Hopp til hovedinnholdet

Blåplomme

blåplomme

Foto: Maria Ahlin Moen

Denne plomma har som oftast vore kalla 'Blåplomme', men ’Blåplomme frå Lier’ eller ’Rotekte blåplomme’ har vore vanlege namn. Dette er ein av dei eldste plommesortane vi har i Norge. Truleg kom den hit alt med munkane, men kva tid den kom, og kvar den kom frå, finst ingen opplysningar om.

 

Formeirt med rotskot

Blåplomma har vore planta dei fleste stader vi dyrkar frukt i Norge, både i kalde strøk i innlandet, og rundt kysten til Nordmøre. Men mest utbreidd har den vore i Buskerud, både i Lier, på Modum og i Eikerbygdene.

 

Treet blei formeira med rotskot, det var ein enkel måte å skaffe seg tre på. Rotskot av Blåplomme kunne også vera brukt som grunnstamme for andre sortar.

 

Veksten i treet var middels sterk. Greinene var opprette; til og med eldre tre hadde ei opprett form. Blomstrane var helst små, og sorten blømde seint. Den er sjølvfertil, og det var ein grunn til at den gav stor avling.

 

Dogg på overflata

Frukta mognar i første halvdel av september. Den er lita, oval eller nesten rund. Stilken er lang og tynn, og den losnar lett frå frukta. Fargen er blåfiolett med lysare prikkar, og overflata er dekka med eit lysblått dogg. Skinnet er tjukt og seigt, og det er lett å dra av plomma.

 

Fruktkjøtet er gulgrønt, nokså fast, men møyrt. Den er nokså saftfull, og safta er søt, men smaken er nokså syrleg, og den er litt snerpande i munnen. Den inneheld lite aroma. Steinen er liten, og den losnar godt frå fruktkjøtet.

 

Blåplomma har frå gamal tid vore den mest dyrka plomma i Lier og andre stader omkring Drammensfjorden. Enkelte stader fanst det mange tre av den også omkring 1950, og spreidde tre har funnest fram mot tusenårsskiftet.

 

Mykje sukker

Plomma hadde ikkje særleg høg kvalitet, men var i tidlegare tider rekna som ei brukbar bordfrukt, og vart marknadsført i stort omfang. Den gong plommer var brukt meir i hushaldet var den ettertrakta både til syltetøy og til kompottar. Plomma eigna seg også til tørking fordi den inneheldt mykje sukkerstoff.

 

Treet var lite kravfullt og kunne klare seg med lite stell på dei fleste jordtypar. Tre av Blåplomme held seg friske og gjev god avling sjølv med lite stell. Det er ei av dei mest hardføre og kravlause plommene vi har hatt. Men resultatet blei meir vellukka når trea blei godt stelt. Tre og frukt er sterke mot sjukdom, men ved langvarig regnvêr sprekk plomma. I enkelte år kan den få sterke åtak av plommepung.

 

Selt på torvet

Blåplomme var ei kjend plomme som det blei omsett mykje av på torget både i Oslo og Drammen. Den oppnådde aldri høg pris, og difor blei den ikkje spreidd så vidt.

 

Blåplomme var mykje dyrka fordi den var lett å formeire, den var hardfør og kravlaus, og den var sjølvfertil. Fruktene var altfor små, og kvaliteten kunne ikkje måle seg med nyare sortar. Derfor blei sorten borte frå dyrking frå 1930-talet og framover.