Vil auke norsk fruktproduksjon

Mekjell Meland blomstring 2016_cropped.jpg

Seniorforskar Mekjell Meland i NIBIO. Foto: Frank A. Maas.

Våren og fruktblomstringa er i rute. Og forbruket av frukt er aukande. Men avlingane på hausten varierer for mykje, noko som er ei utfordring både for dyrkar og marknad. Difor vil ein no prøve ut om nye dyrkingsmetodar kan vere meir effektive.

Forbruket aukar samstundes som norsk epleproduksjon har minka dei siste ti åra, fortel seniorforskar Mekjell Meland i Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO. Det gjeld særleg på Vestlandet, som har hovudtyngda av produksjonen. 

Det meste av det som vert selt av eple er importvare. Saman med auka forbruk er det dermed eit stort potensiale for norsk epleproduksjon, meiner Meland. Eit nytt prosjekt, PresiEple, har som føremål å utvikla presisjonsdyrking av eple. Det kan gje gode og stabile avlingar og auka lønsemd.

 

Årets fruktblomstring

Varmen kom Kristi Himmelfartshelga, med maksimumstemperaturar på over 20 grader og sol. Med varmen starta fruktbløminga både på Aust- og Vestlandet. 

- Vinteren har vore uproblematisk for frukttrea som utvikla seg fint i takt med  aukande temperatur, seier Mekjell Meland. På tidlege stader står både søtkirsebæra og plommene i full blom no i andre veka i mai. Utviklinga låg etter fjoråret, men varmebølgja  har ført til at me no er om lag på same utviklingsstadium. 

- Både pære- og epleblomane, som er dei vakraste, kjem litt seinare enn plommer og søtkirsebær. Pæresortane blømer omlag ei veke etter steinfruktene og dei tidlegaste eplesortane  som Summerred kring ti dagar seinare. Også hjå desse artene såg ein dei første blomane både på Aust- og Vestlandet før pinse. 

Det har vore ein trend dei siste åra at blomstringa har starta tidlegare om våren, seier Mekjell Meland ved NIBIO Ullensvang. Men dei tre siste åra dei hatt store variasjonar i blømingstid. I 2013 var eplesorten Summerred i full blom første dagane i juni. Året etter var same sorten i full blom den 10. mai. Medan i fjor blomstra Summerred siste veka i mai.

Blomstring 2016 plommer.JPG
Morellar og plommer i Ullensvang var i full bløming før pinse. Foto: Frank A. Maas).

PresiEple – nytt forskingsprosjekt

- Ujamne avlingar det enkelte år er eit stort problem, seier rådgjevar Gaute Myren i Norsk Landbruksrådgiving - NLR Viken. Produksjonsstatistikken viser eit tydeleg vekselberingsmønster. Det har med sortimentet å gjere, meiner Myren. Eplesortane som brukast i Norge, for eksempel Åkerø, er typisk vekselbærande, som betyr at avlingane varierer mykje det enkelte år.

Myren leiar det nye forskingsrådprosjektet PresiEple, der Mekjell Meland har FoU-ansvaret. Føremålet er å stimulera til auka produksjon av norske eple med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv måte. 

No i vår vert det starta opp mange nye feltforsøk innan eple både i Lier og i Ullensvang. Det vert blant anna arbeidd med mekanisk rotskjering på ulike tidspunkt for å kontrollere  tilveksten på epletre som vekst for mykje. Fruktsetjinga må alltid regulerast hjå eple, trea må tynnast.

 

Satsar på frukt

Dei siste ti åra har produksjonen av eple i Norge gått ned. Men det er helst på Vestlandet, seier Myren. Rundt Oslofjorden er det stor satsing på frukt og bær. Berre i år blir det planta ut 50 000 nye trær, seier Gaute Myren. 

Føremålet med prosjektet er å stimulera til auka produksjon av norske eple med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv måte. Slik det er no, blir ofte eit år med høge avlingar etterfylgd av låge avlingar året etter. 

- For å oppnå regulære, høge epleavlingar av god spisekvalitet, må fruktmengda på trea og veksten i trea kontrollerast betre, seier NIBIO-forskar Mekjell Meland. 

 PresiEple er finansiert av Norges forskingsråd og har også som mål å vidareutvikla nye dyrkingsteknikkar i norsk fruktdyrking som betrar økonomien og aukar graden av miljøomsyn i produksjon. 

 

KONTAKTPERSON
PresiEple - Presisjonsdyrking av epleproduksjonen for auka lønsemd

Eit prosjekt for å forbetra dyrkingsmetodar som gjødselvatning, avlingsregulering og vekstregulering som skal gje ein berekraftig produksjon med god økonomi for produsentane.

Norsk Landbruksrådgiving Viken eig prosjektet, og har med seg Ullensvang fruktlager, Nå fruktlager, Hardanger fjordfrukt, Fellespakkeriet, Sognefrukt og Rogaland Fruktdyrkarlag på næringslivssida. Prosjektleiar er Gaute Myren med seniorforskar Mekjell Meland, NIBIO Ullensvang, som FoU leiar. Dei samarbeider med NIBIO Særheim og partnarar frå USA og Tyskland.

Prosjektet er finansiert av Norges forskingsråd. 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.