Hopp til hovedinnholdet

Slik blir framtidas jordbruk

ef-20150911-120144_cropped.jpg

Det er naudsynt at produktiviteten i jordbruket aukar både i Noreg og i verda for å halde tritt med befolkningsveksten. Men kva slags bønder og gardsbruk må til her heime for å møte dei framtidige utfordringane?

Både i Noreg og internasjonalt skal produktiviteten i jordbruket opp. Landbruks- og matmeldinga har sett som mål at produksjonen skal halde tritt med befolkningsveksten¸ noko som betyr rundt ein prosent vekst per år.

Men større kjøpekraft fører til utvida krav til matmangfald, særpreg, ferskheit og kvalitet. Skal vi i tillegg oppretthalde sjølvforsyningsgraden, må truleg produktiviteten auke meir enn denne eine prosent, ifølgje økonomar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Dei samla seg for å dra opp eit mogeleg bilete av framtidsbonden her i Noreg. Hensikta er å ta omsyn til viktige drivarar for framtidas matproduksjon.

 

Produktivitet per arbeidstime må opp

- Det er grunn til å rekne med at produktivitetsveksten både i norsk og global jordbruksproduksjon må auke med over ein prosent i året dei neste 20 – 30 åra, seier Ivar Pettersen, forskar og spesialrådgjevar ved NIBIO.

Vi kan då sjå produktiviteten som eit uttrykk for samla effektivitet i utnytting av ressursar som dyrka areal, arbeidskraft, energi, gjødsel og vatn.

- Kva som vil gi best gevinst, vil variere utifrå premissane for drift. Såleis vil kravet til effektiv bruk av vassressursar i enkelte område antakeleg bli langt høgare enn for verda i snitt. Nokre land vil ha rikeleg tilgang på arbeidskraft, medan norsk jordbruk først og fremst må auke verdien av kvar arbeidstime, seier Pettersen.

DAL-20150624-115308_cropped.jpg
Forskar Ivar Pettersen. Foto: Lars Sandve Dalen.

Reduksjon i årsverk

Han fortel at økonomisering av arbeidskraft i norsk jordbruk gjer at vi kan vente fortsatt reduksjon i årsverk og tal på aktive bruk.

- Den mest stabile trenden i norsk jordbruk er nedgangen i talet på aktive bruk og brukarar. Berre mellom 40 – 50 % av dagens bruk vil sannsynlegvis vere i drift som sjølvstendig jordbruksføretak i 2050. Årsverkstala vil gå ned om lag i same takt. Men det er ikkje sikkert at like mange eigande bønder vil vere aktive på same måten som no. Arbeidsdeling og spesialisering pregar allereie jordbruket. Det kan til dømes bli fleire maskinentreprenørar som leiger ut både kompetanse, arbeidskraft og maskiner til gardshushaldningar, som sjølve hentar inntektene sine frå andre kjelder enn drift av eigen eller leigd jord, påpeikar han.

Pettersen seier at dei anslagsvis femten til tjue tusen aktive eigarane i det nye, norske jordbruket anno 2050 - ned frå 46 000 i dag - i snitt vil ha ansvar for tre gongar arealet i dag:

- I staden for 250 dekar kan den gjennomsnittlege kornprodusenten handtere anslagsvis 750 dekar. Det er framleis langt frå eit heiltidsbruk. Det kan verta vesentleg mindre enn 3000 aktive kornprodusentar mot dagens vel 11 000. Verdien av ein arbeidstime medrekna godtgjering til kapital, skal antakeleg utvidast til mellom det fem og tidoble rekna i dagens kroneverdi om det skal bli rom for kompetente drivarar. Og kompetente drivarar inneber å kunne nyttiggjera seg nye kornsortar og evne til utnytte presisjonsteknologien både når det gjeld plantevernmiddel og næringsstoff til jorda.

Han trur det er mogleg med ei slik utvikling, men tvilar på at dette er politisk vilje til å skapa ein god overgang frå dagens jordbruk til det nye jordbruket.

- Då kan det bli endå færre aktive, sjølveigande bønder og dei som eig kan i enda mindre grad vera dei som dyrkar, seier han.

ef-20150313-103718_cropped.jpg
Fram til 2034 skal alle fjøs ha lausdrift. Bildet er fra gamlefjøset på NLH/NMBU som ble revet sommeren 2015. Foto: Erling Fløistad.

To mjølkerobotar per gard

NIBIO-forskar Agnar Hegrenes fortel at utviklinga innan mjølkeproduksjonen raskt går i retning av færre og større mjølkekubesetningar. Fram til 2034 skal alle fjøs ha lausdrift. Dette er ein fjøs der dyra kan bevege seg fritt mellom fôrbrett og liggjeavdeling - og der talet på liggjebåsar er likt eller større enn talet på dyr i fjøset.

- Kanskje vil det i framtida bli ein konsentrasjon omkring besetningar som høver for ein eller to mjølkerobotar. Det vil seie rundt 60-70 og 120-130 mjølkekyr. Det kan bety 2000 til 3000 bruk med mjølkeproduksjon.

- Der det ikkje ligg til rette for så store bruk, kan det bli ei utfordring å finne rasjonelle og lønsame driftsopplegg. Supplerande inntekt frå tenesteproduksjon, reiseliv og utnytting  utmark for fritidsføremål kan bli viktig, kanskje enda meir enn i andre produksjonar, trur Hegrenes.

Han seier mjølkeavdråtten aukar og fôrforbruket går i retning av meir kraftfôr. Talet på årskyr vil gå ned, sjølv om det samla mjølkeforbruket blir oppretthalde. Og med færre mjølkekyr vil også kjøtproduksjonen frå mjølkeproduksjonen bli mindre. Dersom ikkje det blir tilsvarande auke i kjøtproduksjonen frå ammekyr eller forbruket minkar, vil importen auke.

- Vi kan ha grunn til å belage oss på meir ‘pampaskjøt’ i norske daglegvarebutikkar, spår Hegrenes.

ef-20150624-083536_cropped.jpg
Forskar Agnar Hegrenes. Foto: Erling Fløistad.

 

Ønskjer for mykje

Politikken kan påverke både takt og retning på jordbruket i framtida. - Men det er vanskeleg å sjå at ei reversering av utviklinga vil kome frå politisk hald, seier Klaus Mittenzwei, forskar på nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk ved NIBIO.

Han påpeikar at klimatilpassing innan jordbruket vil vere viktig: - Men heller ikkje eit klimatilpassa jordbruk fjernar produktivitetskravet, presset frå arbeidsmarknaden og behovet for meir krevjande agronomi. Sannsynlegvis forsterkar klimafokuset krava om produktivitetsvekst.

Han trur den store utfordringa kan bli å velje kva det skal satsast på:

- Vi brukar årleg om lag 20 milliardar kroner i offentleg verkemiddelbruk på norsk jordbruksproduksjon. Ein skal ikkje kimse av potensialet i målretta bruk av eit slikt beløp over fem – ti eller tjue – tretti års tid. Problemet er at vi gjerne ønskjer oss for mykje frå politikarane. Men for å finne dei beste satsingsområda kan det vere klokt å tenkje på kva slags bønder dei tre tusen korndyrkarane og kanskje endå færre mjølkeprodusentane skal vere. Det kan vere ein stad å byrje, meiner Mittenzwei.

I tillegg trur han det kan bli farleg å vere for nærsynt.

- Norsk mattryggleik er vel så avhengig av at det er orden i verdas matvaremarknader som vår eigen evne til å produsere mat.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.