Hopp til hovedinnholdet

Bonne de Bry

Bonnedebrydelt

Foto: Finn Måge

Bonne de Bry ein fransk plommesort som er framkomen omkring 1830. Sorten var lite påakta før i 1870-åra, men då blei den spreidd og planta i fleire land, og i 1880-åra blei den skildra både i fransk og tysk faglitteratur. Sorten har ikkje nokon direkte synonym, bortsett frå at den i Tyskland stundom blei kalla Gute von Bry.

 

Tre av sorten kom til NLH i 1923 frå ein dansk planteskole og den var planta på Njøs i Sogn i 1925. Bonne de Bry liknar mykje på sorten Early Favourite, og ting tyder på at desse to sortane har vore blanda.

 

Trenger pollensort

Treet er lite og med ei rund eller utbreidd krone. Det har klart seg godt gjennom kalde vintrar, og både treet og frukta er lite utsett for sjukdom. Sorten blømer tidleg, men pollenet er berre middels godt. Bonne de Bry må ha pollen frå andre sortar for å gje avling.

 

Frukta er lite, omkring 15 gram. Den er rund, men litt avflata ved stilk og griffelende. Saumen på buksida frå stilkende til griffelende er berre så vidt synleg, Stilkhola er lita og grunn. Huda på frukta er middels tjukt og kan løysast frå kjøtet.

 

Fruktfargen er blå eller fiolettblå. Fruktkjøtet er gulgrønt, laust, og saftfullt, og det smakar godt. Steinen, som er liten og litt spiss mot endane, losnar nesten fullstendig frå fruktkjøtet.

 

God kvalitet

Sorten er ikkje svært riktberande, men kvaliteten har vore rekna for å vera god, både som bordfrukt og som hushaldsfrukt. Mogningstida er omkring 20. august. På same tid mognar også Early Favourite og Early Prolific.

 

Bonne de Bry har ikkje vore mykje planta her i landet, fordi andre liknande plommesortar har dominert, særleg Early Prolific. Bonne de Bry har mindre avling enn Prolific, men den er rekna for å ha betre kvalitet.