Hopp til hovedinnholdet

Blue rock

Plom Sort Blue Rock 05.09.2009 A

Foto: Finn Måge

Sorten er laga av planteskolefirmaet Th. Rivers i England. Mortreet bar dei første fruktene i 1891 og sorten blei send i handelen nokre år seinare. Foreldresortane er ukjende, men Rivers laga fleire sortar av same typen, så det kan vel hende at opphavet er det same på fleire av dei. Sorten kom frå Rivers til Njøs i 1926. Nokre år seinare kom den frå Njøs til Ås, og den blei etter kvart spreidd til dyrkarar i Norge.

 

Liten frukt

Treet blir ikkje stort, det har ei rund, tett, utbreidd og fin krone. Blada er store og friske, dei er mørke på farge og glinsande. Blomstringa er tidleg, og pollenkvaliteten skal vera god. Den er delvis sjølvfertil, men for å få ei stor avling er det tryggast å plante pollensortar. Sorten har fått plommepung i ein del år, men bortsett frå det er trea friske.

 

Frukta er lita, berre i underkant av 20 gram. Den er oval og jamn i forma med ein tydleg og brei, men ikkje djup saum. Den mognar dei første dagane av september. Fargen er mørk blå med mykje fiolettblå på skuggesida. Den har eit kraftig dogg som gjev overflata eit lysare skjer. Huda på frukta er tjukk, og den løyser ikkje frå kjøtet.

 

Søt og god

Fruktkjøtet er gult, fast, møyrt, men litt grovt. Steinen, som er helst stor og losnar svært godt frå fruktkjøtet. Kvaliteten er god, den smakar søtt og med ein fin aroma. Det er ei god bordfrukt, men også fin råvare for sylting og frysing.

 

Blue Rock var lenge lite planta her i landet, endå den fekk god omtale der den var med i sortsplantingar. Den fekk ein liten oppsving på 1970-talet. Men den er blitt borte att både fordi fruktene er små, og fordi avlinga i mange år blei for lita.