå fruktkjøtet. Grunnfargen er gulgrøn, med ein svak raud dekkfarge som gjer at plomma verkar lysraud eller oransje, eller nærmast vinraud. Fruktkjøtet er gult, mjukt og saftig. Den mognar i første halvdel av september, litt før Oullins. Smaken er søt, men syra kjem tydeleg fram, og den har lite aroma, slik at den manglar godsmak.

 

Mjukt og laust fruktkjøt

Emma Leppermann var planta ein periode fordi den bar rikt og årvisst. Sist på 1940-talet fanst det tre av sorten i mange av våre fruktbygder, og enkelte stader var der mange tre av sorten. Men på landsbasis var den lite planta, og den blei raskt borte når kravet til kvalitet auka.

 

Kvaliteten er tam og syrleg med lite godsmak. Smakskvaliteten er slik at den ikkje blei rekna som god bordfrukt, og var heller ikkje godt eigna til sylting. Dessutan er fruktkjøtet ofte skjemd av gummiflod og nekrotiske flekker. Fargen er fin, men den lyse overflata blir lett skadd under sending og lagring.

 

Fruktkjøtet er svært mjukt eller laust, og også av den grunn toler den lite transport og omsetning. Slike svakheiter gjorde det til ein vanskeleg sort i omsetninga. Emma Leppermann blei raskt borte frå yrkesdyrkinga frå utpå 1950-talet. Det var heller ikkje nokon utbreidd sort i private Hagar.

 

Denne er foreløpig ikke bevart og vi ønsker opplysninger om hvor den kan finnes