Hopp til hovedinnholdet

Krise for norske vårløkdyrkarar

erfl-20220831-110127_cropped

Soppsjukdomen løbladskimmel er svært skadeleg i vårløk ettersom bladverket er ein del av salsvara. For å unngå sjukdom i vårløk er det viktig å bruke reint, friskt plantemateriale. Foto: Erling Fløistad, NIBIO

Angrep av soppsjukdomen løkbladskimmel har i år ført til store økonomiske tap. Det er krisesituasjon særleg for dei norske vårløkprodusentane.

Løkbladskimmel forårsaka av eggsporesoppen Peronospora destructor, angrip blad på ulike løkartar og kan gje betydeleg skade, spesielt i vårløk. I år har det vore svært gunstige vêrforhold for denne soppsjukdommen, og sprøyting av soppmiddel har ikkje klart å stoppe sjukdomsutviklinga. Det har ført til store skadar med påfølgjande økonomiske tap for produsentane.

bladskimmeli vårløk BAT_2465.jpg
I år har det vore svært gunstige vêrforhold for soppsjukdommen løkbladskimmel, og sprøyting av soppmiddel har ikkje klart å stoppe den negative utviklinga. Det aldri har vore så omfattande angrep av løkbladskimmel i vårløk i Noreg tidlegare. Foto: Belachew Asalf Tadesse

Taper ein million i veka

Belachew Asalf Tadesse er forskar ved avdeling for soppsjukdom i skog, jord- og hagebruk ved NIBIO, med hovudansvar for plantesjukdomar i grønsaker. Han bekreftar at løkbladskimmel er svært skadeleg i vårløk ettersom bladverket er ein del av salsvara, og fortel at det aldri har vore så øydeleggjande angrep i Noreg tidlegare.

– Løkbladskimmel angrip mange løkartar, inkludert kepaløk, sjalottløk og vårløk. Men det er hovudsakeleg eit problem ved dyrking av vårløk. Først kjem det lyse flekkar på blada og under fuktige forhold utviklar desse seg til eit gråfiolett belegg av sporar og sporeberarar. Blada blir etter kvart gule og grøne før dei visnar og døyr, opplyser Tadesse. Han legg til at angrepet ofte startar flekkvis i åkeren og spreier seg vidare til plantene omkring.

– Denne soppsjukdomen skadar altså ikkje sjølve løken. I kepaløk er ikkje soppen noko stort problem dersom angrepet kjem seint. Tidlege angrep  gjer at løkane blir litt mindre og ein får redusert avling. Men for vårløkprodusentane betyr det at dei ikkje kan selje varene i butikk. Det betyr store økonomiske tap. Ein rådgjevar frå NLR fortalde meg at norske produsentar no tapar ein million kroner i veka, seier Tadesse.

 

Naudsituasjon

Ifølgje NIBIO-forskaren er vêrforhold viktig for utviklinga av angrep.

– Slik er det med alle plantesjukdomar. Smittekjelder må vere til stades, plantene må vere mottakelege og vêret må vere gunstig for infeksjon, sporulering og sjukdomsutvikling. Dersom alle desse faktorane er til stades, kan det relativt fort gå gale.

Sjukdomsorganismen spreier seg lett i luft. Sporane kan bli transportert fleire kilometer med vind og infisere løkåkrar i nærleiken. Sporar kan også bli spreidd frå jord med vass-sprut når det regner.

Tadesse påpeiker at plantene i år vart stressa av tørken i starten på sesongen. Mykje regn og fukt følgde etterpå, og resultatet er at vi no ser totalskade hos produsentane som har fått angrep. Etter løkbladskimmelangrep blir blada også meir  mottakelege for andre sjukdomar, mellom anna soppen Stemphylium vesicarium, som er eit aukande problem i løkproduksjon.

– Det er heilt krise fordi dei har prøvd alle tre plantevernmidla som kan brukast, men dei har framleis problem, seier han.

No har NLR og produsentane varsla naudsituasjon og sendt søknad til Mattilsynet om å få lov å bruke eit preparat mot tørrote i potet.

– Dette er ikkje eit godkjent middel for løk i Noreg, men ein har sett at det aktive stoffet i preparatet har gitt resultat mot løkbladskimmel i utlandet, fortel Tadesse.

 

Smitte kjem ofte frå setjeløk

Ifølgje forskaren kjem smitten som regel frå setjeløk. Soppen kan også overleve i løkavfall og i jorda.For å unngå sjukdom er det viktig å bruke reint, friskt plantemateriale.

– Dersom det er mistanke om smitte i setjeløk, må den varmebehandlast eller beisast med midlar som har verknad mot eggsporesoppar. Ein kan også velje resistente sortar, og førebyggjande sprøyting bør gjennomførast dersom det er påvist smitte, forklarar han.

I tillegg må ein vere nøye med å uskadeleggjere smitta løkavfall og dekke til avfallshaugar.

 

Viktig å sjå dei første symptoma

– Dersom du har hatt løkbladskimmel i åkeren, må du planleggje kva du skal dyrke dei neste åra. Du må ha eit vekstskifte med planter som ikkje er mottakelege for sjukdomen. Ein må også tenke god agronomi; sjukdomen likar tett planting, så pass på å ha luftige bestandar, seier Tadesse.

Han påpeikar også at det er viktig å overvake åkeren, slik at ein kan observere dei første symptoma og sprøyte med middel som kan ha effekt på soppen.

– VIPS har ein varslingsmodell som kan identifisere høgrisikoperiodar for infeksjon og sporeproduksjon. Den kan hjelpe til å angi optimale sprøytetidspunkt, og dermed kan ein unngå unaudsynte behandlingar.

– Det er også lurt å fjerne dei plantene som er smittekjelde før sjukdommen får spreidd seg, rådar Tadesse.

Han seier det er usikkert kvifor soppmidla ikkje har fungert i år.

– Det er mykje sjukdom i åkeren no. Kanskje er det eit problem med resistens. For å unngå vidare resistensutvikling og kryssresistens er det vesentleg å veksle mellom behandlingsmiddel. For å nedkjempe slike sjukdomar er det også heilt avgjerande å forstå biologien, epidemiologien, strategiar for nedkjemping og kva som trengst av tiltak, avsluttar NIBIO-forskaren.

 

2-12-15.jpg

 

BAT_7700-1.jpg
Belachew Asalf Tadesse er forskar ved avdeling for soppsjukdom på grønsaker ved NIBIO. Foto: Matheus Morais

 

VIPS – Beslutningsstøtte for integrert plantevern
IMG_20230818_133114_cropped.jpg
Dersom du har hatt løkbladskimmel i åkeren må du planleggje kva du skal dyrke dei neste åra. Du må ha eit vekstskifte med planter som ikkje er mottakelege for sjukdomen. Ein må også tenke god agronomi; sjukdomen likar tett planting, så pass på å ha god luft. Foto: Lars-Arne Høgetveit, NLR

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.