Fôr og husdyr

Grasbasert husdyrproduksjon er ryggrada i det norske jordbruket, med nesten femti prosent av landbrukssektoren si bruttoinntekt. Avdeling fôr og husdyr utviklar kunnskap for å fremje konkurranseevna i grasbasert matproduksjon — både konvensjonell og økologisk. Våre spesialområde er lista opp nedanfor.

Agronomi 

  • Effekt av jordforbetringstiltak på ulike jordfaktorar under endra klima.
  • Korleis planteveksten vert påverka av faktorar som artar og sortar, næringstilgang, haustefrekvens og nitrogenfiksering.
  • Bruk av husdyrgjødsel med fokus på næringsinnhald, miljøeffektar og teknologi.
  • Utvikle dyrkingsteknikkar for å minimere næringstap og klimagassutslepp.
  • Systemforsking med fokus på miljøvenlege og kostnadseffektive produksjonssystem.
 

Plantefysiologi og tilpassing til klima og drift

  • Kunnskap om planteresponsar og -tilpassingar til dagens og framtidig klima med omsyn til overvintring hos eng- og beitevekstar.
  • Ein forlenga vekstsesong vil krevje at plantematerialet og driftssystemet vert tilpassa for å utnytte vekstpotensialet. 
 

Husdyr

  • Dyreåtferd som reiskap for å forbetre produksjonssystem. Samanhengen mellom fôret sitt næringsinnhald og dyrehelse.
  • Auka produksjon og fôrutnytting på utmarks- og innmarksbeite.
  • Fôrkvalitet og -utnytting, og samanhengane mellom fôreigenskapar, fôring, produktkvalitet og mattryggleik. 
  • Bruk av makroalgar til fôr og som fôrtilsetning. 
 

Økologisk fôr og husdyrproduksjon

Utfordringar knytt til prinsippa rundt økologisk drift innan:
  • Fôrproduksjon, fôring, fôrutnytting og produksjon
  • Produksjonsmetode og produktkvalitet
  • Dyrevelferd 
 

Fôr og fôrkvalitet

Forstå, forklare og modellere korleis fôrkvaliteten vert påverka av botanisk samansetnad, næringstilgang, klima, fenologi, beiting, hausting og konserveringsteknikkar. Fiber- og proteinkvalitet har spesielt fokus.
 

Bioraffinering

Dette er eit nytt forskingsområde der vi vil bruke kunnskapen vår for å utvikle ekspertise på dyrking, hausting, prosesseringsmetodar og kvalitetsevaluering av engavlingar til nye produkt basert på bioraffinering. Spesiell vekt vil bli lagt på protein som næringsstoff til einmaga dyr.
KONTAKTPERSON
Sau på beite i Børkdalen_Sør-Fron_Yngve Rekdal (1).jpg
Oppland er det fylket som har flest dyr i utmark, og utnyttinga av beiteressursane er høg i høve til andre fylke. I 2013 var det om lag 42 000 storfe, 256 000 sau, nær 6000 geit og 800 hestar som gjekk meir enn fem veker på utmarksbeite. Norsk sauehald, med sine 1,9 millionar sau, hentar det meste av produksjonsfôret frå utmark. Det vart hausta fôrverdiar for vel 1 milliard kroner dersom desse skulle vore erstatta av grovfôr. Foto: Yngve Rekdal.
 
Svein Skøien.JPG
Gjødselnedfelling. Husdyrgjødsel presses ned i bakken under høyt trykk, noe som reduserer både lukt og avrenning. Foto: Svein Skøien.