Hopp til hovedinnholdet

Admiral Rigny

ManglerBilde

Sorten er av fransk opphav og har fått namn etter den franske admiral og statsmann H. G. de Rigny. Den kom i dyrking i Frankrike på 1830-talet, men truleg var sorten kjend før den tid. Sorten kom til Norge på 1890-talet, og var med i sortsplantingar på Ås og seinare på Njøs.

Sortsblanding

Admiral Rigny liknar mykje på sorten Denniston’s Superb, og desse to sortane har vore forveksla. Før det blei klara opp i sortsblandinga, var det nokså tilfeldig kven av sortane som blei tilbodne frå planteskolar i Europa.

 

Treet veks kraftig dei første åra etter planting, men veksten avtek når treet byrjar å bere frukt. Seinare er veksten moderat og kronforma helst kompakt. Skota er lange men ikkje tjukke, dei er glatte og fiolettbrune. Blada er mørkt grøne, dei er meir eller mindre runde, og dei er tjukke.

 

Små plommer med lang stilk

Blomsteren er stor, den blomstrar middel tidleg. Pollenet er godt, sorten er sjølvfertil og kan pollinere mange andre sortar. Fruktene er små, berre om lag 20 gram. Forma er oval til litt flatrund, og den har ein tydeleg saum på buksida frå stilkende til arrpunktet. Stilken er lang, og stilkhola er både grunn og trong. Fruktfargen er grøn, ofte med lyse striper eller flekker og det kan vera raudlege skalpunkt på solsida. Fruktkjøtet er grønt, det er laust og saftig og smaken er søt. Steinen slepper ikkje frå fruktkjøtet.

 

Admiral Rigny var tidlegare litt planta her i landet, men i dag finst det neppe tre att av den. Den var kjend for si store avling. Smaken kunne vera vassen og tam, særleg i klimatisk dårlege somrar og når avlinga var altfor stor. Fruktene kunne smake godt, men vilkåret var at den blei godt tynna.

 

Lite kravfull

Sorten såg ut til å vera lite kravfull, og var tilrådd i område av landet der andre meir kravfulle sortar hadde vanskeleg for å klare seg. Den mognar i andre veka av september, eller fram mot midten av september. På den tid fanst andre plommer med høgare dyrkingsverdi, og derfor blei den lite planta.

 

Denne er foreløpig ikke bevart og vi ønsker opplysninger om hvor den kan finnes.