Hopp til hovedinnholdet

Divisjon for matproduksjon og samfunn

Siderspråk og produktdifferensiering

Aktiv SIST OPPDATERT: 09.12.2025
Slutt: mars 2027
Start: mars 2023

SiderSpråk er eit nasjonalt forskings- og utviklingsprosjekt som skal gje norsk sider eit felles språk for smak og kvalitet. Målet er å styrke norsk siderproduksjon gjennom meir kunnskap, betre produktdifferensiering og auka verdiskaping – frå eple til glas.

Status Pågående
Start- og sluttdato 31.03.2023 - 30.03.2027
Prosjektleder Anna Gursli Langesæter, Hardanger sideprodusentlag
Prosjektansvarlig, NIBIO Ingunn Øvsthus
Divisjon Divisjon for matproduksjon og samfunn
Avdeling Frukt og grønt
Finansieringskilde Forskningsrådet

Kva er SiderSpråk?

SiderSpråk skal utvikle eit aromahjul og eit sensorisk språk for norsk sider. Dette verktøyet gjer det enklare for både produsentar, restaurantar og forbrukarar å setje ord på smaksopplevingar, finne rett sider til rett mat, og forstå kva som gjer norsk sider unik. Prosjektet samlar forskarar, siderprodusentar, restaurantar og utdanningsmiljø frå heile landet.

Kvifor treng vi eit siderspråk?

Norsk sider har dei siste åra fått ein eventyrleg vekst, med over 50 produsentar og stadig fleire nye produkt. Likevel manglar vi eit felles språk for å beskrive smak og kvalitet, noko som gjer det vanskeleg å kommunisere særpreget til norsk sider – både i marknaden og til forbrukarane. Med SiderSpråk får vi eit verktøy som gjer det lettare å velje norsk sider, og som bidreg til jamnare kvalitet og meir innovasjon.

Slik arbeider vi

Prosjektet er delt inn i fire hovudområde:

  • Utvikling av siderspråk og aromahjul: Sensoriske analysar av sider frå ulike regionar og eplesortar, i samarbeid med ekspertpanel og produsentar.
  • Produktdifferensiering: Forsking på korleis eplesort, dyrkingsregion, produksjonsmetode og gjærtype påverkar smak og kvalitet.
  • Implementering: Kurs, opplæring og nettverksbygging for å ta i bruk aromahjulet i restaurantar, utdanning og sal.
  • Formidling og samarbeid: Aktiv bruk av nettside, sosiale media og arrangement for å spreie kunnskap og engasjement.

Kven står bak?

SiderSpråk er eit samarbeid mellom Hardanger Siderprodusentlag, NIBIO, Nofima, Universitetet i Nova Gorica, HANEN og ei rekkje norske siderprodusentar og restaurantar frå heile landet. Prosjektet er støtta av FFL/JA og har brei forankring i næringa.

Kva betyr dette for deg?

  • For produsentar: Eit verktøy for å utvikle nye produkt, sikre jamn kvalitet og kommunisere med kundar.
  • For restaurantar: Inspirasjon og kunnskap til å setje norsk sider på menyen og kombinere med mat.
  • For forbrukarar: Lettare å finne sider som passar til ulike smakar og anledningar – og oppdage mangfaldet i norsk sider.

Berekraft og samfunnsnytte

SiderSpråk bidreg til berekraftig matproduksjon, mindre matsvinn og levande bygder. Prosjektet gir auka verdiskaping i distrikta, fleire arbeidsplassar og styrkar norsk matkultur.