Hopp til hovedinnholdet

Betre utnytting av næringsstoff frå avløpsvatn

P1010344.jpg

Stipendiat Emilio Alvarenga har i doktorgraden ved NIBIO og NMBU sett nærare på betre og meir kostnadseffektive metodar for å fjerne miljøgifter i avløpsvatn og resirkulere næringsstoff som elles vil gå tapt. Foto: Siri Elise Dybdal.

Ei ny doktoravhandling frå NIBIO og NMBU ser på kostnadseffektive metodar for å fjerne miljøgifter i avløpsvatn og frå sigevatn frå deponi. Avhandlinga ser og på resirkulering av næringsstoff som elles vil gå til spille, men som kan nyttast mellom anna til bruk i biogass.

Etter at vi har brukt vatnet til drikke, matlaging, husvask og kloakk får vi avløpsvatn som må fraktast vekk. Vi får også avløpsvatn frå industri, landbruk og næringsverksemd. Dette vatnet inneheld gjerne næringsstoff som fosfor og nitrogen, men kan også innehalde miljøgifter som kan vere skadelege for oss og naturen. 

For å reingjere avløpsvatn har vi eigne reinseanlegg som reinsar vatnet slik at ein skal unngå miljøforureining og helsemessige problem. I dag vert det produsert biogass frå avløpsslam, men det er naudsynt å gjere denne prosessen mykje meir effektiv. 

Å separere stoff frå avløpsvatnet for gjenbruk av næringsstoff eller for å fjerne miljøskaedelige materiale er nemleg ein komplisert og vanskeleg prosess. Det finst ikkje i dag ein fullgod måte å hente ut næringsstoff på. 

Samstundes er fosfor ein truga ressurs. Verdas fosforreservar vil ifølgje prognosar forsvinne innan 30-50 år. Dette vil vere svært utfordrande for den globale matproduksjonen, ettersom fosfor er kritisk for jordbruket. Det er difor særs viktig å finne metodar som gjer at vi kan resirkulere alle dei fosforressursane vi har.

 

Egna materiale

I doktorgraden “Anvendelse av naturlige porøse materialer og kalk med kondisjonering og sorpsjonegenskaper for avløpsrensing” ved Institutt for Miljøvitenskap (IMV) ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitetet (NMBU) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), har Emilio Alvarenga sett nærare på betre og meir kostnadseffektive metodar for å fjerne miljøgifter i avløpsvatn og resirkulere næringsstoff som elles vil gå tapt. 

- Hovudmålet var å finne fram til materiale som er eigna for etterbehandling av avløpsvatn, og som både er billege og finst naturleg i store mengder. Desse materiala må kunne separere stoff frå utsleppsvatn og slam i den flytande fasen for å fjerne giftige tungmetall og næringsstoff til gjenbruk, forklarer Alvarenga. 

Doktorgradsstudenten har nytta naturlege porøse materiale inkludert kalk og leirbergarten bentonitt i dette arbeidet.

 

Gode resultat med kalk

Ifølgje Alvarenga er eit av dei viktigaste resultata frå arbeidet at fosfor kan bli fjerna frå avfall ved hjelp av kalk, og at denne kalken med auka innhald av plantetilgjengeleg fosfor, kan bli brukt som biogjødsel. 

- Ved tilsetjing av kalk både i vatn og slam, vil også andre næringsstoff bli frigitt. Dette kan bli nytta som plantenæring, seier han. 

Arbeidet til Alvarenga viser også at det bentonittbaserte porøse materiale er svært anvendeleg, både for avvatning av slam og for fjerning av tungmetall, til dømes frå biogassprosessar. Det var også gode resultat for fjerning av metall som uran og av kalium frå sigevatn frå alunskiferdeponi. 

- Uran er eit radioaktivt grunnstoff og regulert i samhøve med Forureiningslova. Difor bør det fjernast frå sigevatn frå deponi, påpeikar han. 

Resultata i avhandlinga gir no grunnlag til å utvikle eit effektivt separasjonssystem for etterbehandling av flytande restprodukt frå biogassanlegg og for avrenning av sigevatn frå deponi. 

- Gjennom å ta ut næringsstoff som fosfor og kalium frå avløpsvatn og fjerne skadelege metall som uran frå sigevatn frå deponi, kan vi hindre utslepp og negative effektar av både næringsstoff og miljøgifter i nærliggjande elvar og innsjøar og mellom anna utnytte desse fosforressursane på ein god måte, seier Alvarenga.

 

KONTAKTPERSON

Disputas

Emilio Alvarenga disputerer med doktorgraden “Anvendelse av naturlige porøse materialer og kalk med kondisjonering og sorpsjonegenskaper for avløpsrensing” ved Institutt for Miljøvitenskap (IMV), Noregs miljø- og biovitskaplege universitetet (NMBU) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), den 18 november kl. 12:15 i Festsalen U215,  Urbygget, NMBU, Ås.

Hovedveileder har vore Prof. Brit Salbu (NMBU).

Les mer hos NMBU

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.