Hopp til hovedinnholdet

Gardsdammar fyller fleire funksjonar

DSCF7416_cropped

Gardsdammen på Støkken Østre har truleg vore vasskjelde sidan 1300-talet. I dag er han viktig for biologisk mangfald – og som smykke på tunet. Foto: Kjersti Kildahl.

Dammar på garden er oasar for biologisk mangfald i jordbrukslandskapet. Gardbrukar Hanne K. Støkken i Ås set stor pris på smykket ho har på tunet.

Frå gamalt av var gardsdammen eit viktig vassreservoar for menneske og dyr, til drikke, vatning, vask og matlaging. Eller brannslukking. Dei vart ofte plassert nær tunet. I våre dagar blir dammar i jordbrukslandskapet også etablert for å dekke andre behov,  som å hindre erosjon og redusere avrenning. Dammane kan ligge nær ein veg, eller langt nede på jordet.

Felles for eldre og nyare dammar er at dei samlar vatn. Dei har og til felles at dei fyller ulike funksjonar – ofte samtidig, men ikkje alltid.

mg202004_DSC_4398.jpg
NIBIO-forskar Christian Pedersen ved gardsdammen på Støkken Østre, seint i april i år. Han fann både stor- og småsalamander, i tillegg til vannkalv og nymfer av fleire artar augnestikkarar og vårfluge. Foto: Morten Günther.

Ulike dammar for ulike mål

Biolog og NIBIO-forskar Christian Pedersen har eit sterkt engasjement for gardsdammar. Han kallar dei kinderegg i jordbrukslandskapet:

- Det gjer eg fordi dammane kan ha så mange eigenskapar. Med ny kunnskap om økologi, jordsmonn og landskap, har dammar vist seg nyttige til diverse andre føremål enn å vere vassreservoar.

- Dei reinsar luft og vatn, kan binde karbon og verne mot flaum, ras og erosjon, avhengig av tilrettelegging og plassering. Med rett planlegging kan dammane fylle fleire oppgåver på ein gong. Og ikkje minst, gardsdammane kan bli viktige leveområde for eit mangfald av ulike dyr og planter.

DSCF7353.jpg
Gardbrukar Hanne K. Støkken og hunden Angus. Når dei to tar kveldsturen, møter dei på denne årstida ofte salamander på veg til dammen for å pare seg og legge egg. Foto: Kjersti Kildahl.

Meir enn estetikk

På garden Støkken Østre i Ås kommune finn vi ein typisk gardsdam som har vore del av tunet frå gamalt av.

- For oss høyrer dammen naturleg til her. Sjølv om han ikkje lenger er av direkte nytte, er han viktig for opplevinga av garden, seier Hanne K. Støkken som eig og driv i dag.

- Dessutan har dammen ‘alltid’ vore ein del av tunet. Vi er ikkje sikre på kor lenge, men truleg sidan 1800-talet.

Ho minnest bading og leik i dammen som jente. Og at foreldra sette ut aure i ein periode, utan at det vart noko varig fiskeoppdrett.

- Lenge var dammen viktig for drikke til dyra og i dagleg hushald. På 1950-talet bora dei etter vatn. Da mista dammen sin funksjon som vasskjelde for garden, seier ho.

- Likevel har det aldri vore snakk om å fylle han igjen. I seinare tid har vi og fått miljøtilskot for å ta vare på dammen.   

mg202004_DSC_4128.jpg
Gardsdammen på Støkken Østre i Ås kommune. Foto: Morten Günther.

Livgivande kjelde

Støkken seier kjelda til dammen må vere ei solid vassåre.  Far hennar fortel at busettinga på Støkken Østre går tilbake til midten av 1300-talet. Truleg har oppkoma som gir vatn til dammen vore vasskjelde like lenge.

- Sjølv under tørkesommaren 2018 var dammen langt frå tom. Riktignok var overflata ein halv meter lågare enn i dag, men oppkoma heldt fram med å levere vatn.

Slik er dammen blitt leveområde og matfat for eit mangfald av dyreartar – fugl, amfibium og insekt, små og store. I tillegg kjem alle plantene i vegetasjonen langs damkanten.

- Det er spennande med alt livet som dammen fører med seg. Ikkje berre alt smått liv som bur der, men og dei som kjem til dammen for å ete eller forplanta seg, reflekterer ho.

Låvesvalar, linerler og eit fastbuande andepar driv alle matauk ved dammen. Froskar, padder og augnestikkarar legg egga sine der.

Når Hanne K. Støkken luftar hunden om kvelden, møter ho ofte salamandrar på veg over plenen – i retning dammen – for å pare seg og legge egg. Ho er glad for å ha både storsalamander og småsalamander på garden sin, og synest det er stas at også forskarar har fatta interesse for dammen hennar.

14-15.jpg
CP_20110616-155112.jpg
Gardsdam ved Horne gard i Stange kommune. I Innlandet er det etablert fleire nye våtmarksområde i form av gårdsdammar. Det er og laga rettleiarar som beskriv etablering og skjøtsel av desse. Foto: Christian Pedersen.
ag201609_DSC_7800-Spissnutefrosk.jpg
Spissnutefrosk (Rana arvalis). Foto: Andreas Günther.
CP_20140413-152620_cropped.jpg
Horndykkar (Podiceps auritus). Foto: Christian Pedersen.
mg200709_DSC_4872.jpg
Blågrøn mosaikklibelle (Aeshnia cyanea). Foto: Morten Günther.
mg202004_DSC_4199_cropped.jpg
Storsalamander (Triturus cristatus). Foto: Morten Günther.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.