Aktiv SIST OPPDATERT: 13.12.2017
Slutt: okt 2020
Start: juni 2017
Kondeserte tanninar i bark frå norsk furu og gran – antiparasittiske effektar og potensiell kommersiell utnytting
Start- og sluttdato 01.06.2017 - 01.10.2020
Prosjektleder Håvard Steinshamn
Divisjon Divisjon for matproduksjon og samfunn
Avdeling Fôr og husdyr
Samarbeidspartnere Norsk senter for økologisk landbruk, Norsk treknisk institutt, SINTEF Materialer og kjemi, Veterinærinstituttet, Scotland's Rural College, Københavns universitet
Totalt budsjett 11 000 000 NOK
Finansieringskilde BIONÆR programmet i Norges forskningsråd
Hovudmålet med prosjektet er å vurdere potensialet til kondenserte tannin (CT) i bark frå norske bartre, eit biprodukt i frå skogindustrien, som fôrtilskott som middel mot mage- og tarmparasitter hos drøvtyggjarar.
Det vil vi oppnå ved å:
Kartlegge innhaldet av CT i bark frå gran og furu frå ulike årstider og lokalitetar for  biologisk (antiparasittisk) aktivitet
Karakterisere den kjemiske samansetjinga av CT med varierande biologisk aktivitet for å avdekkje samanhengen mellom kjemisk struktur og biologisk aktivitet
Evaluere metodane for avbarking og effekten det har på barken som produkt for å ekstrahere CT
Utvikle en oppskalert, miljøvennleg prosess for ekstrahering av CT frå bark, og produsere mengdene som trengs som fôrtilskot  
Verifisere antiparasittisk ektivitet hos dyr
Evaluere verdikjeda av barkproduksjon, potensielle volum og vidare forsking og utvikling som trengs for framtidig kommersialisering av CT-produksjon
 

Kondenserte tannin (CT) blir rekna som antinæringsstoff som kan redusere opptak og fordøying av fôr og gje nedsett produksjon hos husdyr. Men det er vist at moderate mengder av CT i dietten kan redusere problema med parasittiske nematodar og protozoar i mage og tarm hos drøvtyggjarar. Fôrplanter som inneheld tannin er ikkje godt tilpassa norske dyrkingsforhold, men bark frå bartre kan ha høgt innhald av CT, og Noreg har ein sterk skogindustri som kan vere ei mogleg kjelde til tannin. I det foreslåtte prosjektet vil vi: 1) evaluere produksjonen av bark slik den er i dag med omsyn til utnytting i industriell prosessering av CT; 2) karakterisere kvalitet og kvantitet av CT i barkressursar og deira struktur-aktivitets relasjonar; 3) teste den biologiske aktiviteten av CT ekstrahert frå bark mot parasittiske nematodar in vitro og in vivo og parasittiske protozoar in vitro; 4) utvikle industriell ekstrahering og prosessering av CT frå bark.  Formidling av kunnskap frå prosjektet er prioritert og sikra gjennom samordna og integrerte aktivitetar. Prosjektet byggjer på ei koordinert samhandling mellom nasjonale og internasjonale aktørar innan forsking og industri.