Hopp til hovedinnholdet

Kinesiske forskarar vil utvikle algenæringa i Noreg

Algelab-kolber.jpg

Foto: Anders Røeggen/BarentsWatch.

Langs den norske kysten er det gode moglegheiter for algeproduksjon. No kan eit kinesisk-norsk forskingssamarbeid få fart på den norske produksjonen av makroalgar.

I Kina er algeproduksjon gamalt nytt. Noreg er førebels i startfasen med tanke på å utnytte denne ressursen effektivt. 

Algar kan mellom anna brukast i dyre- og fiskefôr, mat, til bioenergiproduksjon, helsekost, legemiddel og i kosmetikk. Algeproduksjon kan bidra til å redusere dei negative sidene ved lakseoppdrett. Når algar vert dyrka i nærleiken av oppdrettsanlegg, bidreg dei til å reinse avfallet frå anlegget. 

- Kina er verdas største produsent av algar og satsar tungt på forsking og innovasjon. Det er mykje vi kan lære av kvarandre. Erfaringane frå Kina kan hjelpe Noreg å få fart på produksjonen mykje fortare, seier Kina-koordinator i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Jihong Liu Clarke.

I dag er makroalgeproduksjonen i Noreg veldig manuell og krevjande, men dette gjeld òg Kina. Dei brukar mykje arbeidskraft og ynskjer difor teknologiutvikling velkommen.

- Dette vil bli eit reelt bilateralt samarbeid. Kinesarane kan lære oss om biologi, avl og dyrkingspotensiale, medan dei kan lære teknologi frå oss, seier prosjektkoordinator i NIBIO, Margarita Novoa-Garrido.

Det er stor etterspurnad i verdsmarknaden etter alginat og andre algeprodukt.

- Kina klarer ikkje å dekke verdsmarknaden. Vestlege land kan bidra, men då må vi lære meir om dyrking. Produksjonen må vere basert på dyrking om han skal vere berekraftig, seier Novoa-Garrido.

rvp2013-8202019_Makroalge.jpg

Kinesisk dyrkingssystem og sortsutvikling

- Både Noreg og Kina har sine spesielle fortrinn for makroalgeproduksjon, og vi trur det er potensial for eit veldig godt forskingssamarbeid mellom dei to landa. Det seier professor Feijiu Wang, Hui Liu og dr. Wenjun Wang frå Yellow Sea Fisheries Research Institute (YSFRI) i ei felles fråsegn.

- I Kina har vi lang erfaring med produksjon og utvikling av makroalgar. Noreg har rikeleg med algeressursar langs kysten, og eit godt miljø og gode tilhøve for dyrking og produksjon. Men, Noreg har enno ikkje lukkast med å utnytte potensialet og kommersialisere dyrkinga, seier dei tre forskarane.

Dei har fleire tankar om korleis dei kan hjelpe til med å utvikle makroalge-sektoren i Noreg. Kina har erfaring med bruk av eit flote-system der algane veks i ulike tausystem ned mot botnen. YSFRI har kompetanse på oppsett av slike flotar, og korleis ein kan lukkast med å dyrke algar i dei.


Ynskjer å lære av norsk lakseoppdrett

Samstundes har kinesarane eigeninteresse i å samarbeide med Noreg.

- Noreg har eit godt utvikla og automatisert akvakultursystem for laks. Kina håper å kunne overføre noko av denne kunnskapen til å vidareutvikle vår eigen makroalge-industri, seier Feijiu Wang, Hui Liu og dr. Wenjun Wang.

Novoa-Garrido hadde nyleg besøk av YSFRI under eit seminar i Bodø, der målet var å bli einige om eit felles institusjonelt samarbeid.

- Dei er imponerte over norsk fiskeoppdrett, og dei ser at teknologien kan overførast. Det er eigentleg det vi allereie gjer. Når vi forskar på makroalgar, så brukar vi prinsippa frå oppdrettsnæringa når vi dyrkar, haustar og prosesserer algar, seier Novoa-Garrido.

YSFRI har og kunnskap om kryssing, utvikling og avl av makroalgar. No vil dei studere dei norske algesortane, og korleis dei er tilpassa det nordiske klimaet. 

- Vi ynskjer å forske på de norske algesortane og genmaterialet for å sjå om vi kan lære noko som kan brukast til å forbetre sortar vi har i Kina, seier dei tre forskarane.

Tareforskere_ved_lakseannlegg.jpg
Fuli Liu fra Yellow Sea Fisheries Research Institute og Christian Bruckner frå NIBIO ser på norske taresorter ved lakseanlegget på Gildeskål forskingsstasjon. Foto: Margarita Novoa-Garrido.

Vegen til storskalaproduksjon

Dei meiner Noreg må gjera følgjande for å lukkast med storskala produksjon av makroalgar:

  • Setje eit mål for kva ein vil oppnå med algeproduksjon i Noreg, og nytte dei algesortane som er best tilpassa storskalaproduksjon
  • Designe eit oppdrettsystem som er tilpassa storskala kommersiell produksjon
  • Utvikle ein automatisert modell for kommersiell algedyrking, med sikte på å redusere dei høge produksjonskostnadane

Både YSFRI og NIBIO er opptatt av at ein må utvikle ein prosessteknologi som i større grad kan utnytte heile biomassen og ekstrahere produkt med høg verdi, til for eksempel legemiddelindustrien.

Novoa-Garrido seier at det er naudsynt å jobbe mykje med teknologiutvikling gjennom heile næringskjeda, nett for å automatisere og få ned produksjonskostnadane.

- Det er særleg viktig å ha fokus på konservering og raffinering. Vi må tenkje logistikk på regionalt nivå. Algar inneheld 70 – 90 prosent vatn, og vert forderva veldig fort. Dei må difor konserverast nært den staden dei vert hausta. Nordland fylkeskommune er veldig frampå og vil sjå på dette.

Algelab.jpg
Laboratoriet som NIBIO har bygget ved medfinansiering frå Nordland fylkeskommune gjer det mogleg å gjennomføre spanande grunn- og anvendt forsking. Foto: Anders Røeggen, BarentsWatch.

Norsk algemarknad i vekst

Den norske marknaden for makroalgar er i vekst. Selskapet Seaweed Energy Solutions er blant dei som allereie er i gang med å dyrke tare på Frøya utanfor Trondheim.

- Vi kan sjå at etterspurnaden etter tare har økt dei siste to‒tre åra. Då vi starta for fem år sidan, var det lite snakk om det. Men no har det kome omkring 20 konsesjonar for småskaladyrking langs den norske kysten. Det seier dagleg leiar Jon Funderud i Seaweed Energy Solutions til sysla.no.

Novoa-Garrido trur på ei viss inntening frå storskala produksjon av makroalgar i Noreg i løpet av dei neste ti åra.

- Fem til ti år er eit optimistisk anslag. Om ein skal lukkast, må ein jobbe målretta med teknologiutvikling.

Det kinesisk-norske makroalgesamarbeidet

Det vil bli inngått ein institusjonell samarbeidsavtale mellom NIBIO, Yellow Sea Fisheries Institute og Zhejiang Marin Culture Research Institute. I løpet av hausten skal det identifiserast konkrete samarbeidsområde der institusjonane skal ta sikte på å utvikle forskingsprosjekt ved hjelp av norske, europeiske og kinesiske offentlige midlar. NIBIO vil samarbeide med relevante norske næringsaktørar og forskingsinstitutt etter behov. Dette er det fyste store institusjonelle samarbeidet om makroalgar mellom kinesiske og norske forskarar.

NIBIOs Kina-samarbeid på tang og tare er ein del av SINOGREEN prosjektet som vert finansiert av Noregs forskingsråd og leidd av Jihong Liu Clarke. Seminaret «Sino-Norwegian seminar on seaweed» som nylig blei arrangert i Bodø, er ein av aktivitetane i SINOGREEN prosjektet.  

Nordlandsfylkeskommune (NFK) og NIBIO har felles kinesiske samarbeidspartnare i Zhejiang provisen, som gjer at  NFK og NIBIO kan samarbeide om eit langsiktig Kina-samarbeid på tang og tare.

 

Algesamarbeid Noreg_Kina_cropped.jpg
Deltakarar på «Sino-Norwegian seminar on seaweed» i Bodø. Foto: Anette Tjomsland, NIBIO

 

Om algar

Algane utgjer størstedelen av biomassen på jorda, og dei vert nytta kommersielt til ein rekkje produkt. 90 prosent av alle algar som inngår i industriell produksjon stammer frå algedyrking, og det er Asia som er ledande i verdsmarknaden.

Algar (latin: algae; tang, tare, "sjøgras", "grønske") er fellesnamn for ei mengde vassplanter, frå mikroskopiske eincella artar (mikroalgar), til tang og tarearter med mange meters omfang (makroalgar). Dei aller fleste algane lever i saltvatn, mange i ferskvatn, og nokre få på land. Enkelte algar (cyanobakteriar, grønnalgar) lever i symbiose med sopp og dannar lav.

Algar kan delast i to grupper. Mikroalgar er eincella, eller dei dannar enkle koloniar som svever fritt i vatnet, medan makroalgar er fleircella og er festa til botnen. Makroalgane er difor godt synlige, medan dei største mikroalgane bare så vidt kan skimtast med auget. Store mengder mikroalgar gir derimot misfarging av vatnet.  

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.