Hopp til hovedinnholdet

Nytt nettbasert arealbarometer

toppbilde

Slik er kvaliteten på jordbruksareala i Ås kommune. Foto: Svein Skøien.

- Vi syntest det passa fint å lansere den nye løysinga no i januar, rett etter den store regionreforma, kommenterer NIBIOs prosjektleiar Ingrid M. Tenge.

Statistikk om arealressursane i landets kommunar og fylke er samla i Arealbarometeret som no er klart på nibio.no. Her finst oversikt over ressursane som utgjer produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk i Noreg.

-Arealbarometeret viser og dagens bruk av jordbruksareala, og kor mykje som er i bruk til ulike produksjonar, fortel Tenge.

Ho har tru på at kunnskap om arealressursane gir auka medvit om arealbruken vår. Informasjonen blir brukt i planarbeid, utgreiingar og politiske prosesser, og er dermed viktig i samfunnsforvaltninga. Også for journalistar og allmenta er denne typen statistikk svært nyttig.

Workshop og idemyldring_Foto NIBIO_cropped.jpg
Kva treng brukarane? Workshop og idémyldring med representantar frå Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet, fylkesmannens landbruksavdeling og landbruksetaten i kommunane. Foto: NIBIO.

Gir oversikt og detaljar

Når ein klikkar seg inn på sida til Arealbarometeret og søker på ein kommune eller eit fylke, får ein opp kor mykje areal som finst av ulike typar, og bruken av dei. Enkel grafikk viser det som tala fortel.

- Slik får ein raskt oversikt over kva ressursar kommunen eller fylket har og korleis jordbruksareala blir disponert, seier Tenge.

- Grafiske element hjelper til med å vise både fordeling og bruk av areala. Fagbegrep som kan vere vanskelege å forstå, er forklart undervegs. For kva legg vi eigentleg i fulldyrka jord, eller god jordkvalitet? spør Tenge retorisk.

Det er Landbruksdirektoratet sine tal for søknader om arealbaserte tilskot som gjer det mogleg å vise kva jorda blir brukt til.

Ås kommune_grafikk.JPG
Illustrasjon som viser arealressursar og -fordeling i Ås kommune, Viken fylke. Kommunen har store skog- og jordbruksareal. På nettstaden går det fram at 36,9 prosent av arealet i Ås er jordbruksareal, 43,6 prosent er skog, 11,4 prosent er bebygd og 8,1 prosent er ‘andre markslag.’ Forholdet mellom arealtypane er vist ved ulike storleikar på enkeltbilda.

Fire datapilarar

Tala bak Arealbarometeret er henta frå ulike temakart som NIBIO utarbeider. Alle desse karta ligg på kartportalen Kilden som ein kan klikke seg direkte inn på frå Arealbarometeret.

- Ein av pilarane  i Arealbaromteret er det detaljerte arealressurskartet AR5, eit nasjonalt kart over  produksjonsgrunnlaget, fortel prosjektleiar Tenge.

- Område som ikkje er kartlagde på så detaljert nivå som i AR5, er supplert med informasjon frå det ‘grovare’ kartet AR50. Typiske døme på slike areal finn vi på fjellet.

I tillegg til arealoversikt, dokumenterer barometeret kvaliteten på jordbruksareala i kommunen. Slike data finst berre på kommunenivå, og for dei kommunane som er jordsmonnkartlagde.

Også areal som kan dyrkast opp til fulldyrka jord er tatt med. Det er jord som har potensial til å bli matjord og som held krava til klima og jordkvalitet for plantedyrking. Slik dyrkbar jord kan til dømes vere skog med god bonitet.

- Det seier seg sjølv at matproduksjon er avhengig av klimaet. Derfor har vi med opplysningar om kva klimasoner som gjeld for den jorda som er oppgitt som dyrkbar, seier Tenge.

Informasjonen er henta frå temakartet Dyrkbar jord, basert på kartlegging i felt på 1960- til 1980-talet og oppdateringar frå arealressurskartet AR5.

Grafisk illustrasjon_faktorar som påverkar jordareala.JPG
Enkel grafikk som viser dei tre viktigaste faktorane som påverkar utvikling av jordbruksareala.

Avvikling og utvikling

Sidan den nye løysninga hentar informasjon direkte frå databasar, er det ein dynamisk versjon av nye arealbarometeret som no er tatt i bruk. Når endringar skjer i basen, vil og arealbarometeret bli oppdatert.

- Tidlegare har vi laga Arealbarometer ved å hente og sette saman informasjon frå ulike kjelder  gjennom manuelle prosessar som munna ut i eit statisk pdfdokument. Det var eit arbeidskrevjande og sårbart system.

Det er tydeleg at prosjektleiar Tenge er letta over at denne arbeidsmåten no er avslutta.

- I haust arrangerte vi workshop med representantar for dei viktigaste brukargruppene våre. Der fekk vi mange gode forslag til nytt innhald i arealbarometeret som vi ønskjer å ta tak i. Vi satsar på å ha ein oppdatert versjon klar allereie før sommaren, avsluttar Ingrid M. Tenge.

Forte_Digital har levert utviklings- og designkompetanse i prosjektet.

Jordbruksareal verda rundt.JPG
I Noreg er kun tre prosent av landarealet jordbruksareal. Berre ein tredel av dette er eigna til produksjon av matkorn. Tre prosent er lågare enn i andre land det er naturleg å samanlikne seg med. For OECD-landa er det samla talet nær 40 prosent.
Ringebu tabell_open.JPG
Areal som er markert ‘ikkje kartlagt,’ er supplert med informasjon frå det «grovare» kartet AR50. Fordi datagrunnlaget er mindre detaljert, er areala grupperte i «grovare» klassar som skog/uklassifisert, snaumark, ferskvatn og anna areal - vist i tabellen ovanfor, open visning av ‘ikkje kartlagt.’ Desse tala er frå Ringebu kommune, Innlandet.
Workshop bilde3_post it lapper_Foto NIBIO.jpg
Arealbarometer på web under utvikling. Korleis klarte vi oss før post-it lappar? Foto: NIBIO.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.