Dei norske morellane kjem stadig tidlegare. Ny dyrkingsteknikk kan gi lengre sesong, større avlingar og betre kvalitet, samanlikna med tradisjonell produksjon av søtkirsebær – eller morellar.

I fjor planta Jøran Wiig 580 tre i eit eldre veksthus. Tomatplantane vart bytta ut med søtkirsebær, eller morellar, som folk flest seier i Noreg . Haustinga starta 2. juni, og Wiig vart dermed den første til å levere norske morellar i år. Produsenten i Klepp kommune er ein av 11 produsentar i Rogaland og Hordaland som deltek i eit nytt forskingsprosjekt, der ein vil prøve å utvikle lønsame metodar for å dyrke søtkirsebær i veksthus og tunnel.

- Vi har forska på tomatar i 70 år, men intensiv veksthusdyrking av søtkirsebær har vi berre prøvd i tre år, seier prosjektleiar Åge Jørgensen ved NIBIO Særheim. Han synest resultata så langt har vore svært lovande, og meiner norske søtkirsebær bør ta ein del av marknaden utanom vanleg sesong.

- Eg ville aldri rådd nokon til å byggje nye veksthus for å dyrke morellar. Men det er god ressursutnytting å bruke eldre anlegg, som ikkje held dagens energikrav for å dyrka tomatar og andre varmekrevjande kulturar. Me treng ikkje tilføre energi for å produsere søtkirsebær i veksthus. Samtidig utnyttar me dei andre fordelane og teknikkane ein har her, seier Jørgensen.  

moreller 1 jøran og åge j.sch.jpg
Produsent Jøran Wiig og Åge Jørgensen i NIBIO med dei første søtkirsebæra, eller morellane, som blei hausta i veksthuset 2. juni i år. Foto: Jon Schärer.

Startar forsiktig

Bygda Orre på Jæren har eit svært aktivt landbruk med grønsakdyrking både i veksthus og på friland. Her driv Jøran Wiig 20 mål med tomatar i veksthus. No prøver han og ut ulike søtkirsebærsortar i eit av dei eldre veksthusa.

- Det er både interessant og spennande å prøve ut nye kulturar. Vi er veldig entusiastiske, og det kan ein jo leva lenge på, seier Wiig. Så langt er han optimist, men det er framleis ein veg å gå før alt blir optimalt, seier han.

Han og dei andre produsentane startar forsiktig, men Wiig har fleire eldre veksthus som kan vere aktuelle å dyrke søtkirsebær i.

Åge Jørgensen meiner alternativ utnytting av eldre veksthus er ei rimeleg investering.

– Eit ferdig planta morelltre med potte og jord kostar rundt 200 kroner. Om ein haustar tre kilo per tre det første året, er produksjonsapparatet i hovudsak betalt. Kor lenge vi kan ha treet i produksjon, har vi enno ikkje fått prøvd ut, men vi håper på 7-8 år, seier Jørgensen.

 

Kan endra dyrkingspraksis

Det nye prosjektet er finansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet og skal utvikle lønsame metodar for å dyrke søtkirsebær i både veksthus og tunnel. I dag skjer det meste av produksjonen på friland med plastdekke og i plasttunellar. Her blir trea planta rett i bakken. I dette prosjektet skal ein dyrke trea i 35 liters potter/plantesekker, og teste ut ulike vekstmedium, sortar, grunnstammer, formingsmetodar, samt klimastyring og gjødselvatning basert på kunnskap frå veksthusproduksjon. Medan ein planter rundt 150 søtkirsebærtre per dekar i vanleg produksjon på friland, gjer ein i veksthus forsøk med inntil 1000 tre per dekar.

- Eg trur vi kan overføre mykje av «veksthustankegangen» til dagens produksjon i tunellar. Det seier seniorforskar og FoU-ansvarlig i prosjektet, Mekjell Meland ved NIBIO Ullensvang. Han trur ein kan intensivere dagens dyrking ved å dyrke i potter med dryppvatning for å gi optimal tilførsel av vatn og næring. Det vil og gi betre utnytting av arealet.

morell 5 trær veksthus j.sc..jpg
I veksthuset står trea med søtkirsebær tett i potter (1.000 tre pr daa). Foto: Jon Schärer.

Snart morellsesong

Det er framleis for tidleg for den store morellsesongen her i landet. For dei som dyrkar på friland og under tak i tunell, har det vore ein normalt bra vår og vekstsesong hittil, opplyser fruktlagerinspektør Bjørn Eidhammer i Grøntprodusentanes samarbeidsråd. Det er så vidt starta litt med privat sal, men det er nok framleis ei stund før det kjem inn morellar til fruktlagera som forsyner den norske marknaden. Men små mengder av dei første norske søtkirsebæra er å finne i salsbuer langs riksvegen i Ullensvang.

I mellomtida dominerer tyrkiske bær butikkhyllane. - Dei er slett ikkje dårlege på smak, så vi har noko å måle oss mot, meiner Jøran Wiig. I veksthus er kanskje konkurransefordelen vår at vi kan la morellane henge lenger på trea før hausting? Jo lenger dei heng, desto større og søtare blir dei. Vi klarer ikkje å konkurrere med tyrkarane på pris, så vi må satse på kvalitet, med store, velutvikla, ferske og kortreiste morellar, meiner Jøran Wiig.

- Sjølv om vi i veksthus kan få til modne morellar allereie til 17. mai, er det kanskje i siste del av sesongen vi har dei største marknadsmoglegheitene, meiner Åge Jørgensen.

- Ved å utnytte heile sesongen i veksthuset, kan vi produsere søtkirsebær med super kvalitet, seier næringsutviklaren ved NIBIO Særheim, som i fjor hausta søtkirsebær i veksthuset på forskings-stasjonen på Jæren til slutten av september.

 

KONTAKTPERSON
Søtkirsebær i veksthus

Prosjektet «Søtkirsebær dyrka i potter i veksthus og tunnel» skal utvikle lønsame metodar for intensiv dyrking av morellar. Blant anna skal det prøvast ut ulike søtkirsebærsortar, ulike vekstmedium og gjødselvatning, samt bruk av biologisk plantevern for å minimalisera bruken av kjemisk plantevern.

Gartnar Andreas Wiig frå Klepp er prosjekteigar. Han har med seg sju andre veksthusgartnarar frå Rogaland og to tunneldyrkarar frå Hordaland. Prosjektet varer i tre år og er finansiert av Regionalt forskningsfond Vestlandet. Prosjektet er eit samarbeid med marknadsaktørane Coop og Bama.

Prosjektleiar er næringutviklar Åge Jørgensen ved NIBIO Særheim, medan seniorforskar Mekjell Meland, NIBIO Ullensvang vil vere FoU-partnar. Dei vil og samarbeide med FoU-partnarar i Europa og USA.

 

Kjært barn – mange namn

Morellar er steinfrukter og i slekt med plommer. Botanisk er morellen eit surkirsebær med mørk saft. Men morellar og kirsebær omtalast ofte om kvarandre.

Slik beskriv Store Norske leksikon den populære frukta: - Søtkirsebær eller fuglekirsebær, i Noreg vanlegvis (feilaktig) kalla morell, Prunus avium, veks vill i Vest-Asia og Europa, i Norge langs kysten til Nord-Trøndelag. Gamal kulturplante; i Noreg dyrka frå midten av 1700-tallet.

Søtkirsebær er den av våre frukttreartar som tåler minst frost over jorda. Dyrkinga er difor særleg utbreidt der normaltemperaturen om vinteren er omkring 0 °C.

I Noreg blir det dyrka mest søtkirsebær i indre Hardanger. Søtkirsebærtrea blømer tidleg og er difor utsette for frostskade i blomen. Treet kan bli stort og gamalt. Søtkirsebær har ein mild og søt smak.

 

Mekjell Meland blomstring 2016.JPG Seniorforskar Mekjell Meland i NIBIO. Foto: NIBIO.

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.