Hopp til hovedinnholdet

Har dyrka Noregs første avokado

delt avokado cropped

Den norskdyrka avokadoen hadde både god konsistens og god smak. Foto:NIBIO

Avokadoen er vanlegvis forbunde med eit varmt, subtropisk klima. No har forskarar ved NIBIO Særheim klart å dyrke avokado også her i landet.

Dei største produsentane av avokado i dag er Mexico, Sør-Afrika, Peru og Chile. Desse landa har gunstige klima- og jordforhold som gjer det mogleg å dyrka avokado i stor skala.

Nordmenn et i snitt 2,6 kg avokado i året. Fram til no har alle vore importerte, mellom anna fordi det er for kaldt i Noreg for å dyrke avokado. No har ein ung forskar frå NIBIO Særheim teke eit viktig steg mot å endre på dette. Ho har, så vidt me veit, dyrka Noregs første avokado.

Media_cropped.jpg
Carolina Palma var overraska over at forsøket med avokadotre faktisk bar frukt. Foto: NIBIO

 

Ei smakfull overrasking

Carolina Falcato Fialho Palma har ein pasjon for eksotisk frukt. I jobben som forskar i NIBIO har ho fått høve til å eksperimentere med dyrking i veksthus.

– Me prøvde oss på avokadotre som eit pilotprosjekt, for å få innsikt i korleis ein kan dyrke avokado i norske veksthus. Først måtte me handtere tre som gjerne blir seks meter høge, inne i eit tre meter høgt veksthus. Deretter måtte me få trea til å bløme, og blomane til å bli pollinert og setje frukt. Me hadde eigentleg ikkje venta å kunne hauste noko.

Gleda var derfor stor då Palma kunne plukke dei to første norske avokadoane. Etter plukking måtte fruktene kvile i ei veke for å modne ferdig. Så kom dommens time – det var tid for å skjære avokadoen i to. Korleis såg dei ut inni? Og smakte dei godt?

– Avokadoane hadde veldig god kvalitet! fortel Palma begeistra.

– Me var 26 tilsette som delte dei to avokadoane mellom oss, og dei scora høgt både på smak og konsistens.

IMG_1246.JPG
Carolina Palma ved NIBIO Særheim har dyrka Noregs første avokado i veksthus. Foto: Silje Kvist Simonsen

 

Innovativ veksthusteknologi og restvarme

No ser Palma framover. Ho vil finna ut korleis ein kan lykkast med avokadoproduksjon i Noreg.

– I prinsippet kan me dyrke kva som helst i norske veksthus. Utfordringa er å gjere produksjonen økonomisk lønsam.

Ho tek derfor prosjektet vidare inn i dei mest moderne veksthusa hos NIBIO Særheim på Jæren. Der kan ho kontrollere alle faktorar som påverkar produksjonen.

– Me skal til å undersøke kor mykje energi som går med til oppvarming, kor mykje lys plantene treng, kor mykje manuelt arbeid som går med. Dette er viktige faktorar for å vurdere om produksjonen kan bli lønsam.

Eit viktig innsatsmiddel for avokadoproduksjon er varme. På Særheim blir varmt vatn leidd gjennom røyr for å varme opp veksthusa. Vatnet blir varma med elektrisitet, men Palma rettar blikket mot andre oppvarmingsmetoder.

– I Noreg har me mykje industri og datasenter som generer restvarme. Me vil undersøke korleis me kan bruke denne varmen for å dyrke varmeelskande planter, og for å utvide vekstsesongen.

Palma ser lyst på framtida for norsk frukt- og grøntproduksjon, og har allereie starta med dyrking av pasjonsfrukt i veksthus.

– Etter å ha klart å dyrke avokado, trur eg pasjonsfrukt blir mykje lettare, smiler ho.

Fakta om avokado

Avokado er frukta frå avokadotreet, Persea americana. Dette er eit opptil 20 meter høgt tre i laurbærfamilien som opphavleg høyrer heime i Mellom-Amerika.

Treet har vore dyrka i fleire tusen år, men avokado vart ei viktig global handelsvare først på 1990-talet. Avokado blir no dyrka i dei fleste subtropiske strøk.

Kilde: www.snl.no/avokado

avokado_cropped.jpg
Nordmenn et i snitt 2,6 kg avokado i året. No har 26 tilsette i NIBIO Særheim fått smake på to norske avokadoar. Foto: NIBIO
Media (1)_cropped.jpg
– Avokadoane hadde veldig god kvalitet! fortel Palma begeistra. Foto: NIBIO

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.