Hopp til hovedinnholdet

Edda

Plom Edda 23.08.2010 H

Foto: Finn Måge

Sorten Edda er en norsk sort framkomen på forsøksstasjonen Njøs i Leikanger i Sogn etter kryssingar utførde på 1950-talet. Foreldresortane til Edda skal vere Czar og Prune Peache, og sorten fekk namn og blei første gong skildra i 1970.

 

Både i planteskolen og dei første åra etter utplanting veks trea godt. Vekseforma er opprett slik at det blir ei smal eller trong krone, dette er ei vanskeleg treform. Etter nokre år avtek veksten og trea blir ikkje store.

 

Treet får tidleg nakne greiner, og det blir prega av ei form for aldring. Dette kjem av at bukettgreinene som skal gje avling fell av etter nokre år, og hovedgreinene blir snaue og utan plass for blomsterknoppar og frukter. I tillegg har sorten få greiner, og det gjer at det ikkje er plass for nok avling på treet. Tre av Edda blir lett skadde av låg temperatur, og sorten passar ikkje i område av landet med kalde vintrar. Trea er heller ikkje sterke mot sjukdomar.

 

Tidleg mogen

Edda kjem tidleg i bering, og avlinga kan vera nokså stor, særleg på unge tre. Den krev pollen frå andre sortar, men det ser ut som dei vanlege dyrka sortane er gode som pollensortar. Den blomstrar også på same tid som slike sortar. Avling er årviss, og den er lett å tynne, berre ei lita justering er som regel nok. Fruktene mognar helst jamt på treet, og fruktene fell ikkje ned før dei er godt mogne. Likevel blir det tilrådd å hauste i to eller fleire omgangar.

 

Edda mognar helst tidleg, frå 15. august og utover. Frukta er stor i høve til mogningstida, ofte er den omkring 30 gram. Fargen er mørk blå til brunraud ved fullmogning, og den er tiltalande å sjå til. På overflata er eit tynt vokslag eller dogg, og det gjev plomma ein noko grådogga tone. Fruktkjøtet er gult, fast og har ein fin struktur. Smaken er søt og aromatisk. Steinen losnar lett frå fruktkjøtet. Frukta har fin form, den er rund eller litt oval, og den kan vera litt skeiv ved at den eine halvdelen er mindre enn den andre. Kvaliteten er svært god.

 

Ein ettertrakta sort

I dag er Edda den tidlegaste sorten som blir dyrka i handelsdyrkinga. Den store, fine plomma med den fine smakskvaliteten er ettertrakta i marknaden. Den held seg godt i omsetninga. Fruktsafta inneheld helst mykje sukker, og det gjer at den kan smake godt sjølv om den blir hausta litt tidleg. Det kan hende at avlinga på arealet ikkje blir stort nok; det har å gjera med mangel på god fruktved, og det kan vera manglande pollinering.

 

I gjennomsnitt for åra 2006 til 2010 har det vore omsett 60 tonn av Edda, det tilsvarar 6 prosent av plommeproduksjonen i Norge. Den fine ytre og indre kvaliteten gjer at dette er ein ettertrakta sort. Den kan dyrkast både i handelsdyrkinga i hagar. Det finst sortar som mognar tidlegare, men ingen av dei har den fine kvaliteten som Edda.