Hopp til hovedinnholdet

Early Laxton

ManglerBilde

Early Laxton er laga av firmaet Laxton Bros. i England, og blei spreidd frå 1916. Opphavet er ukjendt, men det er sagt at Early Prolific kan vera ein av foreldresortane. I boka av Brooks and Olmo står at foreldra er Jaune Hative x Early Orleans. Sorten kom frå Laxton til NLH i 1925, og etter den tid har den vore spreidd frå norske planteskolar.

 

Ein sjølfertil sort

Treet veks kraftig som ungt, men det kjem tidleg i bering og då blir veksten redusert, greinene bøyer seg ned, krona blir flatrund og litt utbreidd, men ikkje stort. Den var mykje utsett for at greinene rivna i år med stor avling. Fruktene fell lett av, og dei toler lite transport. Blomstringa er middels tidleg, pollenet er godt, og sorten er sjølvfertil.

 

Frukta er oval, og vekta er mellom 20 og 25 gram. Frukta er raud, eller rettare så er der tett av raude til raudfiolette punkt på den gule grunnfargen. Ved fullmogning er den samanhengande raud, og fargen minner mykje om den som vi finn på Victoria. Saumen er grunn, stilkhola trong og djup, og griffelpunktet er tydeleg nedsenka. Huda er tynn og losar ikkje heilt lett frå kjøtet.

 

Tidleg mogen

Fruktkjøtet er lyst gult, laust og saftig. Smaken er søt med lite syre og lite aroma. Steinen er stor, flat og brei og nokså jamn i forma, og den losnar ikkje godt frå fruktkjøtet.

 

Kvaliteten er nokså svak, men likevel brukbar bordfrukt, og særleg fordi den mognar så tidleg at det er lite andre sortar å velje mellom. Den mognar midt i august og i enkelte år kunne den mogne dei første dagane av august. Verdien av sorten låg i at den var tidleg.

 

Den første tida etter at sorten blei kjend her i landet blei det planta ein del tre av Early Laxton. Den var svært riktberande og mogna tidleg. Ofte fall fruktene av med same dei var mogne, og den måtte haustast i fleire omgangar. Beringa var så stor at trea måtte tynnast kraftig, elles blei fruktene for små og med lite godsmak. Trea var lite herdige og gjekk ut i kalde vintrar. Ved godt stell og på gode klimatiske stader, var det ein god tidlegsort. Early Laxton er heilt borte frå norsk plommedyrking.