Hopp til hovedinnholdet

Norsk-rumensk samarbeid om pesticidrestar i mat og miljø

WP_20170504_08_29_34_Pro_cropped.jpg

Valahia University i Târgovişte i Romania ønskjer å styrkje sin forskingsinnsats retta mot utfordringar med plantevernmiddelrestar i mat og miljø i Romania. Foto: Marianne Stenrød.

Restar av plantevernmiddel i mat og miljø er for lite kartlagt i Romania. No skal NIBIO samarbeide med eit rumensk institutt for å styrkje kompetansen på overvaking av sprøytemiddel.

Både Romania og Noreg er underlagt krav frå EU om overvaking av pesticidar i mat, men for Romania er dette relativt nytt og nivået på pesticidar i mat og miljø er i dag lite kartlagt. Valahia University i Târgovişte i Romania ønskjer difor å styrkje sin forskingsinnsats retta mot utfordringar med plantevernmiddelrestar i mat og miljø i Romania.

I Noreg har Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) lang erfaring som nasjonalt referanselaboratorium for pesticidrestar i mat, og høg ekspertise på overvaking av slike sprøytemiddel i miljøet. 

No vil dei to institutta arbeide saman om pesticidrestar i mat og miljø. Romania etablerte i 2013 ein handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel relatert til EU sitt plantevernmiddelregelverk. Noreg har hatt slike handlingsplanar i fleire tiår. NIBIOs erfaring og kjemiske analysekompetanse vil difor bli sentralt for dette samarbeidet.

WP_20170503_16_10_13_Pro_cropped.jpg
Både Romania og Noreg er underlagt krav frå EU om overvaking av pesticidar i mat, men for Romania er dette relativt nytt. Foto: Marianne Stenrød.

Samarbeidsavtale

- Vi har eit nasjonalt laboratorium som overvaker vegetabilar og miljø, og som er referanselab for Mattilsynet. Her tek vi kvart år analysar av om lag 1500  prøver av frukt, bær og grønsaker frå matproduksjonen, seier Ole Martin Eklo, seniorforskar i pesticid og naturstoffkjemi ved NIBIO.

Han fortel at Valahia University og NIBIO har underteikna ein samarbeidsavtale for å vidareutvikle samarbeidet innan forsking og undervisning gjennom langsiktig partnarskap der det vil vere felles aktivitetar og programdeltaking. 

- Gjennom dette vil vi sjå nærare på verknadane frå plantevernmiddel på vatn og jord i næringskjeda, seier Eklo. Han fortel også at dei planlegg ein felles prosjektsøknad når utlysninga av EEA-grants kjem hausten 2017. Så langt har Institusjonane også hatt gjensidig besøk og gjennomført workshops på Ås og i Târgovişte i Romania.

WP_20170505_08_37_11_Pro.jpg
Forsker Marianne Stenrød frå NIBIO på besøk i Romania. Foto: NIBIO.

Få funn i Noreg

Ifølge seniorforskaren er det i Noreg sjeldan overskridingar av plantevernmiddelrestar i norske matprodukt, mens dei finn litt meir i importerte produkt. 

I Romania er det behov for meir forskningsbasert kunnskap om pesticidsituasjonen i landet og korleis den påverkar helse og miljø.

Samarbeidet skal også vere med å styrkje bilaterale relasjonar mellom Romania og Noreg. Kontrastar innan matproduksjon og samfunnsstruktur i dei to landa og fagekspertisen i dei to faginstitutta er eit godt grunnlag for samarbeid, erfaringsutveksling og kunnskapsoverføring. 

- For NIBIO er denne internasjonaliseringa også viktig fordi vi ønskjer å auke samarbeidet med Aust-Europa, legg Eklo til.

 

Romania_kart.jpg
Mens Noreg er eit land med store variasjonar når det gjeld jord- og klimaforhold, er Romania meir dominert av eit kontinentalt klima med kalde vintrar og varme sommartemperaturar.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.