Hopp til hovedinnholdet

Early transparente

ManglerBilde

Sorten er foredla fram hos Th. Rivers i England i 1866. Opphavet var frø av Reine Claude Diaphane, som og var kalla Old Transparente. Mortreet gav frukt for første gong i 1869, og sorten blei spreidd frå 1873. Den har vore kalla Rivers Early Apricot eller Early Transparente Gage. Sorten kom til NLH i 1921 frå Rivers, og den var planta på Njøs i 1927.

 

Sjølfertil sort

Treet er lite, litt opprett frå ungdomen av, men seinare med utbreidd vekst. Både storleik og form gjer at treet er lett å ha med å gjere.

 

Blomstrane opnar seg tidleg i høve til andre plommesortar. Vi veit lite om korleis den eignar seg som pollensort for andre plommer, men den er sjølvkompatibel, og kan plantast åleine i hagen.

 

Tre av Early Transparente bar ikkje mykje, den var ikkje heilt årviss, og i det lange løp kunne nok avlinga bli litt for lita.

 

Store plommer

Frukta var rekna for å vera stor, omtrent 24 til 28 gram. Forma er rund til oval med middel tjukk hud som er vanskeleg å løysa frå kjøtet. Fruktfargen er gulgrøn med raude punkt og sjatteringar som gjev ein varm og gyllen fargetoning ved full mogning.

 

Fruktkjøtet er gulgrønt, det er saftig, men med noko laus konsistens. Smaken er søt og aromatisk, men kanskje litt slapp, og enkelte meinte at syra kom altfor tydeleg fram. Steinen losnar nesten frå fruktkjøtet, men ikkje fullstendig. Mogningstida er kring 12. september, og på den tid mognar fleire gode sortar, mellom anna Oullins.

 

Godt likte plommer

Frå Njøs forsøksgard blei det hevda at kvaliteten var så fin, at den burde prøveplantast fleire stader. Også ved NLH lika dei sorten, men meinte at det var betre sortar med om lag same mogningstid.

 

Early Transparente var rekna for å vera ei god plomme, men blei aldri tilrådd for dyrking i Norge. Derimot i England var den tilrådd til dyrking. Det blei aldri noko stor planting av Early Transparente i Norge, men omkring 1950 fanst det nokre tre i fleire bygder. Den var altså kjend mellom fruktdyrkarane.

 

Denne er foreløpig ikke bevart og vi ønsker opplysninger om hvor den kan finnes