Mykje å hente på kjennskap til grovfôrkvaliteten

IMG_3965_cropped.jpg

Foto: Anita Land, NIBIO.

Internett og god plantekunnskap går hand i hand, når gardbrukarane skal bestemme seg for når dei skal hauste graset. – Tidspunkt for hausting er svært viktig for fôrkvaliteten, og dermed menyen til dyra som produserer mjølk og kjøtt, seier forskar Anne Kjersti Bakken ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Bakken har saman med fleire forskarkollegaer utvikla  grovfôrmodellen. I denne nettbaserte modellen kan gardbrukarane sjølve gå inn og estimere kvaliteten på det fôret dei har hausta eller skal hauste.

 

Plantekunnskap

Bakken understrekar at Grovfôrmodellen ikkje erstattar god plantekunnskap, men er eit viktig hjelpemiddel. Kor langt graset har utvikla seg er vegvisar for når gardbrukarane bør slå. Fôrkvaliteten endrar seg raskt fram mot den tida graset bør bli hausta, spesielt i førsteslåtten. Dei gode agronomane, som kombinerer moderne teknologi med god plantekunnskap og god agronomi, får det beste resultatet. 

- Det er også viktig å vite kva ein treng av fôrkvalitet for å kunne legge opp til ein best muleg produksjon, meiner Bakken, som viser korleis ein med Grovfôrmodellen kan vurdere innhaldet i fôret.

Modellen er eit prognoseverktøy, som er kopla opp til vêrstasjonar over heile landet.

Grovfôrmodellen er også mykje bruka av rådgjevarane i landbruket, og kan brukast til meir langsiktig planlegging av drifta på dei grasbaserte bruka. 

 

Pengar å tene

Anne Kjersti Bakken seier det er mykje å hente for gardbrukarane i å bruke modellen for å planlegge når dei skal hauste. Ho meiner også at det kan vere lurt av gardbrukarane å sjå på modellen når den hektiske tida om sommaren er forbi. Da kan ein legge inn datoane for sesongen som var, og sjå om resultatet stemmer med røynda, og vidare planlegge haustesystem som er tilpassa framtidig produksjonsmål og driftsorm.

 

Positivt overraska

Gardbrukar Anders Rian ved Meland/Skjenald DA har nettopp fått resultat frå fôrprøver frå haustinga i år.

- Eg vart overraska i år igjen, fortel Anders Rian. Sjølv om dei ved samdrifta i Orkdal i Sør-Trøndelag er flittige brukarar av alt tilgjengeleg planleggingsverktøy, synest Rian det er utfordrande å halde kontroll.

- Det verste er finvêret. Varme og godt vêr gjer at kvaliteten på fôret forandrar seg utruleg raskt. Dette året var det vått og kaldt, spesielt før første slått, og difor utfordrande å kome seg utpå for å slå.

- Vi rekna med at fôret skulle bli dårlegare med det våte kalde vêret, men vi fekk oss ei svært positiv overrasking. Kvaliteten på fôret var mykje betre enn vi hadde venta i år.

Anders Rian seier at det ikkje er sjeldan han blir overraska, trass i mykje planlegging. Han skulle ønske seg eit instrument som målte fôrverdien i graset samtidig med haustinga. Da får ein riktig nok ikkje med gjæringskvaliteten, men det ville i alle fall gjort det lettare.

IMG_3973_cropped.jpg
Gardbrukar Anders Rian ved  Meland/Skjenald DA i Orkdal (t.v.) gir forskar Anne Kjersti Bakken, NIBIO (t.h.) og Ragnhild Borchsenius ved Norsk Landbruksrådgiving utfordringar. Ved Meland/Skjenald DA er dei svært nøye på kva graskvalitet dei vil ha og når dei haustar graset. Foto: Anita Land, NIBIO.

Ønske kanskje oppfylt

Det kan sjå ut som om ønsket til Anders Rian blir oppfylt. Det fortel Ragnhild Borchsenius ved Norsk Landbruksrådgiving. Nye instrument som måler kvaliteten på fôret ved innhausting og lagring er under utvikling.

Instrument for måling av fôrverdi under innhausting står på trappene for maskinleverandørane, og ein arbeider aktivt med dette området.

Forskar Anne Kjersti Bakken meiner det er positivt med alt som kan gje gardbrukarane kontroll på grovfôrkvaliteten. Spesielt er det mykje å hente ved å hauste graset på riktig tidspunkt. Bakken er einig med Rian i at varme kan gi store utfordringar for dei som skal synkronisere haustinga med kvaliteten.

- Da skjer utviklinga i graset så raskt at det er spesielt viktig å vere på alerten, understrekar ho.

Bakken er ikkje like overraska over at kvaliteten i førsteslåtten vart så bra for dei som kom ut på og fekk hausta så tidleg som dei på Meland-Skjenald. Dei fleste plassane i Trøndelag spådde Grovfôrmodellen ein energikonsentrasjon over 0,90 FEm per kg tørrstoff så seint som 15. juni. For forsøksgarden på Kvithamar spådde modellen også rimeleg rett om storleiken på avlingane i førsteslåtten i år.

- Vi ser likevel at vi må utvikle modellen og andre rådgivingsverkty vidare,  Dette må skje i samarbeid med rådgivarar og grovfôrdyrkarar, og vi er glade for at vi har høve til å utvikle denne kontakten og modelltestinga i Agropro-prosjektet som Forskingsrådet har finansiert, avslutta Anne Kjersti  Bakken.

IMG_4021_cropped.jpg
Timoteiaks på veg oppover inne i skotet. Foto: Anita Land, NIBIO.
KONTAKTPERSON

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.