
40 år med tapstal frå sauebeite
Publisert 17.10.2024
Dei siste åra har norske sauebønder sleppt om lag 1,8 millionar sauar og lam på utmarksbeite. Snaut 100 000 kom aldri heim att. Tapsprosenten har gått ned sidan byrjinga av 2000-talet, men båe årsak og tapstal varierer mykje mellom ulike beiteområde. Beitestatistikk er eit viktig verktøy for forvaltinga av beiteområda.